Gå til innhold

CPU-vifte styrer seg sjølv! Farleg å setje på Cha_fan?


aspic

Anbefalte innlegg

Hei! Eg har eit flunkande nytt P5Q-EM hovudkort, med E8400 prosessor, og ein Thermaltake Goldenorb kjølar. Då eg starta opp første gongen bråka kjølaren ein del, og etter installering av OS og div veit eg kvifor. CPU-vifta køyrer nemleg på unødvendige 1800rpm konstant. Jaha, så stilte eg inn Q-fan i bios, men dette hjalp ingenting. Etter litt googling fann eg ut at Q-fan berre fungerar om ein har ei cpu-vifte med 4-pinskontakt, og ikkje 3-pin som den eg har. Eg ser at stock-kjølaren min har 4-pin, men eg vil jo ikkje slengje den på i og med at den mest sannsynleg vil bråke like mykje (stock = sug, right?). Jaffal, etter litt prøving i speedfan kom eg ikkje lenger, og vifta køyrte framleis på 100%.

 

MEN! Når eg koplar cpu-vifta til Cha_fan1 kontakten påhovudkortet, jo DÅ kan eg styre vifta vha. speedfan. Joda, riktignok går bios bananas og beskylder meg for å ikkje ha cpu-vifte og whatnot, men den blir jo likevel kjølt? Under oppstart før speedfan har starta går vifta sine gode 100%, men når speedfan har gjort sitt sit vifta på behagelige 30%, dvs. rundt 600rpm. Temps? Speedfan rapporterer 30C og 36C på dei to kjernene, medan Real temp (som tilsvarar Intel TAT?) rapporterar herlige 25 og 31. Det er vel ikkje noko fare på ferde då? Under load stig temperaturane til rundt 45C, og Speedfan aukar til rundt 1200rpm som framleis er tilsvara lydlaust i forhold til opphavelege 1800rpm.

 

Dette blei kanskje ein litt unødvendig post, så eg tar ein kjapp oppsummering:

Er det "farleg", "ikkje anbefalt", rett og slett idiotisk å kople opp prosessorvifta til Cha_fan, istadanfor Cpu_fan? Gjer Cpu_fan noko spesielt i forhold til resten av viftekontrollane?

 

Mvh. Aspic :)

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...