Gå til innhold

Bergen Internasjonale Film Festival: BIFF '08


Darco

Anbefalte innlegg

Sett so langt:

 

Burn After Reading, er nok ikkje Coen-brødrene sin beste, men det skal no og noko til.

Ein sokalla lettbeint komedie, men eg hadde det moro eg.

Mange artige scener, og Brad Pitt er ein glimrande hjernetom idiot.

George Clooney er og artig, og John Malkovich er fet når han er sint.

Stjernekast 7.

 

Young@Heart

Den amerikanske versjonen av Heftig og Begeistret om du vil, med eit pensjonistkor som har spesialisert seg på eigne versjonar av The Clash, Talking Heads, Radiohead....

Mange fete gamlingar, og filmen gjorde at eg no gledar meg til å bli pensjonist og begynna i kor.

Stjernekast 9.

 

Dreams with Sharp Teeth, ein dokumentar om forfattaren Harlan Ellison.

Eg hadde ikkje mykje greie på denna karen før filmen, men faren for at eg kjem til å plukka opp nokon av bøkene hans er relativt stor, til tross for at han stort sett har heldt seg i ein sjanger eg ikkje har brydd meg so mykje om.

Harlan Ellison har eit rykte på seg for å væra ein bøllete bråkemakar med eit voldsomt sinne, noko ein og får bevis på i denna filmen. Han er ein ateistisk jøde med prinsipp so han ikkje viker ein millimeter på. Han har vunne fleire prisar for bøker, noveller, tv-serie manus, osv...

Filmen - og mannen - er veldig morsom, og ein får eit godt innblikk i personen Harlan Ellison, og kan trygt anbefalast til alle som sette pris på fascinerande menneske.

Stjernekast 9.

 

Encounters At The End Of The World av Werner Herzog, var ein film eg hadde tru på.

Det er ein dokumentar om livet i antarktis for dei som velger å jobba der, men ein kjem ikkje under huda på nokon av personane, og eg følte at Herzog til tider latterliggjorde dei.

Naturbildene - stort sett under vatn - er flotte, men musikken gjekk meg til dels på nervene. Den morsomste - og tristaste - scena dreide seg om pingvinar, mens Herzog si stemma er ikkje akkurat gjort for voiceover...

Stjernekast 5.

 

The Greatest Silence: Rape in the Congo

Ein dokumentar som forteller om voldtekten soldatar begår mot kvinner og unge jenter i Kongo. Ein film so lete voldtektsofrene få fortella ke som har skjedd, og ein får og sjå dei få som gjere noko for å hjelpa dei.

Det er fleire sterke fortellingar, og ein site ikkje med noko god følelse etter å ha sett filmen Skulle ønskt at det og hadde vorte fokusert litt meir på kor lite so blir gjort i verdenssamfunnet, og snakka med nokon i ledarstillingar.

Stjernekast 6.

 

ANVIL! The Story Of Anvil, var ein fantastisk god dokumentar om hardrockbandet Anvil som hadde sin "storhetstid" på '80-talet.

Me kjem voldsomt godt under huden på dei to gjenværande av orginalbesetningen, trommis Robb Reiner og spesielt gitarist og vokalist Steven 'Lips' Kudlow. To menn som i ein alder av 50 fortsetter å forfølga drømmen om å bli rockestjerner, og ein kan ikkje annt enn å lika dei.

Me får følga dei på ein mislykka europa-turnè, og deira arbeid for å laga sitt trettende album. Ein fantastisk flott film, og den beste opplevelsen på BIFF so langt.

Stjernekast 10

 

This Is Not A Robbery, ein artig liten dokumentar om ein bankranar på mange og åtti år, som hadde vore lovlydig heile sitt liv til han starta med å rana bankar i ein alder da han heller skulle vore med i dokumentaren Young At Heart...

Var ein del humor i filmen, og ein fekk eit greit innblikk i ke som gjorde at han havna der han gjorde, sjøl om det kanskje ikkje var eit naturlig valg.

Men artig var filmen, og stjernekast 7.

 

W. Oliver Stone's film om George W. Bush.

Ein film som er voldsomt avhengig av at Josh Brolin klara å framstilla George w. Bush på ein truverdig måte. Og det klarte han med glans. Fantastisk rolleprestasjon. Kunne ikkje heilt sjå for meg korleis han skulle klara å "bli" Bush, men av med hatten og ned i støvet med meg.

Men kan ikkje sei filmen var fantastisk. Hadde kanskje litt for store forhåpningar til han...? Men syntes nokon ting gjekk litt vel fort, og hadde ikkje skada om filmen hadde vore litt lenger.

Litt minus og at gjengen rundt han for det meste blir sett fra utsida. Får ikkje heilt tak på ke so drive dei, men spesielt Dreyfuss er god som Cheney.

Stjernekast 7.

 

La Zona.

Ein mexikansk film som handlar om eit område i Mexico City - La Zona - der dei rike og vellykka lever beskytta mot slummen og kriminaliteten utanfor. Under ein storm bryter sikkereitssystemet saman, og tre ungdommar kjem seg inn, og under eit innbrudd i eit hus teke dei livet av den eldre dama so bur der. To av inntrengerane og ein sikkerhetsvakt blir drept, mens den tredje inntrengaren kjem seg unna og gøymer seg i La Zona. Istadenfor å overlata saken til politiet so teke bebyggarane saken i eigne hender...

Detta var ein spennande film med nerve heile vegen, og skuespelarane gjere ein veldig god jobb. Spesielt likte eg Daniel Tovar som spelte unge Alejando, og Mario Zaragoza som spelte politimannen Rigoberto, ein mann som prøvar å løysa ein sak i eit samfunn gjennomsyra av korrupsjon.

Stjernekast 9.

 

Andre so har sett noko?

Endret av Darco
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
W. Oliver Stone's film om GeorgeW. Bush.

Ein film som er voldsomt avhengig av at Josh Brolin klara å framstilla Josh Brolin på ein truverdig måte.

 

Fremstille Bush på en troverdig måte regner jeg med? :cool:

 

Stort sett er jeg glad for å ikke være i Bergen, men akkurat nå skulle jeg gjerne mesket meg med de mange gode filmene. This Is Not a Robbery så jo feks. spenstig ut.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...