Gå til innhold

LinkHimself

Medlemmer
  • Innlegg

    254
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av LinkHimself

  1. Trenger litt hjelp til ei oppgåve i faget som heiter mattematikk x. Sikkert ei enkel oppgåve, men eg er ikkje av den flinkaste sorten dessverre.

     

    3A, side 178.

     

    "Du kastar to terningar. La X vere det høgste talet du får på ein av dei to terningane.

     

    a) Finn sannsynfordelinga til X.

     

    Eg skjønar ikkje heilt framgangsmåten. Eg trudde at det dersom X=2, ville det bli 1/6 * 2/6 = 2/36. Fasiten seier 3/36. What to do?

    X=2

    1/6*1/6 + 1/6*1/6 + 1/6+1/6 =3/36

    1. Dette er hvis terning 1 blir 1 og terning 2 blir 2.

    2. Dette er hvis terning 1 blir 2 og terning 2 blir 1.

    3. Dette er hvis begge to blir 2.

     

    Aha, men dersom begge blir 2, er det vel 1/6*1/6..? Slik at det blir:

    1/6*1/6 + 1/6*1/6 + 1/6*1/6 =3/36

    Eller tar eg feil igjen?

  2. Trenger litt hjelp til ei oppgåve i faget som heiter mattematikk x. Sikkert ei enkel oppgåve, men eg er ikkje av den flinkaste sorten dessverre.

     

    3A, side 178.

     

    "Du kastar to terningar. La X vere det høgste talet du får på ein av dei to terningane.

     

    a) Finn sannsynfordelinga til X.

     

    Eg skjønar ikkje heilt framgangsmåten. Eg trudde at det dersom X=2, ville det bli 1/6 * 2/6 = 2/36. Fasiten seier 3/36. What to do?

  3. Kvar fekk du kjøpt Secret Recipe DVDen? Den må eg berre ha, er det ein artist eg vil kjøpe ALT av, så er det Buckethead. Heilt klart min yndlingsmusikar. :)

     

    Håpar han kjem ut med noko nytt i 08, og han har vel for vane med å peise ut 1/2 plater i året?

  4. Er det noen som har en mellomting mellom normal og varm fargemodus (egendefinerte innstillinger) ? Normal blir litt for blått, og varmt bli litt for rødt av og til.

     

    Hvis du titter nærmere så har du et alternativ som heter 'bruker' på fargemodusen hvor du selv kan justere fargene.

     

     

    Aha, då er det vel dei innstillingane som er "manuelle RGB-innstillingar" då :)

  5. Eg fekk Tven i dag og eg meiner den ser bedre ut enn det forbruker.no testen skulle ha det til.

    Men, kva er dei manuelle RGB-instillingane dei snakkar om?

     

     

    Etter litt Prime 3 på Wii vil eg sei at desse, Bakbelysn: 30, Kont: 45, Lysh: 30, Farge: 37, Skarph: 0 og Støyred: Av, passar bra. Fargemodus normal, varm blei nærmare raudt på Wii-menyen som er blå. Eg synest eg fekk eit ganske fint bilde sjølv med scart, skal skaffe meg komponent når tida byr seg. Eg sitter forresten i eit ganske mørkt rom.

     

    Nokon som har erfaringar med andre settings?

  6. Utanlandske bønder treng verkeleg ikkje den norske marknaden, det er truleg mykje større behov for mat der enn i Noreg, men der kan ikkje folk betale...

     

    Dessutan er det betre for miljøet at alle land er sjølvforsynt. Det ville hjelpt utruleg på, om mange transportfly hadde slutta å fly. CO2 utsleppa ville gått ned. Enkelte ting er sjølvsagt naudsynt at me får frå andre land, det er varer som me ikkje kan produsere på grunn av klima.

     

    Min meining.

  7. Dette er sikkert eit spørsmål som har blitt tatt opp fleire gonger, men eg spør likevel. Kva er forskjellen på MCHK og MCGI?

     

    Eg har forresten høyrt at det skal komme ein ny tatung 32" som tar signal frå det nye bakkenettet med mykje dei same spesifikasjonane som MCHK. Stemmer det? I tilfelle, når kjem den og kva vil den koste?

  8. Eg har eit lite problem med volumkontrollen min som kom med Creative T7900. Tingen er at sjølve volumhjulet (?), dvs. tingen ein skrur på for å få lyden på, er laus. Slik var det eigentleg frå dag ein, men ikkje før no har det vist seg å vore eit problem. Det har seg slik at bassen blir kopla ut på grunn av at hjulet er laust, dåleg kontakt eller noko.

     

    Spørsmålet mitt er, kva skal eg gjere for å ordne det? Nokon innslag?

  9. Altså, hadde regnet vore radioaktivt, ville vel ikkje faren vore over når regnet slutta. Regnet som låg på bakken ville jo vore like farleg som det som kom ned for 5 minuttar sidan? Maisen til han bondemannen ville iallefall vere fucked? Kan lite om stråling, men det verkar litt rart for meg.

     

    Men two thumbs up for Jericho

  10. Hmm, eg lasta ned ein bunke med songar frå ei side og etter at eg har importert dei (eller 1) og vil prøve å spele dei, så er det ikkje notar der. Er notar sånt som du må skrive inn sjølv? Eg leitte til rundt på nettet, men eg blei ikkje klokare. Kan nokon hjelpe?

     

     

    Bør eg laste ned mods? Kva mods i tilfelle? Eg brukar forresten den nyaste versjonen som ligg på sourceforge.

  11. Nett slik at folk for ein viktig ting med seg.

     

    Det å prøve å bevise og motbevise Guds eksistens går desverre ikkje an. Dei som trur, veit det inni seg. Dei som ikkje trur, tenkjer sikkert på ein anna måte.

     

    Og ein kan heller ikkje gje svar på alt.

     

    Slike emner fører ikkje til noko konklusjon. Me får vente til me dauer, alle som ein. Då får me forhåpentlegvis vite litt meir :)

×
×
  • Opprett ny...