torbjornen Skrevet 13. oktober 2008 Del Skrevet 13. oktober 2008 (endret) Eg har for tida ei 70 cm antenne (Triax TD 78) som eg har tenkt å bruke til å ta inn Thor, Sirius og Astra 1. (Droppar Hotbird, sidan eg skal prøve å ta inn Astra 2). Eg har eksperimentert litt med å prøve å ta inn Astra 2 (med vanleg brakett i staden for sidematingsbrakett), og i brukbart vêr får eg inn programma med vertikal polarisasjon (f.eks. ein del BBC1-kanalar) store deler av dagen utan hakking. Signalet ser ut til å vere dårlegast om morgonen og best om kvelden. Transponderane med horisontal polarisasjon har dårlegare signal, men det virkar som om BBC2, 3, 4 osv. fungerer om kvelden dersom det er klårvêr og LNB er tørr. Her i stad pøsregna det, og då datt også kanalar på dei andre satelittane (BBC News osv.) ut, men det trur eg ikkje skjer så ofte. Eg bur i Flekke, som ligg i ytre Sunnfjord (Sogn og Fjordane). Eg bestilte ei 85 cm antenne (TD 88) som eg skal bruke til Astra 2, men har no byrja å tvile på om det er nok til å få stabilt signal også på BBC2, 3 og 4. Eg er spent på kor mykje det har å seie å gå opp frå 70 til 85 cm. Større antenne vil eg helst ikkje ha. Det eg lurer på er kor mykje LNBen har å seie for signalet når det ligg slik på grensa. Vil ein betre LNB kunne gjere mottaket meir stabilt? Kva for LNB fungerer bra på TD 88? Eg har leita litt på Google/ulike forum, og på denne lenka http://avforum.no/forum/satellitt/59037-hv...-jeg-kjope.html var nemnt Mti AP8-T2NRC og Sharp 0,3 dB. Mti skal ha ei forsterking på ca 70 dB og eit støytal på 0,2 dB. Er dette det beste hovudet på marknaden, og vil den fungere bra med ein TD 88? Har også sett at nokon meiner Platinum Edition II skal vere bra. Invacom skal visstnok vere oppskrytt etter det eg har lese . Kva for LNB meiner de eg skal velje? Finst det hovud som er spesielt gode på horisontal polarisasjon? Har lyst på den MTIen, men skal ein importere den ser det ut som om portoen vert nesten like dyr som hovudet. Elles lurer eg på om det finst regnbeskyttarar som ikkje svekkar signalet for mykje. Prøvde å kutte opp ei Lerum-flaske, men merka at signalet steig ein god del når eg tok den vekk. Er det mogeleg å smørje noko slags olje e.l. på hovudet for å få vatnet til å prelle av, eller vil det berre gjere ting verre? Sist, men ikkje minst: Dersom nokon i området har erfaringar med mottak av Astra 2D er eg interessert i kva for parabol/LNB som vert brukt, og kor stabilt signalet vert med det utstyret som vert brukt. Endret 13. oktober 2008 av torbjornen Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå