Gå til innhold

FIFA09-diskusjon FC


lilleru

Anbefalte innlegg

Eg kan sikkert prøva å ta ansvaret for referat igjen eg, men eg hadde likt å sett at nokon andre skreiv når eg ikkje var med :)

 

Difor tek eg ei underundermanager avgjersla på at monzilla skal skriva når eg ikkje er med ! Du er vel ein av dei mest aktive, og er som oftast alltid med ! ;)

Endret av avRack
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Man Utd 0 - 2 Barcelona

Jamn kamp i starten men Barca får eit tidleg mål ved Eto. Me klarar ikkje å klarere og Eto kjem seg fri på hjørna av 16-meteren, skjærer innover og set ballen i keeperhjørna. Nesten som eg lure litt på keeper gjere på der...

Ikkje lenge etter scorar dei igjen etter mykje klabb og babb i feltet, litt ufortent vil eg sei. Neste omgang har me mykje meir av spelet og skapar fleire sjansar og er uheldige som ikkje klarar å omsetja dei i mål ! Det skal me retta på til neste kamp.

BB: Wayne Rooney (any)

 

Man Utd 0 - 4 Everton

Neste kamp starta me betre og har ein stor målsjanse berre etter 05 min etter eit fantastisk klikk klakk spel frå vår side. Etterpå blir me berre overkøyrt og dei har fleire store sjansar bla. i tverliggeren før dei puttar 2 raske ! Me blir berre meir og meir overkøyrt og dei har igjen fleire skot i stolpar og tverrliggar og det som er før dei puttar igjen. 0-3 til pause er ingenting å skryta av. Andre omgang startar ikkje akkurat betre og dei puttar igjen allereie etter 4 min. Resten av kampen bølgar mykje fram og tilbake og me er meir med i kampen. Har eit par sjansar som me kanskje bør omsetja i mål, men me har rett og slett ikkje marginane på vår side i kveld slik me hadde i går. Neste kamp skal me dra i land som ein lett seier !

Endret av avRack
Lenke til kommentar

Kjedelig med kampene igår kveld. Vi hadde alt av marginer mot oss.

Skudd som vanligvis sitter, gikk utenfor. Og vi klarte ikke og opprettholde det solide forsvars spillet som vi har hatt de siste dagene.

 

Når det er sagt. Er det noen som er klare for kamper ikveld?

Lenke til kommentar

Man Utd 2 - 0 Brasil

Bra seier av oss. 2 fine mål, begge av avrack men så godt som ferdig scora takket være fine assist av emonz x 2 ! Kjempar bra, trydis gjer ein kjempejobb som SDM med Carrick og vert kåra til banens beste. Ikkje ufortent. Sahil og emonz var begge any og det funka også bra i denne kampen. Alt i alt ein god kamp av oss.

 

Man Utd 1 - 1 Man Utd

Jamn kamp, eit par store sjansar til begge lag. Feberredning av Sar held oss inne i kampen og det er 0-0 til pause. Andreomgang har me bra kontroll og sahil puttar eit herlig mål på tampen av kampen etter eit par kjappe pasningar innad i laget. På overtid scorar dei eit svært ufortent mål og kampen endar 1-1. Igjen blir trydis banens beste, han er jo rett og slett overalt og gjer jo alt også ! Takler, klarer, passer, skyter, ja, alt !

 

Man Utd 1 - 2 Man Utd

Igjen ein jamn kamp, men me har mesteparten av spelet og fleire sjansar til å putta. Dei har vel berre 2 småsjansar der dei kjem til innlegg, mne på slutten av 1.omgang får dei krangla i eit mål og det står 0-1 til pause. Andre omgang startar ikkje betre for vår del og dei puttar ganske tidleg, ufortent. Me kjempar iherdigt og har eit par sjansar til å redusera, men slit med uttellinga. Reduseringa kjem ikkje før det er for seint, og me må av banen med eit surt tap.

 

Man Utd 0 - 0 Arsenal

Kampen startar med tidleg utvisning av Arsenals Theo Walcott og me bør virkeleg styra denne kampen. Det slit me litt med i fyrste omgang, og dei har fleire sjansar enn oss men heldigvis ingen uttelling. Andreomgang er ganske jamn, ingen laga har særlig sjansar før heilt på tampen då begge lag har 2 store sjansar. Fyrst ved Arsenal der 2 stk kjem åleina med keeper og dei blåser ballen himmelhøgt over ope mål. Eit par min etter trer me oss fint gjennom, Ronaldo får ballen men skrått på mål og ein kombinasjon av dårlig tid og R2-syndrom gjer at keeper fangar ballen. Drit ! Kampen endar 0-0, ganske surt då Arsenal spelte mesteparten av kampen med berre 10 mann.

Endret av avRack
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...