torbjornen Skrevet 5. oktober 2008 Del Skrevet 5. oktober 2008 Hei! Lurte på om nokon har erfaring med mottak av Astra 2D i området nord for Bergen. Bur i Sunnfjord. Eigentleg kjøpte eg ein 70 cm parabol med Europapakke, men bomma på satellitten og fann etter kvart ut at eg delvis får inn gratiskanalane på Astra 2D (utan sidematingsbraketten). Dei vertikale transponderane får eg inn deler av døgnet i godt ver. Dei horisontale er det verre med, men om kvelden er det på grensa til at det går utan hakking når det ikkje regnar og antenna er innstilt på millimeteren. Det eg lurer på er kor mykje det vil ha å seie å oppgradere til 85 cm antenne. Større antenne er uaktuelt. Vil det vere mogeleg å få til stabilt mottak heile døgnet, også når det regnar litt? Elles lurer eg også på kor lenge desse kanalane kjem til å vere tilgjengelege ukoda på 28,2 E. Dersom dei forsvinn etter kort tid spørst det om det er bryet verdt. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå