Gå til innhold

Kva for ein av temperaturane er rett?!


Breidablik

Anbefalte innlegg

Hei!

 

Eg har nylig fått meg ny CPU-kjølar, ein Noctua NH-U12P, som sikkert er kjent for veldig mange som ein god kjølar. Den gamle kjølaren hadde tempen på rundt 42-45 grader ifølge Everest (E8400). Men i og med at den bråka litt og at eg skal overklokke tenkte eg at eg først som sist kunne skaffe meg ny. ;) Til saken:

 

Med denne kjølaren ligg temperaturen på kjerne 1 på rundt 42 grader enda når eg brukar Everest. Tempen på "CPU" ellers er visstnok 20 grader... :huh: Litt rart når romtemp er ca 23... Ifølge Hardware Monitor (som på tidlegare CPU-ar har vist akkurat samme temp som Everest) ligg tempen på ca 37 grader på kvar av kjernane, og BIOS viser 27-28. Kva for ein av dei skal eg stole mest på? Har alltid brukt Everest og Hardware Monitor til slikt før, men no er eg litt usikker. 42 grader var litt mykje på ein uklokka E8400 til ein sopass stor og god kjølar å vere.

 

 

Håpar nokon kan hjelpe meg! :confused:

Endret av Breidablik
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Jeg hadde latt maskinen stå i BIOS en stund og lest av temperaturene etter en times tid eller to.. Evnt. kan du jo måle manuelt - jeg brukte en viftestyring med egne sensorer i en lang periode.

 

Hadde på min forrige 3500+ en scythe kjøler som er veldig lik den du har. Temp lå på 27-29 grader ved oppstart men jevnet seg ut rundt 32-33 etter en stund. Hvilken type kjølepasta bruker du? Her er det som kjent en del grader å vinne dersom du bruker rett. Anbefaler AS5.

 

Hadde ikke tatt det for god fisk om maskinen har lavere temperatur enn romtemperaturen.. hehe :)

Lenke til kommentar

Eg brukar AS5, ja, men eg har høyrt at den må "sette seg" før den når maksimum kjøling. Sette den på i går, så eg kan vel kanskje vinne eit par grader på det.

 

Med den forrige CPU-en min (AMD Athlon 64 x2 6000+) låg tempen på ca 30-35 grader med den forrige kjøleren min. Det var også den eg brukte på den CPU-en eg har no, før eg skifta. Men med den gamle CPU-en var det ikkje noko i Everest som heitte berre "CPU-temp". Det viste først når eg installerte E8400 og det nye hovedkortet, Asus P5Q PRO.

 

Eg har forresten viftestyring, med sensorar, men eg har ikkje gidda å feste det enda... Korleis skal dei stå forresten? Er litt usikker. Stod ikkje noko i bruksanvisninga.

 

Skal uansett prøve å la den stå i BIOS ei stund og måle tempen då.

Lenke til kommentar

Eg har forresten opna kabinettet mens den stod på, og fekk lurt handa heilt ned til prosessoren og kjent etter tempen sjølv, men den var jo ikkje lunken eingong! :ohmy:

Det ser nesten ut til at det er dårlig "forbindelse" mellom kjølar og prosessor... Litt rart det også, men eg skal prøve å demontere og montere igjen, evt. sjå etter om noko er gale.

Lenke til kommentar

No har eg sjekka litt. Eg tok ut kjølaren igjen, gjorde reint og monterte igjen. Men rett før eg begynte å skru tok eg den av igjen og såg på undersida av kjølaren, og der sat litt av den nye pastaen frå CPU-en klistra fast. Det var jo ikkje akkurat rart, men eg la merke til at det var områder der det ikkje var noko kjølepasta i det heile tatt! Det ser faktisk ut til at enten CPU-en eller kjølaren ikkje er heilt flate! :ohmy:

 

Nokon som har eit tips til noko eg burde prøve? Burde eg slipe kjøleflata? Eg veit forresten ikkje at det er kjølaren som er skeiv, men tippar det...

 

 

Ville blitt glad for respons :)

Endret av Breidablik
Lenke til kommentar

Då eg starta opp maskina no nettopp (kl. 10 om morgonen) var temperaturen på hovedkortet 11*C :omg: , prosessoren (ikkje noken spesifikk kjerne) 12*C og kjernane ca 42. No er det rigtignok ganske kaldt i rommet, etter ei kald natt med vindauge opne, men likevel var det litt lite med 12 grader :p

 

Eg har også lagt merke til at kjølaren faktisk aldri blir varm. :huh: Så på ein eller annan måte må det vere dårlig forbindelse...

 

 

PS. Det vart ganske mange postar etter kvarandre dette her... :innocent:

Endret av Breidablik
Lenke til kommentar

'cpu temp' under romtemp er bare piss.

 

Ta av cpuribba, rens ribbe og cpu for kjølepasta med sprit, legg på ny pasta, en stripe tvers over cpu. sett så kjøleren på, men ikke fest den, og vri den litt rundt på cpuen, ta den av igjen og se hvordan pastaen fordeler seg. skal være rimelig jevnt.

Lenke til kommentar

No har eg også lasta ned Real Temp, etter oppfordring frå nokon her på forumet (hugsar ikkje kven det var :ermm: ) som sa at det var det einaste programmet som viste den ekte tempen for 45nm C2D. Idle temp klokka til 3,78GHz er 37 grader, så eg satsar på at det er rett. :)

 

Men eg er forsatt ganske usikker på det med dårlig kjølarflate... Kjølaren er jo like kald heile tida!!! Skal ikkje den i det minste bli litt lunken? Eg treng det for so vidt ikkje, men det er litt kjipt å vite at ein ikkje får ut det maksimale av ein så god kjølar.

 

 

@Wibla: Eg har alltid brukt å "smøre utover" kjølepastaen før eg set på kjølaren, men har det så mykje å seie? Skal likevel prøve og sjå om det blir nokon forskjell... :)

 

 

 

 

 

EDIT: Men burde eg prøve å få slipt kjølaren på undersida eller er det veldig risikabelt?

Endret av Breidablik
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...