Dette er eit veldig godt eksempel på kordan statistikk kan misforståes slik at du ender opp ikkje berre på viddene men på feil vidde.
Tallene dine er heilt sikkert riktige, men du set fullstendig vekk i frå det aller viktigaste her. Nemleg at dei som dør i vanlege år er dei som "skal" dø i ein befolkning, dei gamle og sjuke. Dei som ikkje får barn eller er produktive arbeidarar lenger. Dei som ikkje lenger bidrar til samfunnet.
Dei som dør i krigen er unge friske mennesker, mange som ikkje endå har fått eigne barn. Mennesker som skulle vore produktive arbeidarar, foreldre og bidrege til samfunnsutviklinga. No dør dei og er tapt for all tid.
Det er veldig stor forskjell på om eit menneske på 80 år dør etter å ha levd eit liv, eller eit menneske på 20 år dør uten å ha levd i det heile.