barfoo
Medlemmer-
Innlegg
2 084 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av barfoo
-
D'oh. Du beviser liksom poenget. Ingen forsøkte å sensurere det. Forskinga som antyda effekt var derimot full av feil og mangler. (Dette er forøvrig døme på fagfeltet statistikk, der dei oppgir konfidensintervall, relativ risk, og feilmarginer. Utan statistikk kan du enkelt og greit ikkje finne ut om medisin fungerer eller ikkje!) Uhm. Var det fordi folk ikkje trudde på det, eller fordi tredje og fjerde dose faktisk ikkje vart pusha veldig hardt for folk utanfor risikogruppene? Nedgangen er jo ikkje overraskande; det ville vore meir overraskande om den ikkje kom. Dette er forøvrig ekstremt illustrerande. Talla er greie, men du kan ikkje konkludere slik du gjer på grunnlag av talla.
- 182 svar
-
- 5
-
Ein rasjonell grunn er at folk som har gjort feil kan fortelje om det, utan å frykte konsekvenser. Om det er ein god grunn eller ikkje får du avgjere, men det er ofte grunnen til hemmeleghald i så lang tid; det skal ikkje kunne slå tilbake på enkeltpersonar medan dei framleis er i live.
- 182 svar
-
- 1
-
Korleis avgjer du om ei endring er signifikant eller tilfeldig? Korleis avgjer du om det er korrelasjon eller kausualitet? Korleis evaluerer du om eit legemiddel fungerer eller ikkje? Korleis vurderer du om utvalsstørrelsen er stor nok til å trekke konklusjoner? Du kan ikkje finne ut noko av det ved å sjå på talla. Du må bruke statistiske metoder. Igjen; du forstår enkelt og greit ikkje kor lite av fagfeltet du forstår, og det gjeld også medisin. Det er veldig åpenbart at kritikken din er totalt verdilaus, fordi du enkelt og greit ikkje har fundament for den. Det er ikkje personangrep eller hersketeknikker; det er basert på det du skriv. Personangrepa og hersketeknikkane er det strengt tatt ud som står for...
- 182 svar
-
- 4
-
I tillegg til det over - statiner er brukt av "halve befolkinga" - det er ekstremt vanleg medisin. Ergo er sjølv svært skjeldne bivirkninger kjent - fordi mange hundre millioner personer bruker det.
-
Igjen; du fornekter at fagfeltet eksisterer. Dette er ikkje ein interessant diskusjon, for du kler deg så fullstendig naken. Det er ikkje hersketeknikk; alle som har hatt eit statistikkfag forstår kor fordømt langt ute på bærtur du er. Ein ting er ueinighet. Her fornekter du faktisk eit fagområde som er sentralt for å kunne forstå og tolke moderne vitenskapsbasert medisin, og då er det enkelt og greit ikkje grunnlag for å diskutere; det er bare å trekke på skuldrene og konstantere at du ikkje forstår temaet. Og igjen; dette er ikkje eit lite poeng. Statistikk er grunnlaget for vitenskap og moderne evidensbasert / vitenskapsbasert medisin. Har du ikkje statistiske metoder kan du ikkje finne ut kva som virker og ikkje; du kan ikkje finne ut kva studier som er dårlige, og kva som er gode, og du kan ikkje utføre metaanalyser. Du riv med andre ord fundamentet under diskusjonen. Det finst ikkje grunnlag for diskusjon når du gjer det.
- 182 svar
-
- 5
-
Det var ikkje det du skreiv, men greit nok. La oss anta det var det. Og så da? Deltakelse i overnasjonale konvensjoner er jo ikkje noko nytt; ein kan t.d. nemne EMK. Eller NATO. Samt at vi i dag i praksis tar inn svært mykje gjennom EØS. Så kva vil du fram til? Ikkje kom med populistiske enkeltsetninger du har lest andre plasser, forklar kvifor nei til EU er viktig for deg. Eg er for all del mot EU sjølv, men det finst gode og dårlige grunner til å vere imot det, og grunnlova er ein dårleg grunn.
- 103 svar
-
- 5
-
Kor kjem grunnlova inn i det? Og om du samanliknar EU og Russland ... vel, lykke til. Det vart ikkje mindre non sequitur.
- 103 svar
-
- 4
-
Det framstår mildt sagt som non sequitur. Kan du utdjupe?
- 103 svar
-
- 5
-
-
Du forstår ikkje ein gong at statistikk ikkje er å sjå på tall! Her har du omtale av eit 200-fag på 5 studiepoeng i statistikk. Dvs et lite fag på relativt grunnleggande nivå. Det er ikkje "noen timer", det er omfattande pensum med forelesninger. Og det er eit lite fag på lågt nivå! Jamen... det er ikkje det som er statistikk. Du forstår ikkje eingong det. Statistikk er å analysere tallmateriale for å avdekke om mønstre er reelle, om det er mønster du ikkje ser, om det er korrelasjon, om det er kausualitetssammenheng også viare. T.d. har du varians, og statistikk blir brukt for å avgjere om det er signifikant endring eller naturleg variasjon. Det er så totalt avslørande kor ignorant du er; du kjenner ikkje til fagfeltet statistikk, og avfeier derfor at fagfeltet eksisterer. Du trur det er eit par timer på ungdomsskulen.
- 182 svar
-
- 6
-
Dette avsnittet er så avslørande at det fortener meir kritikk. Som poengtert er ikkje statistikk ungdomsskulepensum, men typisk del av høgare utdanning. VGS sneier vel såvidt innom temaet. Det andre problemet er at mennesker er alt for gode på å kjenne igjen mønster; vi ser mønster det ikkje eksisterer mønster, og vi ser ikkje mønster der det eksisterer godt skjulte mønster vi ikkje ser etter. Statistikk er eit verktøy for å avdekke mønster, og fastslå kor sterke dei er, og om dei er korrelaterte, og i mange tilfeller fastslå eller avvise årsakssamanhengar. Viare så handler ikkje høgare utdanning om å repetere det du har lært; det vrengbiletet indikerer at du ikkje har høgare utdanning. Ein vesentleg del av utdanninga går på å lære å anvende verktøy, og opplæringa handler om verktøy, og er langt meir abstrakt enn du ser ut til å anta. Igjen; kritikken din er enkelt og greit ikkje interessant fordi det er såpass åpenbart at du ikkje forstår temaet du snakker om, og du har ikkje nok kunnskap til å forstå at du ikkje forstår.
- 182 svar
-
- 7
-
Nei, statistikk er ikkje ungdomsskulepensum. Det er tvert imot eit avansert fag, der du fint kan ta ein doktorgrad. Ungdomsskulematematikken inneheld ikkje ting som normalfordelinger, bayesisk sannsyn også viare. At du kjem med ein slik påstand understreker at du ikkje kan eller forstår statistikk. Kort sagt understreker du gjennom eigne innlegg at du ikkje kan eller forstår nok om temaet. Om du trur det ikkje er vanskeleg å lese og handtere tal så er svaret at du tar feil; alle som har eit par studiepoeng veit at må bruke statistiske metoder for å få meining av datasett, og det er ikkje ungdomsskulematematikk.
- 182 svar
-
- 5
-
Jo, når det faktisk er konspirasjonsteorier så er det jo sjølvsagt innanfor. Difor er det og relevant å sjå på overdødelegheit, altså statistikk. Den statistikken viser opp mot 160% overdødelegheit. Når du mangler kunnskap i relevante tema som medisin og statistikk kan du enkelt og greit ikkje stille relevante spørsmål. Det blir litt som om eg skulle fortalt ein gravemaskinfører korleis han skulle grave - det hadde ikkje fungert. Ikkje fordi eg er dummere enn han, eller du er dummere enn leger, men enkelt og greit fordi spørsmåla ikkje er relevante.
- 182 svar
-
- 7
-
Tingen er at det er dårleg utgangspunkt. For å forstå utslag på befolkingsnivå må vi ha statistikk, og vi må samanlikne det vi ser med normaltilstanden. Du kan ikkje sjå på enkelttilfeller, eller tru at du greier det uten statistiske verktøy. For det gjer du ikkje; det er for komplekst og med for mange variabler. Statistikken viser at det er galt. Det betinger at kritikken er begrunna. Du kan ikkje avvise statistikk med at beklager, du har sett ting med eigne auger. Du viser til konkrete feil, t.d. metode, utvalg også viare. Det har meg bekjent ikkje skjedd i eit stort omfang - med unntak av ein del svært dårlege studier som t.d. viste effekt av Ivermectin... Men det var gjerne ikkje dei du tenkte på?
- 182 svar
-
- 6
-
Du er klar over at NKOM er uavhengige og ikkje kan instruerast i saker om sterk markedsstilling? Når det kjem til andre del av påstandane dine - dokumenter det eller suck it up.
- 457 svar
-
- 4
-
Forsett og intensjon er ikkje relevant når det kjem til fartsgrense. Du har plikt til å halde deg under fartsgrensa, og brot på fartsgrensa er straffbart. Det trur eg ikkje er kontroversielt, og det er del av den obligatoriske opplæringa for å få førerkort. Det er for å sei det pent relativt sikker juss at gitt gyldig skiltvedtak og måling så kan du få straffereaksjon.
- 77 svar
-
- 1
-
Hvorfor tror vesten at vi har svar til ALLE løsninger?
barfoo svarte på ForTheImperium sitt emne i Politikk og samfunn
Nei, kva får deg til å påstå det? Eg har på ingen måte sagt at eg er imot straff - ei heller andre tiltak mot kriminalitet. Her konstruerer du gigantisk stråmann.- 62 svar
-
- 4
-
Hvorfor tror vesten at vi har svar til ALLE løsninger?
barfoo svarte på ForTheImperium sitt emne i Politikk og samfunn
Nei, og ingen har påstått det heller. Men premisset om at dehumanisering og nedbygging av rettsstaten er eit egna tiltak går eg heller ikkje med på.- 62 svar
-
- 1
-
Det er veldig få ueinige i. Problemet er at folk har katt uten å ta ansvar for dyret, og det er for mange katter. Då er spørsmålet kva vi skal gjere for å redusere mengda lidelse, og ikkje heilt urimeleg tiltak etter mange sitt syn vil vere å avlive - på ein måte som er i tråd med lovverket, dvs. vetrinær i all praksis. Gitt korleis vi behandler mange andre dyr så greier eg ikkje heilt å sjå problemet med å avlive katter vs. f.eks. griser. Målet er at færrast mulig katter skal lide. Så bør ein kanskje og jobbe i motsatt ende, med å påby kastrering, merking også viare.
- 59 svar
-
- 3
-
Hvorfor tror vesten at vi har svar til ALLE løsninger?
barfoo svarte på ForTheImperium sitt emne i Politikk og samfunn
Det er jo ikkje vesten som trur dei har løysinger på alle problemer. Det er du som trur enkle løysinger på komplekse problemer eksisterer. Kriminalitet? Bur dei inne. Fortsatt kriminalitet? Bedre sikkerhetsløsninger! Sorry mac, komplekse problemer har alltid komplekse løysinger.- 62 svar
-
- 7
-
Prkeringsplasser tatt over av byggeprosjekt
barfoo svarte på forhelvete sitt emne i Hus, hage og oppussing
Kva skal du klage på? At nokon står lovleg parkert i gata? Du tenker at i den situasjonen så var ho problemet?- 16 svar
-
- 7
-
Prkeringsplasser tatt over av byggeprosjekt
barfoo svarte på forhelvete sitt emne i Hus, hage og oppussing
Gateparkering er gateparkering. Med mindre det er restriksjonar ala biligsoneparkering der du må ha kort knytta mot at du bur der så kan dei parkere på linje med det alle andre kan.- 16 svar
-
- 1
-
Stålull og ovnssverte om det er ulakkert ovn.
- 9 svar
-
- 2
-
Det går ikkje an. Det er i så fall snakk om å bygge ny mobiltelefon som ser ut som den gamle. Forventa pris er minst på et par titusen - som hobbyprosjekt uten lønn.
- 44 svar
-
- 3