Gå til innhold

Anmeldelse: Civilization IV: Colonization (PC)


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

"Colonization har sine feil, men det er likevel skikkelig snadder for alle som liker gode og dype strategispill."

 

Her har nok ikke anmelderen spilt spillet veldig grundig. De strategiske elementene i spillet er veldig ubalansert og et par gjennomspillinger er alt som kreves før Revolutionary blir uten utfordringer. I motsetning til Civilization er Colonization bare et spill man kan spille til man blir kjent med spilmekanismene, så er spillet over og det er liten grunn til å spille det igjen. I Civilization derimot er det først da spillet virkelig starter.

Lenke til kommentar

Eg er dessverre heilt einig, dette vart keisamt, og frykteleg skuffande for ein gammal fan av både Colonization og Sid Meier/Firaxis. Dei har gjort ein del forbetringar (grenser, betre Founding Fathers-system, automatiserte vogner, studentar), men har øydelagt det grunnleggjande. I gamle Colonization gjekk du i land, og kunne kose deg med å byggje opp ein so bra nasjon som mogleg. Fokuset var på kolonisering. Eg tenkte aldri over kva eg burde eller ikkje burde gjere for å minimere storleiken på REF.

 

Her blir du faktisk straffa for å gjere "bra" valg med tanke på kolonisering. Du blir straffa for å produsere liberty bells, og utdanningstida aukar eksponensielt, noko som gjer det vanskelegare og vanskelegare å utdanne spesialistar til nye koloniar. Samme eksponensielle formel ser ut til å gjelde for prisen for å lokke immigrantar til landet ditt, og det tek ikkje lang tid før det er billigare å kjøpe spesialistar enn å få ein av dei tre tilfeldige immigrantane.

 

Der er ein veldig smal "idèell sti" for å vinne. Du må planlegge revolusjonen frå dag 1. Bygg nokre få koloniar, unngå kystlinja, vent med å produsere liberty bells, skaff deg eit lager av rifler og hestar (ein ståande hær vil verke mot rebel sentiment), gi deretter maks fart på bjelleproduksjonen og erklær uavhengigheit ASAP. Dette minnar ikkje om det originale Colonization i det heile. Der var fokuset på å bygge.

 

Dei andre europeiske koloniane er forresten heilt overflødige. Dei tilbyr ingen motstand eller konkurranse, og der er ingenting å vinne på å erobre dei. Du treng ikkje meir plass eller ressursar uansett.

 

Nei, dette var skuffande. :(

 

Kay

Endret av KayAU
Lenke til kommentar
Er det ikke sånn at crosses gjør at det blir billigere å lokke nybyggere til koloniene dine? Så om du venter ei stund mellom hver gang du tar med deg folk så koster det mindre, mens om du masseimporterer folk så er det dyrt?

Jau, det er slik at du må ha ei viss mengde kors for å få ein ny immigrant. Denne prisen går oppover heile tida. Det er forsovidt greit, det gir ei slags meining at det blir færre som vil immigrere av religiøse grunnar etter ei stund. Det som ikkje gir meining er prisen på å "kjøpe" resten av korsa du manglar. Prisen per kors går nemleg ikkje nedover etter kvart som du treng fleire av dei, og etter ei stund blir prisen på å lokke ein ny immigrant på denne måten meiningslaust høg. Det blir mykje dyrare å få ein tilfeldig immigrant, enn ein utvalgt trent spesialist.

 

Dette er ikkje av dei mest alvorlege problema, men eit av mange irritasjonsmoment. Eit anna, større irritasjonsmoment, er det at du kan produsere "exploration points", og den slags, for å få bestemte founding fathers. Dette er utan tvil ein funksjon som er direkte oversatt frå Civ4, der du kan "produsere" forskning, pengar, eller kultur i ein by. I Civ4 er dette greit, men her blir det heilt meiningslaust. Dette vil seie at dersom ein spelar driv med masse utforsking, vil han kunne bli utkonkurrert på utforsking av ein spelar som ikkje driv NOKO utforsking, men har masse tømmer.

 

Kay

Lenke til kommentar
  • 4 uker senere...
×
×
  • Opprett ny...