Gå til innhold

Problem med dataoppsett, Onecall, Nokia


Anbefalte innlegg

Ingen datatrafikk fungerer lenger, eg får berre "Pakkedatatilkobling ikke tilgjengelig". Dette har oppstått ein gong dei siste par månadene, kanskje då Onecall skifta til Telenor-dekning.

 

Telefonen er ein Nokia 6288.

 

Eg har sletta alle gamle innstillingar under "Konfigurering - Std. konfigureringsinnst." og "Brukerdef. konfig.innst.". Deretter har eg mottatt nytt oppsett, akkurat slik det står hos Onecall kundeservice, for WAP, MMS og Internett/streaming.

 

Ingenting fungerer, ikkje nettlesaren, ikkje Opera Mini, og heller ikkje MMS.

 

Manuelt oppsett etter beste evne fungerer heller ikkje.

 

Eg kan nemna at dei punkta det står at eg skal gjera etter å ha mottatt oppsettet ikkje svarar til korleis min telefon fungerer, men eg har utført tilsvarande handlingar:

 

1. Når du har mottatt melding trykk "Vis"

2. Tast inn 4-sifret pin kode, som står angitt med rød skrift på denne siden

3. Velg "Valg" ved å trykke på venstre valgknapp

4. Velg "lagre" ved å trykke på venstre valgknapp

5. Så vil man bli spurt om lagrede settings skal settes som standard. Velg "Ja"

6. MMS/Wap instillinger er nå lagret på din telefon

 

 

Gjør følgende for å aktivere MMS:

 

1. Gå inn i menyen og åpne valget "Meldinger"

2. Trykk på "Valg", og velg "Innstillinger"

3. Velg "Multimediamelding"

4. Velg "Multimediemottak", "Valg" og "Endre"

5. Velg "Alltid på", og "OK"

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Fungerer internetten dersom du set simmen inn i ein annan telefon med One Call innstillingar? Dersom ikkje bør du vel kjefte litt på One Call og spørje kvifor internett ikkje virkar på simmen/abonnementet ditt.

 

Dersom det derimot fungerer på den andre telefonen, så er det Nokiaen som er problemet.

Lenke til kommentar

Takk for klartenkt feilsøking.

 

Eg flytta simkortet over til gamletelefonen og lasta ned nye innstillingar. Det fungerte. (Rart å sjå igjen Opera Mini på så liten skjerm :))

 

Deretter flytta eg simkortet tilbake, og då gav nyetelefonen andre feilmeldingar. I staden for at "Pakkedatatilkobling ikke tilgjengelig" kom opp med éin gong, hang nettlesaren no lenge før det kom ei anna feilmelding. Eg lasta ned nye innstillingar igjen, og då fungerte den innebygde nettlesaren.

 

Ingen andre program fungerte. (Opera Mini, GMail, Google Maps.) Etter litt fomling fram og tilbake, gjekk eg inn og oppretta eit nytt, brukardefinert "tilgangspunkt". (Det var ingen frå før - burde det vera det?) Det fungerte iallfall, så no kan eg kasta vekk pengar på nett igjen... ;)

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...