Gå til innhold

Sevald

Medlemmer
  • Innlegg

    288
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Sevald

  1. Eg må nok seie meg litt einig med både "Kristallo" og "Åkken Bom". For meg er det viktige å ha det moro med å ta bilder, og for min del er det som regel ikkje å sitja framfor Pc å redigere bilder. Sjølvsagt er det unntak til regelen, så litt rett skal eg derfor gje "Åkken Bom".

     

    Så litt on topic. Mitt råd er at du,dersom du kan, allierer deg med ein du kjenner, som kan litt om fotografering, så kan du lære av han/henne. Det er i alle fall slik eg har tenkt meg til lære meir (i tillegg til gode gamle "prøve og FEILE" metoda)

  2. For min eigen del har eg eigentleg ikkje noko store problem med å bruke briller med speilrefleks. Har eit minolta av den "gode gamle sorten", og ser omtrent som ei blind merr (som i: "sa den blinde merra å stange hue i lysbrytern"), men det funker heilt greitt med briller for det. Men det er sikkert smak og behag inni bildet ;-)

  3. Har nå spelt vårt fyrste eventyr med mic. Det funka heilt OK! Kjøpte ein heilt vanleg PC-mic på komplett (170kr eller noko) og brukte Skype. Dei høyrde alt eg sa og eg høyrde 99% av det dei sa + litt ekko av meg sjølv (men ikkje værre enn at det gjekk fint!)

    Einaste probleme var vel at vi rota oss inn i ei enorm mengde problem og eigentle ikkje kom i gang med det vi skulle gjere før vi mått runde av. Men det er slik det går når ein har såpass sær gjeng som vi har nå.

     

    Men det funka i allefall heilt strålande! JIPPI! :-D

  4. Dette var underholdande lesing.

    Sjølv har eg ein Harman Kardon forsterker + 2 Proson HT, kobla på datan. Det funker bra for meg, sjølv lydkortet ikkje er perfekt (sb audigy). Ein slektning av meg har eit logitect 5.1 pc-sett, det funker bra for han. Og da er det vel eigentleg ikkje meir å diskutere er det vel?

     

    Til slutt vil eg berre påpeike at dersom dykk går inn på sida med heimekinoen til MuD, da får dykk sjå noko eg personleg kallar tull. Men det er klart at det er smak og behag, så dersom det gjer livet hans betre er det greit for meg ;-)

  5. Hei, eg har bruk for å ha moglegheit til å kutte line in og line out mellom dataen og stereon min. Det pga, forstyrrelsen datan gjev på phono kanalen på stereon. Det som er viktig her er at all kontakt blir kutta. Det held ikkje å dempe lyden! Har mest lyst til at dette skal skje vedhjelp av eitt/to trykk på ein/to knapp/ar som er lett tilgjengelege frå der eg sitt ved skrivebordet mitt.

     

    Alternaltivet er å legge litt ekstra kabel og ha ei kobling som eg manuelt kuttar, men det verker litt primitivt ;-) Så dersom nokon har noko tips hadde det vore fint. Har sjølvsagt eit student budsjett som er sprengt frå lenge sidan, så det bør ikkje koste for mykje!

  6. Dersom dykk som har meir eller mindre konkrete tips kunne ha gjeve meg tips om kvar ein kan finne den mikrofon eller den typa mikrofon dykk pratar om hadde det vore fint. Men for all del kom med tips om dykk ikkje kan det òg! ;-)

     

    Dersom nokon kunne fortelje meg korleis ein best kobler saman fleire mikrofonar og korleis ein unngår ekko, hadde det vore supert!

  7. Eg har kjøpte meg eit par AKG K271s. Er skikkeleg gode, eg tykkjer dei gjev ein god lyd og er svært behagelege å ha på. I tilleg har dei ein brytar som gjer at når ein tek dei av, slår dei seg av. Det er sjølvsagt ikkje noko problem å ha dei berre på eit øyra, men i det ein legg dei fra seg slår dei seg av. Eg var litt skeptisk til dette i starten, men det verkar som om det er god kvalitet på brytaren.

    Det er eit lukka sett, noko som var viktig for meg. Ganske lette å drive, så dei kan heilt fint brukast saman med bærbart utstyr som MP3 spelare og liknande. Til slutt må eg vel nevne at i verfall eg tykkjer dei ser skikkeleg bra ut, og det er nå tross alt ikkje ein ufordel det heller!

     

    Søk litt rundt, så finn du dei heilt sikkert. Veit at i vertfall Tre45.no har dei til ein "rimeleg" penge.

  8. Eg har prøvd å sjå litt på utsnittet, men når eg skulle ha med både tre og ha X-skya mi i midten begrensa det seg litt. Kva utsnitt meiner du/dykk evt eg skulle ha prøvd?

     

    Når det kjem til kor skarpt det er, er det vel to minst to faktorar som speler inn.

    1. Eg er ikkje nokon spessielt erfaren fotograf, så noko "brukarfeil" må ein pårekne.

    2. Olympus mju300 som er brukt er ikkje eit heilt topp kamera, ikkje til kompakt kamera å vere ein gong.

    Er det noko ein kan gjere i ettertid for å få det skarpare?

  9. Her er det bakgrunnsbiletet eg bruker nå. (Full storleik)

    X-sky_Redigert_tumb.jpg

     

    Og her er orginalen til biletet (Full storleik)

    X-sky_Orginal_tumb.jpg

     

    Min favoritt del av biletet er midten av det midterste treet i den venstre treklynga, men det er sikkert ikkje alle som tykkjer det. I tilleg er X-sky i midten òg viktig for meg.

     

    Det er teke i fjor sumar, på Roskilde (derfor dei irriterande høgtalane), med eit Olympus mju300, så det seier seg sjølv at kvaliteten er noko laber. Det er òg det fyrste bilde eg nokon gong har redigert "seriøst" i Photoshop. Eg veit at det er ein kategori for redigerte bilder, men eg vurderte det dithen at dette bildet passa i denne kategorien.

     

    Alle tips, råd og kritikk blir teke imot med større, eller mindre grad av takk.

    (Og dersom nokon mot formodning skulle ha lyst på bildet, er det berre å spørja meg. Eg kan ikkje hindre folk i å bruke det, men eg sett pris på om den "tullingen" som gjer det spør meg fyrst.)

  10. Eg har planar om å spele RPG over nett. Dette sidan eg bur i ein anna by enn dei andre eg har spelt med før. Det eg da treng er ein mic som plukker opp det alle i eit rom seier relativt bra. Det probleme eg ser er ekko av mi eiga stemme sidan alle dei ikkje kan sitja med headset.

     

    Det hadde og vore fint om den ikkje hadde plukke opp for mykje lyd frå terningar og slikt ;-)

     

    Har tenkt å bruke Skype, men dersom det mot formodning skulle vera noko anna som av ein eller anna sær grunn er fantastisk mykje betre, skal eg ikkje krangle :-D

     

    Er det nokon som har noko forslag til korleis ein kan løyse dette? Kva mic eg bør skaffe og korleis ein bør setja det opp.

×
×
  • Opprett ny...