Gå til innhold

knuto

Medlemmer
  • Innlegg

    291
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av knuto

  1. Hallo!

     

    Eg les, som nokon veit, i ei bok. No har forfattaren begynt å bruke new til meir enn han har forklart.

     

    Det er jo greit nok dersom det blir brukt slik:

    class test {
    //klasse
    }//end class
    
    test anyname = new test

    Men forfattaren har begynt å gjere slik:

    string line;
    while(getline(inFstream, line)) {
       textlines.push(new string(line));
    }//end while

    Her er det fleire ting eg ikkje heilt forstår. For det første. line er jo allereie ein string, så kvifor gidde å gjere slik: string(line) på den tredje linja. Det vil jo være heilt unødvendig?

     

    Men. Det eg ikkje forstår er. Kvifor ha new string(line). Har eg rett i at det er slik at det blir opretta ein ny plass i minnet der der den nye string(line) ligg? Funksjonen er jo slik:

    void Stack::push(void* dat)

    Det vil seie at dat er ein pointer til argumentet (string(line)). Er det difor det blir brukt new til allikevel å lage eit nytt område, i minnet, til argumentet (string(line)), slik at funksjonen ikkje brukar den delen av minnet der den "orginale" line ligg?

     

    Phu :p Vanskeleg å forklare...

  2. Ja! Etter å ha lest nøye gjennom det med arrays har eg forstått litt kva arrays er i C++. Det er visst store forskjellar mellom arrays i PHP og arrays i C++. Faktisk minner vector meir om PHP-array enn array sjølv... Array er jo bare teit i C++...

     

    Men tilbake til enum. Dersom du har den lista med vekedagar som du hadde. Korleis kan du då finne ut at du har satt vekedagen til mandag? Er det slik?

    enum Day { monday, tuesday, wednesday, thursdag, friday, saturday, sunday };
    Day d;
    d = friday;
    
    switch(d) {
       case(0):
           cout << "Det er mandag!!";
       break;
       case(1):
           cout << "Det er tirsdag!!!";
       break;
       case(2):
           cout << "Det er onsdag!!";
       break;
       ....
       ....
       case(4):
           cout << "Det er fredag!!";
       break;
       ....
       ....
       ....
    }//end switch
    

    I så fall ser eg ingen vits i det...

  3. Hallo! Dei som har følgt med litt her har fått med seg at eg har begynt å lese i ei bok.

     

    Problemet mitt er at eg ikkje er heilt stø på Engelsk. Difor har eg ikkje helt klart å forstå kva enum er god for... Det likna fælt på struct.

     

    Og anngåande struct:

     

    Eg har jo dreve litt og programmert i PHP og føler at eg beherskar det greit. I PHP har eg vendt meg til å bruke mykje arrays og enkle variablar. F.eks. slik:

    array(
       "namn" -> "Klaus Olsen",
       "telefon" -> "58401840",
       "alder" -> 3
    );

    Dersom eg hadde mange personar ville eg bare ha laga dei i ein slik struktur:

    array(
       1 -> array(
           "namn" -> namn
           ....
       )
       2 -> array(
           "namn" ...
           ....
       )
    );

    Eg forstår jo (trur eg) at det er i slike situasjonar at struct kan være god. Men eg forstår ikkje heilt korleis. Kan eg lage ein struct med struct slik at det blir slik?

    string namn = personar.5.namn
    string epost = personar.5.epost
    osv...

    Altså med fleire "ledd". Viss det går ville det jo vore hendig, men eg ser allikevel lite vist i å kutte ut arrayen til slik beandling...

     

    Eller forresten. I ein struct kan du jo gjere slik at personar.namn er datatypen string, og personar.alder er int... Dette er jo greit. Men alt er jo mykje greiare i PHP ettersom ein array (og forsåvidt alt) kan innehalde tekst og tal omm ein annan.

     

    Det same gjeld vector. Den er jo og like grei og kutte ut. Eg ville som PHP-programmerer heller ha brukt ein array...

     

    Som de ser er eg sterkt forvirra etter å ha programmert PHP. I PHP er det jo ikkje vits å tenkje på datatypar (untatt ved sikkerheit ved bruk av SQL). Gidd nokon å prøve å forklare meg litt om desse tinga... Eg forstår kanskje meir når eg har lest ut boka og programmert litt og skaffa meg erfaringar. Men eg vil vite litt no òg. Ellerso forsvinn det bare ut av hjernen igjen...

  4. Ikkje for å dra opp ein gamald tråd, men:

     

    Eg synes guten skulle ha prøva seg med å lage ei heimeside. Dersom han kjem seg forbi HTML-delen er det ikkje lang vei til PHP. PHP er jo eit forhaldsvis lett, men allikevel ganske avangsert (i alle fall mykje betre enn QBasic) programmeringsspråk.

     

    Det som er så fint med heimesider er at han kan lage noko som andre kan sjå, og diskutere ting med andre lettare. Men det avhennger at de har nokon form for breiband / ADSL, ellers kan telefonrekninga fort bli stor...

     

    C++ blir, som nemnt av andre her, altfor tungt for ein 9-åring. Men ellers er det jo ganske greit å kunne litt programmering.

     

    Men det blir litt feil å kalle programmering for matte. Du må jo kunne matte. Du må ofte ta matematiske valg, men i programmering er det mest det å tenkje logisk som er kunsten...

  5. Tusen takk. Etter å ha lese nøye og tenkt(!) gjennom ein kode eg fant på MDSN fant eg ut korleis eg kunne benytte mange av consol-funksjonane. Ganske tungvindt må eig seie, men det fungerar fett, og det er jo det viktigaste...

     

    Fant òg ut korleis eg kunne endre vindaugestørrelsen til fullscreen.

     

    Neste: Kva må eg søke etter (!) for å få til ein tekst som er klikkbar. Liksom slik at "Trykk her". Når personen trykkar skal det f.eks. printast "hei" eller gjerast noko som å printe ut ein heil ny meny. Med andre ord: Korleis lage ein trykkbar knapp som ein kan bruke musa (!) til å trykkje på.

  6. Som sagt forstår eg ikkje mykje av alt dette rotet... Eg vil bare skrive litt tekst, og er ikkje interresert i å kode ørten hundre linjer med tung kode bare for det. Det vil vel køyre seing òg...

     

    Gidder nokon å gi eit eksempel, ikkje bare linke til MDSN. Eg har lest meg sjuk på MDSN, men forstår fortsatt ganske lite...

     

    PS: Dersom eg maser: Ikkje klag, men oversjå denne tråden.

  7. Hallo

     

    Eg har no kome så langt i C++ at eg kan lage grunleggjande DOS-programmer. Det vil seie slike som:

    Velkommen til ditt & datt

     

    Trykk 1 for ditt

    Trykk 2 for datt

    Men eg vil vidare. Eg vil liksom ha betre brukargrensesnitt i programma mine. Eg vil ha inn musa!!

     

    Men først. Eg har jo ikkje i det heile tatt kontroll på informasjonen som eg sender ut. Det vil seie. Korleis kan eg lage eit script som viser eit klokkeslett. Kvart sekund skal klokka oppdatere seg. Her er det einaste eg kan gjere slik:

    Klokka er 16:46:03

    Klokka er 16:46:04

    Klokka er 16:46:05

    Klokka er 16:46:06

    Klokka er 16:46:07

    Klokka er 16:46:08

    Klokka er 16:46:09

    Men eg vil oppdatere klokka, ikkje skrive ut ei ny.

     

    Etterpå lurar eg på ein god del til angåande dette som eg vil poste i denne tråden (slik at det bare blir ein tråd å oversjå for de som hater nybegynnarspørsmål), men eg trur eg tek bete for bete...

×
×
  • Opprett ny...