Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

Samms

Medlemmer
  • Innlegg

    1 946
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Samms

  1. Interessangt i VG og kanskje dei mest interesange punkta kjem mot slutten av artikkelen. Donald Trumps spillteori: Hvordan har Trump endret verden? Og det er det samme observasjonen eg leste om rike i USA for fleire år sida. Det var viktigare å få ein større andel av rikdomen i landet enn å auke sin rikdom ved at alle vart rikare. Og det seier det meste om Trump som strateg i verdensøkonomien. Tenker han ikkje gjenntatt spill så tenker han ikkje langsiktig strategi.
  2. Ikkje kven som solgte eller lot være å kjøpe, likevel grei bakgrunnsinformasjon: The bond market is acting weird. It spooked Trump | CNN Business
  3. Det ser i alle fall ut til å være fullstendig kulturkollisjon: Trump is waiting for Xi to call. The Chinese see it differently | CNN Politics
  4. Med mengda gull i verda så hade du neppe trengt så mange mynter for å bytte til deg ein bil.😉 Sentralbanken trykker ikkje opp penger til boliglån, det gjer bankane, no står det til og med på sentralbanken sin netside: Hvordan skapes penger? Tingen med "harde" penger, gull eller andre er at det er ei i praksis endeleg mengde av dei. Det betyr at økonomisk vekst kun kan komme ved innovasjon. Det betyr også at skal systemet fungere så kan det ikkje tas renter på penger. (Tydeleg om du ser på matematikken i renter.) Det positive med "harde" penger er at stabilitet er bedre enn evig vekst for miljøet. Denne diskusjonen er eit stykke på sida av Trump i USA, men Trump har absolutt vist at han kan få til endringar. Akkurat kva endringane til slutt blir veit me i ettertid. Det kan hende han senker både US dollar og aksjemarkedet i USA.
  5. Dei som styrte Kodak hadde heller ingen tru på at det kunne skje endringar. Mange andre dømer også. Om det går som JK22 spår med borgerkrig i USA så blir det interesant å sjå utviklinga på kursen til US dollar og aksjer i USA.
  6. USA bør heller ikkje legge seg ut med Japan. Japan sin andel av USA si statsgjeld har gått opp dei siste åra, Kina har stille og roleg minska sin del.
  7. Igjen du forutsetter at det ikkje er balanse i handelen. Med balansert handel, ingen grunn til å investere. Den underliggande anntakelsen din ser ut å være at verden i framtida kjem til å være som den har vært og med det slik den er i dag. Pengesystemet verden har i dag har eksistert sidan 1971 utan store modifikasjoner. Før det var det eit anna pengesystem i periodene frå etter andre verdenskrig til 1971. Før dette var det i den vestlege verden variantar av gullreservesystem frå attenhundretallet. Så det er ikkje umogeleg at med ti år fram i tid har eit anna pengesystem som kan være grunnleggande ulikt dagens. Historisk har alltid fiatpengesystem hvis dei har blitt erstatta blitt det med "harde" penger. Det betyr ofte gull.
  8. Kina var eit av dei første landa i verda som hadde og brukte fiatpenger og har gjort det mange ganger i løpet av historia. Det kan være at kinserner då har lært at fiatpenger, det vil seie pengesystema, er noko som kommer og går med ujamne mellomrom. Så ei forklaring kan og være at kineserane veit forskjell på investering, verdioppbevaring og spekulasjon. Sidenote, nordmenn plasserer stort sett også penger i eigedom.
  9. Og for å oppbevare "penger" over tid kjøper kineserne gull som dei legger under madrassen. Eller oppbevarer ein annan plass der dei har fysisk kontroll på gullet. Slik også Indere gjer.
  10. Siste rest av gullstandard forsvann i 1971. Etter det har pengesystemet vært eit reint fiatsystem utan noko formell backing av pengane implementert som eit fraksjonsreservesystem. Med Kina på sidelinja som gjer ting på sin måte. Interessant nok har USA gått vekk fra fraksjonsreservesystemet. Banker i USA har ikkje lenger krav om å ha eit minste beløp på konto hjå FED. Frå 1971 til i dag er det over femti år, det er lang levetid for eit fiatpengesystem.
  11. På meg ser det ut som din forutsetning er at verden alltid vil være som den var og då er akkurat i augneblinken. Din argumentasjon i eksempelet med Kina har i alle fall to forutsetninger. At Kina har eit handelsoverskudd på denne handelene og at det for handelsparten i Kina er betre investeringsmuligheiter og færre kapitalkontroller i USA. Trump har uttalt at han ønsker å fjerne den første. Både Trump og Biden har inført kapitalkontroll for kinesiske investeringer i USA og dermed svekka investeringsmuligheitene. Og blir desse to forutsetningane vekke så er det ingen grunn for andre enn USA å handle i US dollar med Kina. Med Kina som stor vareeksportør kan det for andre land være interssant å selge sine varer til tredjeland i kinesisk valuta for å kune handle varer frå Kina.
  12. Inflasjon er og har altid vært på grunn av ekspansjon av pengemengda, definisjonen på inflasjon. Inflasjon viser ikkje alltid igjen på konsumprisindeksen med ein gong, auka pengemengde kan ta vegen inn i finans elller eigedomsmarked og blåse opp verdipapirkurser eller eigedomspriser. Likevel, før eller seinare tar inflasjonen vegen til forbruksvarer og prisane stig. Auka pengemengde hadde blåst opp verdipapir og eigedomsverdi og deretter fann pengane vegen til forbruksvarer. Med meir penger i omløp og like stor mengde varer så vart ikkje varene dyrare, det var pengane som vart mindre verdt.
  13. Det er veldig upraktisk, men om valutasystemet bryter fullstendig saman så kan det bli resultatet. Det er ikkje sikkert det blir så mykje valuta å oppbevare, i tilfelle barter er det varebytte og ingen penger invovert. I praksis så er det sansynlig at det blir ulike regionale valutaer. Handel fungerte også før Euro vart inført, handel fungerte før US dollar vart dominerande så bortsett frå at det er upraktisk så fungerer det med mange valutaer.
  14. Kvifor overføre til US dollar? Og kvar kom Yuan inn i biletet? Om Norge handler med Sverige i norske eller svenske kroner er det ingen grunn til å involvere hverken US dollar eller kinesiske Yuan. Bryter posisjonen til US dollar kan resultatet like gjerne bli barter som å bruke annan valuta. Til dåmes kan Norge ende med å selge elektrisk straum og kunstgjødsel til Danmark og få betalt i korn og insulin. (Novo Nordisk er stor produsent av medisinsk insulin i Danmark.) Avregna i kroner, men i praksis ein bilateral byttehandel. Det kan være realiteten om US dollar mister posisjonen som verdensvaluta.
  15. Så det er heilt umogeleg at all handel mellom land blir bilateral og gjort opp i eit av landa sin valuta? Og at USA ikkje får bruke sin valuta til bilateral handel? Observer også at posisjonen som transaksjonsvaluta kan skilje lag med posisjonen som reservevaluta.
  16. USA's eksepsjonalisme til det ytterste. No også direkte uttalt frå Washington.
  17. Mange diskuterer kva valuta som kan ta over for US dollar som verdensvaluta og viktigaste reservevaluta. Få stiller seg spørsmålet om det etter US dollar blir ein annan verdensvaluta og leiande reservevaluta. Det er fullt mogeleg at om US dollar mister sin posisjon som verdensvaluta og reservevaluta så tar ingen over. Eit av teikna på det er at mange land, blant dei Kina, har starta å bygge opp strategiske lager av olje, matvarer, kritiske råvarer og halvfabrikata. Fiatpengesystemet bygd opp med og rundt US dollar er det lengstlevande fiatpengesystemet i historia. Ingen fiatpengesystem har tidlegare vart så lenge.
  18. Når det gjelder stormakter så bør alle hugse på at det finnes ikkje venner, berre interesser. Norge har fordel med å ha eit vennskap med Sverige. Overfor USA, Kina og andre stormakter gjelder det for Norge å ivareta sine interesser.
  19. Tal er svært usikre, det stemmer. Ingen ser ut til å ynske å rapportere noko meir enn anslag og det ser ikkje ut til å finnes noko uavhengig presse når det kjem til denne typen opplysningar. Gjeve talet på leigesoldater frå Colombia i andre konflikter er det likevel ikkje urealistisk.
  20. Det er ein grunn til at eg sa "biletet av USA som moralsk fyrtårn"😉
  21. Vel, her har eg meir tru på Apathy og Mag ne. "Ekspertane" tolker og kjem med ulike forklaringar. Unntatt den mest nærliggande, Trump og venner er banditter og tjener penger på tvilsame metoder. Eigentleg er det to kjente taktikker i aksjemarkedet dei bruker. "Short and distort" og "Pump and dump" der dei bruker presidentordrar til å manipulere markedet.
  22. Få eksakte tall, men fleire kilder kjem med anslag på at mange fleir enn 500 colombianere har deltatt i krigen. Colombia’s Economic Woes Push Fighters to Join Ukraine War - The New York Times Og talet på soldater frå Colombia på jakt etter jobb er stort: Colombia’s deadly export industry, by Hernando Calvo Ospina (Le Monde diplomatique - English edition, February 2024) Så det er ikkje usansynleg at mange fleir enn 500 colombianere har deltatt i krigen i Ukraina. I midtøsten var det vel over 10 000 colombiske leigesoldater på det meste. Med tapstalla ved fronten i Ukraina er kanskje 300 døde ikkje urealistisk. Edit, retta til 300 slik det stod i første post.
  23. Leiesoldater er vel stort sett "frivillige" så leigesoldater på russisk side er også frivillige. Dei er der for pengane og motivsjonen er penger om dei er på russisk eller ukrainsk side. Trur du alle frå Columbia som kjemper på ukrainsk side er der av ideologiske grunnar eller for pengane? Når det på tapstalla ser ut til å være fleire frivillige frå Columbia enn noko anna land på Ukraina si side? Chinese soldiers in Ukraine: Is Beijing sending troops to back Russia? | Russia-Ukraine war News | Al Jazeera
  24. Sjå ikkje vekk frå at ein del av dei rundt Trump er der for å påverke og få gjennom sine politiske ynsker. Dei ser ikkje grunn til å stoppe Trump, dei ynsker stort sett det samme.
  25. USA er ikkje rota til allt ondt. USA er ei stormakt som ivaretar sine interesser, vel til Trump og co kom til makta. Og stormakter gjer noko godt og noko gale etter kva som tjener deira interesser. USA har ikkje vært spesielt "onde" eller "gode", dei har gjort det som har tjent deira interesser. Bortsett frå nå dei som andre stormakter har rota det til slik at dei enda med å øydelegge for seg sjølv. Trump er ikkje den første presidenten i USA som øydelegger for USA, men ingen har klart å ødelegge så mykje for USA. Nokre land har kome godt ut av at USA har ivartatt sine interesser, andre ikkje.
×
×
  • Opprett ny...