Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

Samms

Medlemmer
  • Innlegg

    1 807
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Samms

  1. Kva som er akseptabelt for partane blir avgjort med våpen. Ukraina hadde ein brukbar posisjon å forhandle frå hausten 2023 då fronten i stor grad hadde frysi fast og det ikkje var tvil om USA sin støtte. No gnager Russland seg framover og vurderingane er at våpenstøtta Ukraina får ikkje er tilstrekkeleg til noko motoffansiv. Og fram til etter valet i USA er det usikkert kva støtte Ukraina får vidare så Ukraina har no ein dårlegare forhandlingsposisjon. Kven som blir president i kven som får fleirtal i senatet og kven som er fleirtalet i representantenes hus i USA kan kvar for seg avgjere om det blir meir, mindre eller like mykje støtte til Ukraina frå USA. Om Kina samtidig ikkje tillater at Russland taper så kan heller ikkje Ukraina vinne. Det betyr at det fortsatt blir ein utmattingskrig på Ukraina sitt territorium. Ja, Russland blir sakte svekka, problemet for Ukraina er at øydeleggingane der til no har vært større. Og for kvart år som går kjem færre flykningar frå Ukraina til å nokon gong vende tilbake. Når du skriver raZZland og argumenter som du gjer så virker du useriøs, eventuelt som ein som utgjev seg som Ukraina patriot for å få dei til å sjå ut som idoter. Det hjelper ikkje Ukraina å bli tatt som useriøs.
  2. Det kan bli vanskeleg å kome utanom ei forhandlingsløysing i Ukraina. Militært resultat og styrke blir då grunnlaget for kvar grensa i ettertid blir satt.
  3. Du er glad i å poste bilete a øydelagt russisk utstyr, men i følge lista du posta så finnes det bilete av ein del øydelagt ukrainsk materiell også. Og det er tala som tel. Det som fullstendig manglar på lista er talet øydelagde kraftstasjoner, trafostasjoner og industrianlegg for våpenproduksjon. Bortsett frå samanstilling av droner så ser det ut til at Ukraina ikkje har klart å mobilisere industriproduksjon av artellerigranater, luftvernmissil og anna dei bruker i høgt tempo. Ukraina er heilt avhengig av å få våpen utanfrå.
  4. Om det er Russland som står bak så er vel det berre eit av mange forsøk og det er tydeleg vis ein del som hjelper Russland i Ukraina. Spørsmålet er motivsjonen, eigen vinning, indre maktkamp eller ynsker nokon å forhandle fred og ikkje kan gjere det med Zelenskyj i posisjon?
  5. Størrelse på doppleskift på grunn av at "bakkestasjonen" er i bevegelse kan reknast ut, og den som gjer det ser om det er signifikant samanlikna med dopplerskift på grunn av satelitten sin bevegelse. Eg kikka raskt på nettet og det ser ut som om antenna i satelitten har ei strålebreidde på 5 grader og at den setter opp fleire stråler samtidig, ein for kvar rute i dekningsområdet. Med programvare går det då å samanlikne signalnivå i dei ulike strålane for lage ein smalare stråle virtuelt. Om posisjonen og bane til satelitten er godt kjent kan den også brukast som syntetetisk apperature der antennestørrelsen er lik avstanden satelitten har kontakt med bakkestasjonen. Då blir posisjonering av målet svært god. Om nokon har ein satelitt med radarantenne for riktig frekvens så kan den programmerast for syntetisk apperature og finne possisjon til ein bakkestasjon.
  6. Og Ukraina gjev motstridande opplysningar. Dei stoppa offensiven i 2023 på grunn av hard motstand (store tap?), men har offisielt berre litt over 30 000 døde soldater.
  7. Vel, kanskje trivielt å forfalske posisjonen, men om Starlink bruker posisjon for å rette antenne i satelitt og bakkestasjon mot kvarandre så går det ut over funksjonaliteten. Sporing av Starlink er kanskje eit større problem for Ukraina, dei kan sporast og om Ukraina er uforsiktige avsløre mål.
  8. For at det ikkje skal bli brudd i datastraumen må det være overlapp der to satelittar begge er synlege for bakkestasjonen. Med phased array i satelitten blir nok dette brukt til å få best mogeleg signal/støyforhold og det betyr at antenna blir "retta" mot bakkestasjonen. Og for å gjere det må posisjon til målet være kjent eller finnast. Og med phased array så blir posisjon funne ved prossesering. Kor synlege direktive antenner er utanfor senter av strålen kjem an på kor direktive dei er og om dei har sidestråler. Bitraten på linken er avhengig av signal/støyforhold og signalstyrke for spesifisert bitrate er gjerne mykje høgare enn sigal nødvendig for å peile sender.
  9. Starlink er vel satt opp med mange satelittar i låg bane. Med riktig programvare så kan då satelittane triangulere stasjonar på bakken for å finne posisjonen på same måte som ein satnav mottaker på bakken triangulerer satelittane for å finne posisjonen. Nøyaktigheita på posisjon blir då i stor grad bestemt av kor god, nøyaktig, klokke Starlink satelittane har. Posisjonering kan då bli nær like presis som sivil GPS. Med kjennskap til frekvens og protokoll så er det også mogeleg for andre å plassere satelittar i bane for å finne posisjon til Satlinkterminaler på bakken. Det kan sansynleg gjerast utan å kunne dekryptere datastrømmen, det blir som å peile ein radiostasjon. Signaletteretningsfly/droner kan og utrustast for det same, men kan berre overvåke eit mindre område. Edit: Med låg banehøgde på satelittane må bakkestasjonane skifte mellom satelitt ofte. Om posisjon til bakkestasjon er kjent er det lettare å få til å virke sømløst.
  10. Gitt at det første du ynsker slår til er det ikkje sikkert at det andre er så enkelt. Noko nytt kan vokse fram frå ruiner, men det behøver ikkje å vere betre enn det som var. Og kven fienden var som var med på å øydelegge landet blir hugsa, lenge. Skal Russland beseirast og gjerast om til noko anna så må det okkuperast, etter å ha blitt invdadert og invasjonsstyrkane har tatt full kontroll. Og ikkje noko liksom okkupasjon som den i Irak og Afghanistan der det vart satt inn alt for få soldater til å ha kontroll på bakken. Okkupasjonsstyrken må vere fleire millionar soldatar.
  11. Det er realpolitikkbiten og diplomatisk etikette også. Observer at ein dag er kanskje krigen slutt, makthavare kan ha skifta mange plasser i verda og då er det greit å stadig ha diplomatisk forbindelse med alle naboland.
  12. Det kalles realpolitikk og diplomatisk etikette. Norge grenser til Russlan og må forholde seg til det. Det å sende ambasdøren er vel det lågaste representanten som kan sendast og eit klar signal på Norge sin posisjon politisk. Til innsetting av president i eit alliert land møter fort statsminister og ein større delegasjon. Så å sende ambasdøren og ingen andre er eit klart signal på missnøye.
  13. USA kjem neppe til å gje Kina det dei ynsker då det betyr at Kina kan fortsette å utvikle seg økonomisk og teknologisk like raskt eller raskare enn USA. Eg tipper at Kina ynsker seg at all restriksjon på eksport av teknologi til Kina blir oppheva og at andre handelsrestriksjonar blir oppheva.
  14. Det kalles informasjonskrig. For å påvirke opinionen og styre den i "riktig" retning. Når det er motstanderen som gjer dette hjå oss er det fy fy, når me gjer det andre stader så er det "pressefriheit". Det er ein grunn til at mange land har lover mot utenlandsk påverknad. Berre vent litt så blir dei skjerpa inn her og.
  15. Kinesisk økonomi er opak, det er vanskeleg å vite kor god eller dårleg den er. Det er også ein del svært partiske dommedagsprofetar på kinas vegne i vesten. Viktigare er kanskje at svært mange av dei økonomiske forståsegpåare, økonomiske eksperter, legger det dei kan om vestleg økonomisk system for vurderinga av Kina. Då blir resultatet feil. Evergrande Group har gått konk, men det kan sjå ut som utenlandske investorar er dei som har kome dårlegast ut av det. Fullstendig samenbrudd i kinesisk eigedomsindustri kan fort bli eit like stort problem i vesten når vestlege investorar må ta store tap.
  16. Eg såg det, difor "ikkje samstemt i ordlegging". Og opplysande til diskusjonen frå begge.
  17. Og om "vesten" kutter alle bånd til Kina så taper dei ingenting på å gå fullt inn på Russland sin side. Ukraina får også utfordringar på kort sikt, masse av delane til dronene dei setter saman er produsert i Kina.
  18. Snikepelik og Serpentbane er meir oppdatert enn meg: (Om enn ikkje heilt samstemte i ordlegginga.)
  19. Det er lenge sidan eg var i militære og fekk undervisning i folkeretten. Militære mål er legitime mål for militære. Utan uniform er angriper, eller forsvarer, ikkje lenger militær, men sivil. Og så får du sjekke kva reglar som gjelder for sivile i krig.
  20. Snu litt på det, om Ukraina ikkje har større tempo på gjenerobringa så bruker dei rundt hundre år på det. Tid for å handle aksjer i våpenprodusentar?
  21. Dei gongane eg har sett Hitra så har den vært grå og heilt tydeleg eit militært fartøy. Styrkane i englandsfarten hadde då mariefartøy og uniformer. Og var regulært stridande.
  22. Lovleg mål for Ukrainske militære i Uniform. Ikkje for sivilister i det okkuperte området. Så ok om Ukraina brukte ein krysserrakett eller liknande, ikkje ok om ein agent i sivil brukte eksplosiver.
  23. Sanksjonane lekker som ein sil. Nord Korea har vært utsatt for sanksjoner i tiår og dei klarer å få importert dei nyaste delane frå "vesten", satt saman våpen med dei og eksportert våpna i løpet av månader.
  24. Heilt klart ein krig på gang. Og begge sider går på akkord med reglar for krigføring. Poenget er at det er vanskeleg å argumentere med å være "den gode" når begge parter er like gode, ok dårlege, litt etter kvar område det er snakk om.
×
×
  • Opprett ny...