Gå til innhold

knuto

Medlemmer
  • Innlegg

    291
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av knuto

  1. Kor sannsynleg er det at beinrestar frå Jerusalem skal vera frå Jesus? Det blir vel rein gissing. Kor vidt dei har ein god grunn til å stoppa filmen, eller om det berre er konservative subjektive meiningar, kan eg ikkje seia, for eg har ikkje sett filmen.

     

    Eg vil berre føya til at det er historisk fakta at Jesus har levd, ikkje berre ein påstand frå dei kristne. Forskarane set heller ikkje spørsmål til dette. Dei seier derimot at det er mykje betre dokumentert at Jesus har levd enn at sjølvsagde historiske personar som Julius Cesar har levd. Det som aldri kan verta godteke av forskarar, er at Jesus stod opp etter martyrdøden. Det er her kjernen i den kristne trua ligg.

  2. Eg sit her med ein fire år gammal Compaq Evo N1020N. Han har vore godt brukt, og nå har den leidningen som går frå eit kretskort i botnen, antageleg hovudkortet, og opp gjennom hengslene og inn i skjermen vorte dårleg. Han har dårleg kontakt, men med å ta litt på denne leidningen fungerer skjermen utmerka.

     

    Konklusjonen er at skjermen er godt brukbar berre ved å skifta denne leidningen. Dette må jo vera eit relativt normalt problem, ettersom det er noko som før eller seinare blir utslite på desse datamaskinane.

     

    Å senda dette maskineriet på ein reparasjon, vil det kosta mykje, eller er det så enkelt at dei gjer det på 5 minutt, og ikkje tek seg særleg betalt for det? Dekselet som ligg over leidningen har eg allereie skrudd av, så det skal gå utruleg lett å skifta, om dei ikkje må streva mykje for å skaffa seg ein ny leidning.

     

    Kunne eg evt. fått tak i denne leidningen sjølv?

  3. Eg har denne Bluetooth-adaptaren liggjande her, men han har vore ubrukt etter at eg gjekk over til Linux.

     

    Nå har eg derimot fått skikkeleg bruk for han, og etter denne erfaringa å dømma så skal det fungera på Linux. Det eg lurer på er korleis. Eg har ikkje funne ein einaste drivar. (Har dog ikkje den orginale CD-en)

     

    Bruker Ubuntu.

     

    Og eit lite bispørsmål: Kva er den engelske oversetjinga av "Flyttbar disk"?

  4. God kveld!

     

    Eit av dei større irritasjonsmomenta etter skiftet frå Windows til Ubuntu er at eg ikkje lenger kan setja inn spesielle teikn i tekstar så lett lenger. Her har Windows ein heilt genial funksjon som dei har hatt heilt sidan DOS. Det går ut på å halda nede Alt-tasten medan du enkelt taster inn ascii-nøkkelen til teiknet du vil ha.

     

    Eg klarer ikkej å bli fornøgd med Gnome-panel sitt system for spesielle teikn, og å opna teikn-dialogen kvar gong blir altfor tungvindt.

     

    Finst det eit tillegg / program for ein tilsvarande funksjon på Linux? Og kva gjer de andre når de må skriva tankestrek, eller spansk med spørsmålsteikn som står opp-ned?

  5. God ettermiddag!

     

    Eg går eigentleg ut i frå at dette er fullstendig umogleg å gjennomføra, men i skrivande stund brukar eg dualboot for å ha moglegheit til å starta Windows ein skjelden gong av og til.

     

    Til mi bruk er eigentleg VMware tilstrekkeleg, men eg har endå ikkje kutta ut dualbooten, for det er så depremerande å starta med ein fersk windows-installasjon. Difor lurer eg på om det er mogleg å laga eit VMware-image av ein Windowsinstallasjon fordelt på to partisjonar?

  6. God morgon!

     

    Først og fremst vil eg seie at eg er av dei mindre erfarne Linux-brukarane. Eg har nettopp installert Ubuntu, og eg har brukt Automatix til å installera flash plug-in for Firefox.

     

    Problemet er berre at all tekst i flash-animasjoner mangler. Det vil seie all tekst som er i form av tekst, og ikkje bileter / grafikk. F.eks. tekst på chattar.

     

    Har nokon eit tips for å fiksa dette?

  7. Kan tydeleg vis ikkje bruka funksjonen system frå cstdlib til å gje Apache kommandoar. Det resulterar i cmd.exe feil. Må gjera dette på eit anna vis, men eg legg prosjektet midlertidig på hulla, for eg skal nok ein gong prøva å venna meg til Linux :)

     

    Forresten positivt overraska sidan eg har fått til eksternt skrivebord, slik at eg kan bruka min win-laptop i stova for å styra linuxen på loftet :)

  8. God kveld!

     

    På Linux er det veldig enkelt å laga ein såkalla bundle, eller bylt på godt norsk, som inneheld både det .NET-baserte programmet, og Mono sitt runtime-system. Dette kan gjerast med mkbundle.

     

    Dette fungerer derimot ikkje på Windows, så først spør eg: Er det i det heile tatt mogleg å laga ein slik bylt som fungerar på Windows? Eg vil påstå at det er på Windows ein har mest nytte av det, utan at eg vil koma med argument for det nå.

     

    Om ein skal laga ein slik bylt må ein, så vidt eg veit, ha ein C/C++-kompilator, og her må det settast opp nokre mono-filer og dill og dall. Den delen er eg elendig på, så difor lurer eg på om det finst ein tutorial for dette. Gjerne ein som baserer seg på Cygwin eller MinGW (& MSYS).

     

    Lagt til: Og dette er vel ikkje i det heile tatt mogleg med Microsoft sitt system?

  9. Hmm. Virker av ein eller annan grunn til at det der ikkje fungerer heilt ... Om eg avslutter prosessen som heiter AtShutdown.exe, så vil allikevel ikkje noko bli gjennomført. Verken om eg legg inn ein message box, eller ein system-kommando ...

     

    Kode som blei brukt:

    #include <cstdlib>
    #include <windows.h>
    #include <tchar.h>
    
    // prototypes
    LRESULT CALLBACK WindowProc (HWND hwndd, UINT message, WPARAM wParam, LPARAM lParam);
    
    // constants
    const TCHAR* WNDCLASSNAME = _T("AtShutdown");
    
    // entry point
    int WINAPI WinMain(HINSTANCE hInstance, HINSTANCE hPrevInstance, LPTSTR lpCmdLine, int nShowCmd) {
    // register window class
    WNDCLASS wc;
    memset(&wc, 0, sizeof(wc));
    wc.lpszClassName = WNDCLASSNAME;
    wc.lpfnWndProc = WindowProc;
    RegisterClass(&wc);
    
    // create hidden window
    HANDLE hiddenWindow = CreateWindow( WNDCLASSNAME,
             WNDCLASSNAME,
             WS_OVERLAPPEDWINDOW,
             CW_USEDEFAULT,
             CW_USEDEFAULT,
             CW_USEDEFAULT,
             CW_USEDEFAULT,
             0,
             0,
             hInstance,
             0);
    
    // message loop
    MSG msg;
    while(GetMessage(&msg, NULL, 0, 0 )) {
     TranslateMessage(&msg);
     DispatchMessage(&msg);
    }//end while
    
    return static_cast<int>( msg.wParam );
    }//end entry point
    
    
    // event handlers
    LRESULT CALLBACK WindowProc (HWND hwnd, UINT message, WPARAM wParam, LPARAM lParam) {
    switch(message) {
     case WM_QUERYENDSESSION:
     	return TRUE;
     
     case WM_ENDSESSION:
     	if(wParam == FALSE)
       return 0;
     
     	/* {...} */
     	system("shutdown.bat");
     	MessageBox(NULL, "xxx does not run any more ...", "Finish..", MB_OK);
     
     	DestroyWindow(hwnd);
     	PostQuitMessage(0);
     	
     	return 0;
     	
     default:
     	return DefWindowProc(hwnd, message, wParam, lParam);
    }//end switch
    return 0;
    }//end callback
    

  10. God kveld!

     

    Eg jobbar med eit prosjekt som skal vera absolutt installasjonsfritt. I den samanheng treng eg å få køyrt ei batch- eller programfil for å rydda opp når Windows avslutter. Aller helst burde det vore såpass kraftig at om Windows blir kritisk avslutta, så blir det køyrd ved neste oppstart.

     

    Dette er i tilfelle brukaren ikkje avslutter prosessen sjølv.

     

    Lagt til:

     

    Etter litt utforsking har eg kome fram til at dette antageleg ikkje går an. Derimot har eg laga meg ein teori:

     

    Prosjektet mitt blir nemleg starta av start.bat, og avslutta av shutdown.bat. Eg tenkjer at eg kunne laga eit enkelt program i C++ som køyrer som ein prosess, kun synleg i oppgåvebehandlaren.

     

    Me kallar dette programmet for atshutdown.exe. Dette bør nok skiftast til eit meir unikt namn, men den tid, den sorg. I alle fall. Til slutt i start.bat har me linja start atshutdown.exe shutdown.bat.

     

    I atshutdown.exe må eg nok bruka Win32-API-et. Programmet skal ikkje gjera anna enn å venta til det får kill-signal frå Windows. Då skal programmet køyra kommandoen / programmet det fekk som argument. Altså shutdown.bat.

     

    Om brukaren køyrer shutdown.bat før Windows avslutter vil derimot shutdown.bat avslutta prosessen atshutdown.exe.

     

    Er denne teorien mogleg i praksis, og utan å stela for mykje prosessorkraft?

  11. Eg er i gang med å vidareutvikla eit program. Til nå har programmet berre vore tilgjengeleg på Engelsk, men nå er planen å få det til på i alle fall nynorsk òg. Planen er å laga ei flatfil for kvart språk. Denne skal bli parsa ved oppstart av programmet, og all informasjonen blir lagt i minnet.

     

    Nå er eg ikkje noko vidare god innen .NET, så det første problemet kom fort. Når ei norsk språkfil blir lasta fungerar ikkje dei særnordiske teikna (les: æ, ø og å). Fila blir parsa med File.ReadAllText("norwegian.ltpl", Encoding.UTF8) og fila er lagra som UTF8.

     

    Allikevel vil ikkje dei særnordiske teikna fungera om eg printar teksten på f.eks. ein MessageBox.

     

    Antageleg eit fillespørsmål, men eg står nå i alle fall fast. Nokon som har svar?

  12. Er einig med Lurifaksen der. Photoshop og Gimp er for hakket over Ola Nordmann. Ein må ha litt kunnskapar for å gjera sjølv dei enklaste ting.

     

    Når du derimot meistrar Photoshop eller Gimp erstattar dei desse enkle programma.

     

    Eg vil forresten annbefala Paint.NET til dei som treng noko kjapt og lett, men allikevel brukbart og solid!

  13. Gimp er eit utmerka gratis alternativ til Photoshop for nesten 10 000kr. Kva er vitsen med å piratkopiere seier bare eg. Eg begynte med Gimp før eg fekk tak i Photoshop, og sjølv om eg har dei begge er det alltid Gimp eg brukar. Det er bare ein vanesak, og om du først lærer Gimp kan du gjera kva du vil utan å få dorleg samvit.

     

    Eit anna pluss er at du unngår å få store problem viss du ein gong skifter til Linux. Photoshop er faktisk det største ønsket til Linux-brukarane, og ofte einaste grunnen til at folk må driva multiboot.

×
×
  • Opprett ny...