Gå til innhold

Dexter - Sesong 4 - Generell diskusjon


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Såg dei 4 siste episodane av sesong 4 i går kveld, og Ritas død er noko av det som har gått mest inn på meg når det kjem til TV og film på lenge :( . Sjølv om Rita til tider har vore irriterande naiv og dullete, har ho jo vore ein sentral person i serien, og særs viktig for Dexter. Nei, dette var rett og slett triste greier, men likevel ein minneverdig avslutning på ein fantastisk sesong av verdas beste TV-serie.

 

Eg må også stille meg bak dei som hevda at dei 4 siste episodane er noko av det beste som nokonsinne er laga i TV-relasjon. Trudde ikkje det var mogleg å framkalle så mange forskjellige sinnstemningar hjå ein sjåar som desse manusforfattarane og skodespelarane har gjort. Eg lo så eg grein, hadde hjartet i halsen og følte sorg- alt i same episode! Rett og slett applausverdig!

 

Også masse kred til John Lithgow for si rolle som Arthur Mitchell. Han passa rett og slett perfekt i rolla som loving husband/ serial killer- akkurat som Dexter! Men eg visste at han hadde det i seg, og det veit alle som har sett Ricochet med Denzel Washington i hovudrolla (1991). Mange personar forbinder jo Lithgow med heilt andre ting, som t.d. 3rd Rock From The Sun.

 

Så no får me håpe at Michael C. Hall vert frisk, og er klar for sesong 5 i framtida. Denne serien kan rett og slett ikkje ende slik, sjølv om det ikkje hadde vore heilt urimeleg at den gjorde det. På ein måte kan ein seie at ringen vart slutta, samstundes som mange nye dører opna seg.

Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...