Gå til innhold

LinkHimself

Medlemmer
  • Innlegg

    254
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av LinkHimself

  1. Hei

     

    Eg lurar på om nokon har erfaringar evnt. linkar til armband for Desire S. Den treng ikkje vere spesifikk til Desire S, kan godt vere universal. Viktigaste for meg er at den er ca. tett, dvs helst ikkje hol til jack-utgang og erfaringar frå dykk :)

     

    Eg har søkt litt rundt, men har ikkje funne så mange forskjellige : /

     

    På førehand, takk :)

  2. Synes den sorte ser bedre ut enn den hvite.

    LOL! Er du fargeblind eller??

    Vel, siden sort og hvit ikke er farger, men kontraster, må jeg isåfall være kontrastblind?

    Kvit er ein superposisjon av alle fargar og er vel difor ein farge? Svart derimot er kanskje ikkje ikkje ein farge sidan det er fråver av lys.

    Men er einig i at svart iTelefon ser bedre ut enn kvit :)

  3. Korleis i alle dagar kan alternativ 1 og 2 vere rett på spm. 1 den 11. desember? Det gjev dessverre ingen meining i det heile tatt. Mega = 10^6 og giga = 10^9. Dette kan ikkje diskuterast, samme kor mykje ein masar om at datamaskina seier noko anna. Kanskje det var ein brite som kludra det til med BG-einingar? Kanskje det var ein steinaldermann som skildrar storleiken til leiligheta si med teskei/lysår som dreiv med nissestrekar? Dette var i alle fall ingen nisseglede, men sidan det er jul skal denne tabben få sleppe gjennom :)

     

     

    Ta innlegget delvis humoristisk, men poenget mitt står eg ved :)

     

    Og gratulera så mykje til dei heldige :)

  4. Eg lurar på om eg skal kjøpe meg ein elektrisk gitar. Det blir i tilfelle min fyrste, og modellen eg har sett på er ein Ibanez RG 350DX. Er denne verdt å bruke på 4000kr på? Kva med å matche denne med Roland sin Cube 15X? Lurar og om det er trygt å kjøpe gitaren over nett utan å ha prøvd den fyrst.

     

     

    Takk for alle svar :)

  5. Nå tuller du vel litt Simen1? Hvis man reduserer spenningen, så øker strømmen. Det er fordi at R = U / I, og R(ohm eller motstand) er konstant (Kan variere litt med temperaturendringer).

     

    Det er jo det som er hele poenget med høyspenntnett, at man øker spenningen for å kunne redusere strømmen. Kabeltverrsnittet (ohm) dimensjoneres etter strømstrekket...

     

    Hvor får du dine 75% fra?

     

    Som du sikkert også vet, så er effekten(her satt som P) i et slikt teretisk tilfelle gitt av P = I*U, så om du nå bytter I ut i den likningen hva likningen du viser til (R = U / I eller omskrevet I =U/R), så får man P = U^2 /R, mao 50% nedgang i spenning fører til 75% nedgang i effekt.

     

    AtW

     

     

    Eg veit at straumen i veggen er vekselstraum, og dersom det er vekselstraum som går i prosessoren, må de bruka komplekse tal når de reknar med Ohms lov. Eller er det slik at straumforsyninga i PCen omformar til likestraum for komponentane?

  6. Artig karakter. Lett å bli irritert på karakterar som ein sjølv meiner burde vore høgare. Eg har følt litt på det same som PS3-folka føler no, med Wii anmeldingane. Men alle får ikkje den same oppfatningen av eit spel etter å ha spelt det.

     

    Til dykk som meiner Gamer.no er 360 fans osv.:

    http://www.n4g.com/ps3/News-268126.aspx

     

    Det norsk PS-forumet skal ha gjeve spelet 10/10

    Ikkje uventa eller kva?

  7. Hallo,

     

    Eg tenkjer på å kjøpe ein gitar, men eg veit ingenting om gitarar. Eg vil ikkje bruke så mykje pengar, eg kan ca. ingenting så eg treng ikkje det beste. Eg vil bruke rundt 3000kr, og helst vil eg sleppe å kjøpe forsterkar. Går det ikkje greit å kople den til dataen på eit vis? Då kan eg vel og laste ned program som kan lage effektar til meg, så slepper eg å kjøpe meir dyrt utstyr? (gitarrig?)

     

    Eg har høyrt at det kople ein elektrisk gitar til PCen gjev dårleg lyd dersom ein ikkje har godt nok lydkort. Eg er meir innstilt på å kjøpe nytt lydkort enn forsterkar for å sei det sånn :p

    Atm har eg eit Creative SB Audigy 2 ZS.

     

    Då er det berre å komme med tips til gitar og korleis eg bør ordne med lyden :)

  8. Heisann, eg har nettopp hatt fordjupningsoppgåve om realismen og naturalismen så eg skal nok kunne hjelpe deg litt håpar eg ;)

     

    Når du skal skrive naturalistisk er det viktig å skildre dei som er nederst i samfunnet. Tiggarar, uteliggjarar, fattige, prostituerte osv. Beskriv personane svært grundig, same med omgivnadane. Dette passar å gjere i byrjinga, beskriv foreksempel den holete sokken med blondekant, som nesten var riven av den dagen bla bla bla skjedde. Skjønner?

     

    Dette var i alle fall tilfellet i Amalie Skrams romanar (hellemyrsfolket).

     

    Det store særtrekket med naturalismen er determinismen (arv og miljø styrer). Med andre ord, du må skildre ein situasjon som startar med elendighet, og sluttar med elendighet :)

     

    I romanane til Skram og i naturalismen generelt blir personane ofte skrive gjennom replikkar, ikkje forteljaren. Forteljaren skal halde seg nøytral og berre formidle det som skjer, du skal ikkje kome med dine synspunkt og kjensler.

     

    Lykke til, håpar eg var til hjelp :)

  9. Eg tenker på å kjøpe Lycosa sjølv, men eg veit ikkje heilt om eg har behov for det :p

     

    Eg ser ingen grunn til at det ikkje skal vare nokre år. Det einaste er vel slitasje på knappane slik at dei blir litt glatte? Slik er det i alle fall på mitt billige Logitech tastatur, som eg har hatt ei stund. Knappar som er mykje brukt (wasd) er litt blankare og glattare enn f.eks knapperada med tal.

  10. Ja, det er jo litt dumt det er med garanti og reklamasjon. Kan ikkje Apple i Noreg gjere noko som helst dersom eg kjem inn med ein amerikansk macbook? Eg meiner, dei må då i alle fall reparere den mot betaling?

     

    Enklaste macbook (ny generasjon)

    USA: 8500kr

    Noreg: 11000kr

     

    Ein kan jo spare 2500kr. Ei kan vel få ein del service for det?

    Blei eit vanskeleg val dette...

×
×
  • Opprett ny...