indigestion Skrevet 12. desember 2008 Del Skrevet 12. desember 2008 Gjekk i frå pcen min i formiddag ei lita stund. Då eg kom tilbake var skjermane svarte (kjører 2 stk). Trudde det var skjermsparar, men får ikkje vekka dei opp att ved å trykka på tastatur/mus. Skjer heller ikkje noko ved å trykka skjermane av og på. PCen har ikkje noko reset-knapp, så då blir det å slå den av - dvs holde inne på knappen til den sovnar. Når eg nå startar den opp att er skjermane framleis svarte, men Windows startar tilsynelatande normalt då ein høyrer Windowslyden i bakgrunnen. Dermed klarer eg og å slå av PCen igjen på normalt vis ved å trykke windowstasten, tre trykk med piltast til høgre og Enter.... Har prøvd å bytta kablar, bytta om portar og også prøvd den 3 skjermutgangen som er onboard på hovudkortet utan resultat. Har testa at skjermane fungerer på den bærbare, så det er ikkje dei som er problemet. Har skjermkortet dauda? Hovudkort: ASUS P5VME DO Skjermkort: ASUS VGA-Card nVidia 9600GT 512MB Minne: 8 GB APACER $PC-800 DDR2 PC6400 (2GBx4) CPU: Core 2 Quad Q6600 2.4GHz Lenke til kommentar
Malvado Skrevet 13. desember 2008 Del Skrevet 13. desember 2008 Godt spørsmål. Det er faktisk mulig at skjermkortet har halveis tatt kvelden, dvs det fungerer såpass at windows tror at det er oppe og går, men det greier ikke å tegne noe av den informasjonen til pc skjermene dine. Det eneste du egentlig kan gjøre er å stappe kortet i en annen pc og se om det samme skjer der. Lenke til kommentar
indigestion Skrevet 13. desember 2008 Forfatter Del Skrevet 13. desember 2008 Har ikkje så veldig lyst til å opna pcen og rota så mykje inni pga garanti/reklamasjon. Kjøpte den i byrjinga av november frå ps.no. Hadde problem med den frå starten av med cpu-vifta som gjekk på full speed, cpu som vart for varm, samt at den også då låste seg m.m. Sendte den i retur og dei skifta straumforsyning og sette inn ei kabinettvifte. Fekk den att på måndag (8.12). Frå mandag og til den låste seg i går har den hengt seg med jamne mellomrom, men fyrst i går at eg ikkje kjem nokon veg med den. Snakka med kundeservice hos ps.no og dei bad meg reinstallere windows og "så snakkes vi over helgen"... Veldig lett når skjermen er svart... Så det blir nok retur til PSdata. Dette er jo ein Tundra PC skrudd saman og montert av dei. I følge deira heimesider så seier dei dette om retur: "Dersom en PC er kjøpt i deler og montert selv, må kundens selv finne ut hvilken komponent som ikke fungerer og sende inn denne. Dette gjelder ikke for kunder som har kjøpt ferdig montert Tundra PC. Da følger montering, konfigurering og testing med i prisen og vi tar ansvaret for å finne feilen i systemet dersom noe går galt." Synst då det er litt rart at dei ber meg reinstallere windows med svart skjerm... Men vil nå helst bare kvitte meg med heile maskina. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå