Gå til innhold

Oktoberfest 2008 - Archanios - 30D m/50mm 1.4


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Tusen takk k.n.b

 

16. oktober

 

"We love it here!" / "No cars go" - Arcade Fire

 

post-69255-1224167031_thumb.jpg

 

Innimellom så kan ein lure litt på kva ein gjer på denne kanten av landet. Om det ikkje hadde vore betre å finne seg ein plass der ein ikkje absolutt skal sette nye nedbørsrekordar heile tida. (Tittel nr. 1)

 

Samtidig så har Bergen blitt, eller kanskje har den vore sånn lenge, blitt ein by som er svært fiendtlig til alt som heiter trafikk. Om ei gate er open ein dag, så kan du vere sikker på at den er stengt den neste. Eg er gla eg ikkje har bil. (Tittel nr. 2)

 

Men egentlig så trivst eg som plommen i egget. Eller i det minste nesten.

Lenke til kommentar

Takk arnold_layne. Trur faktisk paraplyen overlevde, men det er ganske merkelig å tenke på kor mange paraplyar som møter sin ende fråslengt rundt omkring i Bergens gater. ;)

 

17. oktober

 

- Bigbang

 

post-69255-1224259780_thumb.jpg

 

f3.5

1/100

Iso100

 

Ikkje tatt så veldig mykje bilder i dag, men har hatt en tur innom fotomessa arrangert av Ur & Foto. Kjøpt meg skjermkalibrator. Blir nok gjerne ein tur i morgon også, både for å sjå, men også for å prøve å få med seg eit foredrag eller to.

Endret av archanios
Lenke til kommentar

Takk igjen k.n.b

 

18. oktober

 

"Invisible when everyone can see you?"

 

post-69255-1224360712_thumb.jpg

 

Dagens bilde vart tatt i samanheng med ein portrettdokumentar vi lagar på skulen, som vi etterkvart skal presentere på nett og så vidare. Portretter er om Borghild Rudjord Unneland som mellom anna driv med installasjons, bruks og tekstilkunst. "Teppemannen" som vi kallar han er endel av eit skulearbeid ho gjorde på Kunsthøgskulen.

Lenke til kommentar

19. oktober

 

"The Cracks" - Elf Power

 

post-69255-1224425270_thumb.jpg

 

f3,2

1/250

Iso100

 

Ny Damsgård-tur denne helga også. Mykje spennande å sjå på. Sjølv syns eg dette motivet kler svart/kvitt og ganske mykje kontrast. Eg merkar at planlegging av bilder går mykje raskare no, eg tenker motiv i forhold til 50mm'en. Akkurat her kunne eg nok muligens tatt av litt i bunn, enten der og då eller i etterbehandling.

Lenke til kommentar

Har sans for begge de to siste egentlig.

 

20. oktober viser egentlig bare en regnvåt glassrute med noe utydelig på den andre siden. Men ser man etter kan man godt se hva som befinner seg på utsiden, og det er beskrivende for det høstværet de fleste har opplevd i løpet av denne måneden. Du får score for antydningens kunst når det gjelder utsikten her.

 

21. oktober har du benyttet en rekvisitt som gjerne egner seg i sort/hvitt, nemlig brostein. Fint at du har latt dette dominere hele bildet, mens den søppelkassa eller hva det er bryter opp det hele. Ekstra dybde også med bilene i bakgrunnen.

Lenke til kommentar

Har dessverre hatt litt lite tid til foto dei siste dagane, noko som endte med at eg ikkje tok eit einaste bilde i går, for første gang sidan før starten av oktober. I dag måtte eg rett og slett ha meg ein liten tur, etter å ha sotte framom datamaskina i endel timar og slitt med skulearbeid. Har heller ikkje hatt tid til å vere så veldig aktiv her inne heller, og det spørs om det blir litt travelt neste veke også.

 

24. oktober

 

"4, 3, 2, 1"

 

post-69255-1224857044_thumb.jpg

Lenke til kommentar

Gla for at eg valgte å moderere meg til 25 bilder i løpet av oktober. Det var fristande å prøve på eit kvar dag, men det hadde rett og slett ikkje gått. Har plutselig ikkje like mykje tid som i begynnelsen av mnd, men eg skal prøve å få til bilder kvar dag framover. Har jo også tatt litt bilder sjølv om at eg har vore inaktiv her.

 

26. oktober

 

Billboard blues

 

post-69255-1225185290_thumb.jpg

 

Er ikkje sikker på om det er lurt å sjå altfor lenge på dette bildet, vart nesten litt svimmel sjølv. ;)

Lenke til kommentar

27. oktober

 

"A glow" - Okkervil River

 

post-69255-1225185361_thumb.jpg

 

Dette er eit bilde eg er svært usikker på. Det er ikkje berre eit uskarpt bilde av ei gatelykt, eller, det var i det minste ikkje poenget. Bildet er tatt med ei lukkertid på 1/50 og med mykje bevegelse vekk frå gatelykta i det bildet vart tatt. Om det fungerer veit eg ikkje, men alt kan ikkje fungere heller.

Lenke til kommentar

Takk for det FunFact. Forstår godt at det ikkje nødvendigvis gir så mykje. Begynner etterkvart å bli vanskelig å vite kva ein skal legge ut.

 

28. oktober

 

post-69255-1225219914_thumb.jpg

 

Går her omtrent kvar einaste dag, men ikkje alltid med såpass fine forhold som i dag. Syns det vart litt spennande med skyggane og lyset som speilar seg. Ville egentlig ta bildet frå ein litt annan plass, men det vart litt mykje folk i veien.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...