Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

barfoo

Medlemmer
  • Innlegg

    2 086
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av barfoo

  1. Den gjeld heller ikkje for reint personlege føremål. Den avgrensar heller ikkje journalistiske føremål til redaktørstyrte medier. Viare avgrensar den ikkje filming eller fotografi. Den er altså ikkje relevant for å skilje mellom at eg filmar noko og at aftenposten filmar noko. Prøv igjen. Irrelevant. Vi snakkar ikkje om kjeldevern her, men om publisering. Igjen komplett irrelevant. Det er snakk om å publisere bilete av ulukker, ikkje å få vere til stades i ei rettssak som går for lukka dører. Så kva er det som gjer at aftenposten kan publisere eit bilete eg ikkje kan publisere? Ver konkret.
  2. Du har hjelpeplikt. Dvs. at du kan ikkje prioritere å filme over å hjelpe. Men i tilfelle der t.d. ambulanse er på staden, og dei ikkje etterlyser meir hjelp frå forbipasserande, så vil ikkje hjelpeplikt vere eit aktuelt hinder for å filme.
  3. Jøss, det var nytt for meg. Kan du utdjupe kva i lovverket som legg opp til den skilnaden?
  4. *kremt* Burde det vere lovleg å filme i den situasjonen?
  5. Du provar absolutt ingenting, du gjentar ein påstand til det kjedsommelege. Og som sagt - likskapen og arva frå andre religioner er nok langt sterkare provl på opphavet enn det du kjam dragande med.
  6. Nei. Det er heimel for å straffe publisering og brot på vtl. Du kan ikkje tolke det der som eit generelt forbod.
  7. Nei, det bør ikkje det. Det er mange døme på at film har avdekka myndigheitsmisbruk og uheldige omstende. Filming bør vere lovleg. Publisering er, og bør vere, ulovleg. Men filming? Ja takk. Det er ein av få måtar sivilsamfunnet har for å dokumentere myndigheitsmisbruk frå t.d. politiet.
  8. Og tingen - som du ikkje evner å forstå er at det er komplett uinteressant. Ingen som ikkje er religiøse trur på at boka har eit slikt opphav. Ikkje på grunn av faktafeil, men fordi ... vel, dei trur ikkje at den påståtte forfattaren eksisterer. I tillegg er det veldig mange andre ting, som t.d. at den er viareføring av tidlegare regionale religionar som er langt sterkare indikasjonar på opphavet enn det du kjem med. Og i motsett fall så er alle religiøse - muslimar og andre - veldig flinke til å bortforklare etter behov, så du omvender ikkje akkurat dei heller. Innvendingene dine er irrelevante og uinteressante. Du sparkar inn opne dører og forsøker å framstå som lærd.
  9. Nei. Du burde skaffa deg kunnskap om det på eit langt tidlegare tidspunkt, fordi du var kjent med at du bestilte ei teneste som hadde ein kostnad, og at du hadde eit innbetalt depositum. Du kan ikkje lukke augene og så klage på at du ikkje ser.
  10. I ein del tilfelle forskotterer staten det, t.d. i valdssaker. I andre saker, t.d. svindelsaker, så får du ikkje pengane om det ikkje er pengar å hente. https://www.voldsoffererstatning.no/
  11. Det er ikkje trygt eller lovleg. Konsekvensen er jo i essens at du *lager* jordfeil i nettet når du bruker den kontakten. Om du finn slike godbiter bør du få elektriker til å ta ein sjekk av heile installasjonen, for det der er så grov feil at du nesten garantert vil finne andre - farlege - ting.
  12. Det litt sentrale her er jo at vedkommande trådstarter framstår lett monoman, gitt valg av nick og intensitet. Det er ... liksom ikkje ein debatt, men soapboxing. Når vedkommande då avviser tilsvarande problem i andre religiøse tekstar er komedien komplett. For å sitere bibelen: Kvi ser du flisi i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga vert du ikkje var? Korleis kann du segja til bror din: Bror, lat meg taka ut flisi som sit i auga ditt! du som ikkje ser bjelken i ditt eige auga? Hyklar! Tak fyrst bjelken ut or ditt auga, då kann du sjå å taka flisa ut or auga åt bror din.
  13. Håper du å drukne folk i så mykje tekst at dei ikkje gidd lese, @arne22? Du svarte jo ikkje på spørsmålet, men du skreiv jo omtrent ei novelle om alt anna.
  14. Er det? Det er ikkje fullstendig åpenbart for meg at det er kopien som har vorte nytta.
  15. Tingen er at det er totalt irrelevant å påpeike faktafeil i religøse tekstar. Du overtyder absolutt ingen religiøse ved å påpeike feil i hverken koranen eller bibelen. Og for dei som ikkje er religiøse er stortsett ikkje problemet faktafeil i religiøse tekstar, men at dei ikkje trur, enkelt og greit. Så emnet er enkelt og greit irrelevant for omlag alle, og einaste du oppnår er strengt tatt å framstå som litt ... spesiell, gitt valg av nick og intensitet i argumentasjonen din.
  16. Uhm. Fråver av tru er ikkje tru. Eller går du aktivt rundt og trur at du ikkje har hagegnomer under kjøkkenbenken?
  17. Er det aliens som har flytta på dei da? Meg bekjent hopper ikkje fliser rundt på eiga hand. Her er det slett jobb, og eg hadde krevd erstatning for øydelagde fliser.
  18. Om ein sofa til 30k ikkje skal vare vesentleg meir enn to år vil seljar ha opplysningsplikt om det før handelen. Ein sofa til den prisen skal halde i minst to år, og har følgjeleg fem års reklamasjonsrett.
  19. Ja, eg hadde jo håpt @Trestein skulle utdjupe talet. Viare så er det jo verdt å merke seg at vedkommande ikkje reknar med produksjonsomkostninger for olje i reknestykket for bensinbil, og tar utgangspunkt i elbil med høgt forbruk og bensinbil med lågt forbruk, og litt anna. Det framstår ikkje som eit forsøk på debatt, men forsøk på FUD.
  20. Kor kjem talet på 10 tonn på? Viare så er det plenty med livsløpsanalyser på elbil - og konsensus er påfallande nok ikkje det du hevder. Så det du kjem med framstår stortsett som FUD. Viare så er det åpenbart mogeleg å få både straumproduskjon og batteriproduksjon i fornybar retning, mens det er nær umulig med forbrenningsmotoren. Difor vil ein elektrisk bilpark kunne nyttegjere seg vind umiddelbart; bensinbilen din kan ikkje.
  21. Tilsvarande om motor eller girkasse havarerer på ti år gammal bensinbil. Det er ikkje alle feil som lønner seg å reparere. Det er ikkje unikt for batteribiler. Veldig få - fordi batteriteknologien i dei tross alt var basert på NiMH, ikkje lithium, så dei har såpass låg energitetthet at det er uinteressant. Men generelt er det få tjue år gamle biler på vegen; snittalderen er 10-11 år... Om du tek kun småbiler tipper eg det er endå lågare snittalder...
  22. Kvifor er det ingen som gir 20 års garanti på motoren? Eller girkasse? Det er veldig få motorer og girkasser som ryker, men like fullt er det ikkje 20 års garanti på dei delane... Fordi veldig få ikkje er null, så kostnaden er ikkje null. Liten, men ikkje null. Bilfabrikanter har funne ut at folk heller vil ha en bil som er en tusenlapp billigere enn gratis motorbytte om den ryker etter 8 år. Det samme gjeld truleg batteri.
  23. Nei. Eit batteri er ei samansetning av fleire celler. Batteriet er totalen.
  24. Nei, det er ikkje snakk om å registrere kor mange poser du kjøper. Det er snakk om snitt i befolkinga. Det er ingen som har foreslått eit register, det er fri fantasi og ein gigantisk stråmann. Kjøp søppelposer på rull? Dei er tynnare, og vil neppe havne like lett på avvege som plastposer gjer? Det er fantastisk at du har sakleg argumentasjon, og at ikkje narrativet ditt kun er politikerforakt. Det her er faen meg grunnen til at eg ikkje gidder politiske diskusjoner her inne. Det er jo gjørmebryting, og null faktisk diskusjon om politikk, kun brønnmiging og usakleg vas.
  25. Snakk om å kjempe mot vindmøller. Det er snitt-tal for befolkinga. Er det problematisk at ein har mål som går ut på å redusere forbruket av unødvendige ting?
×
×
  • Opprett ny...