Gå til innhold
🎄🎅❄️God Jul og Godt Nyttår fra alle oss i Diskusjon.no ×

Oktoberfest 2008 - Archanios - 30D m/50mm 1.4


Anbefalte innlegg

29. oktober

 

- The Strokes

 

post-69255-1225378391_thumb.jpg

 

"All that I do, is wait for you" Bildet er muligens ikkje heilt relevant i forhold til heile teksta, men akkurat denne linja passa i det minste godt til forholda bildet vart tatt under, mens eg venta på bussen til jobb. Syns også tittelen passa ganske godt.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Her fører summen av flere faktorer til at jeg liker bildet veldig godt.

 

1. Farger: Behagelig farger som står godt til hverandre.

2. Komposisjon: Streng og fint komponert, ikke noe uvesentlig er med.

3. Innhold: Klare diagonaler hele veien fører innover i bildet, avbrutt av noen få vertikallinjer.

4. Fokus: Skarp fokus i nær forgrunn, avtagende fokus innover som øker opplevelsen av dybde (sammen med diagonalene).

Endret av k.n.b
Lenke til kommentar

Takk for kommentaren k.n.b. Likte fargane godt sjølv, kanskje med unntak av det lilla på benken.

 

30. oktober

 

Frost

 

post-69255-1225389885_thumb.jpg

 

Kanskje ikkje det beste bildet eg tok i dag, men eg likar det veldig godt no når vi får dei første litt kalde dagane og lovnadar om vinteren som er på vei. Det blir vel fort til at det var dette vi såg av vinteren i Bergen før jul, men det er eit fint avbrekk frå regnet vi har ellers. :)

Lenke til kommentar

29. oktober er et bilde etter mitt hjerte. Fine kontraster og linjer i fleng. Må igjen gi deg skryt for etterbehandling, du har en veldig god nese for skarphet, farger og kontrast. Som du sier så passer ikke den lilla flekken helt inn, men den forstyrrer heller ikke så mye siden du har lagt den foran fokusplanet.

Lenke til kommentar

31. oktober

 

"You're going the wrong way!"

 

post-69255-1225477280_thumb.jpg

 

Hadde ein fantastisk tur i dag, der eg tok veldig mykje bilder, og tenkte opp ein heil masse idear som eg kanskje får testa i morgon. Litt bedre sko, kler, stativ, i tillegg til muligheita til å ha med 24-105'en vil nok føre til at det blir nokre timar i skogen/fjellet i morgon.

 

Eg elskar været vi har no. Deilig, kaldt og klart. Flott vær for fotografar. Som eg skreiv tidligare i dag, så har eg hatt store problemer med å velge bilde, og det endte med at ein annan fikk velge for meg. ei litt morsom opplysning er at eg i dag har tatt 490 bilder, og av dei var berre 44 tatt i liggande format.

 

Har planar om ei oppsumering av oktoberfesten min, men eg må tenke meg litt om.

 

Dersom du vil sjå fleire bilder frå dagens tur, eller bilder frå resten av oktober som ikkje fann veien til denne tråden, så kan du sjekke bloggen

Endret av archanios
Lenke til kommentar

Tusen takk Tom og capricorny.

 

Tenkte eg skulle oppsummere utfordringa ein smule.

 

Utfordringa mi gjekk ut på å berre ta bilder med 30D og 50mm 1.4. Målet var å levere minimum 25 bilder, etter at eg forsøkte meg i fjor med heller skuffande resultat. Å berre bruke 50mm ville skape litt ekstra utfordringar i forhold til eindel arbeid eg skulle gjere i skulesamanheng, men ein klarte seg rimelig greit uansett.

 

Eg var egentlig ganske fornøgd med objektivet før utfordringa, men etter å ha brukt det omtrent kvar einaste dag i ein månad, så setter eg veldig stor pris på det. Leser innimellom om enkelte som ikkje ser nytta av ein 50mm på kamera med cropsensor, men etter mi meining er det ei brennvidde som er ganske anvendelig både på crop og fullformat. Eg håper også eg har klart å vise det gjennom denne tråden.

 

Noko eg la merke til eit stykke ut i oktober, var at eg automatisk tenkte i forhold til objektivet som satt på kameraet og eg komponerte ofte bilda før eg tok kameraet til auget. Det er jo ein av fordelane med å jobbe såpass mykje med eit objektiv, at ein blir kjent med det, lærer seg korleis det oppfører seg og korleis ein utnyttar det på best mulig måte.

 

Denne utfordringa har også vore fantastisk god trening i det å sjå etter motiv, bruke augene og prøve å tenke litt annaleis enn ein kanskje gjer til vanleg. Eg har etterkvart tatt ganske mange bilder i løpet av oktober som eg neppe ville kommt til å tatt om ikkje det var for denne utfordringa. Eg har også pressa meg sjølv til å gå ut å ta bilder, sjølv om motivasjonen og tida ikkje alltid har strekt like godt til.

 

Fasiten var 29 bilde posta her, 3211 bilder totalt, 21,7 GB rawfiler, 50 nye bilder på bloggen, ein masse redigeringsarbeid når eg får tid, og ei treig datamasking med litt mindre plass på harddisken.

 

Til slutt så vil eg berre takke alle som har vore innom og kommentert i løpet av utfordringa. Mange veldig hyggelige kommentarar som virkelig har motivert til å gå ut å ta nye bilder og prøve ut nye ting.

Takk også til tomsi42 som har gjort ein flott innsats med å få utfordringa på beina.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...