barfoo
Medlemmer-
Innlegg
2 917 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av barfoo
-
Det er vanskelig å forstå kva du meiner på grunn av tegnsettinga, men meiner du at borna i dei konkrete EMD-sakene burde vore tilbakeført? I så fall er det enkle svaret nei - på grunn av barnets beste. Tilbakeføring etter lang tid til omsorgspersoner barnet ikkje kjenner er ikkje betre enn fortsatt adoptivforeldre e.l., samt at norsk lov har ein absoluttfrist for omstøyting av adopsjon.
- 28 svar
-
- 3
-
-
Er det generelt ikke mulig å få prøvd in-ear headset før du kjøper?
barfoo svarte på Sovna sitt emne i Hodetelefoner
Nei, du har ikkje slimhinner i øyret. Men praksis ser ut til å variere... https://www.aftenposten.no/digital/i/qL8L9E/passer-ikke-oereproppene-da-kan-du-ha-et-problem -
Er det generelt ikke mulig å få prøvd in-ear headset før du kjøper?
barfoo svarte på Sovna sitt emne i Hodetelefoner
Ville krangla på at det var intimprodukt. Det er ikkje hygieniske grunner til å ikkje dele slikt... -
Er det generelt ikke mulig å få prøvd in-ear headset før du kjøper?
barfoo svarte på Sovna sitt emne i Hodetelefoner
Du har jo angrerett som mulighet. -
Det er vel rimelig utvilsomt at så ikkje alltid har skjedd, j.f. rundane med norsk barnevern i menneskerettsdomstolen, og dei påfølgande oppgangane i høgsterett. Så barnevernet - og andre instanser - gjer feil. I somme tilfelle, som med samvær, vert feila systematiske fordi etablert praksis viser seg å vere feil, slik at høgsterett som følgje av EMD-dommer måtte endre praksis. Om det har skjedd i dei sakene som er omtalt i denne tråden er jo uråd å vite.
- 28 svar
-
- 3
-
-
Og så da? Praksislæraren, som sikkert har gitt melding, er ikkje part i skikkaheitsvurderinga. Så kvifor er det relevant? Nei, du kan ikkje konstantere at du føler deg mobba, og difor er sakshandsamar ugild. Det er ikkje du som får vurdere det. Det er sakshandsamaren sjølv og eventuelt overordna. Er du ueinig i den vurdering har du klageadgang og eventuelt søksmålsadgang. Men som nevnt over er ikkje vedkommande part i saka eingong. Ergo er eventuell inhabilitet irrelevant. Elles hadde det vore umogeleg å fatte vedtak til ugunst for nokon.
- 70 svar
-
- 3
-
-
Ei sakleg konflikt er åpenbart ikkje nok; då vil ingen vedtak som går imot det parten ønskjer vere fatta av nokon som er gilde. Særegne famner nok litt djupare ting enn ei enkel konflikt. Krikkert har påpeikt at særleg nært vennskap eller uvennskap kan vere nok. Det at slekt lenger ute enn søsken ikkje medfører ugildheit tilseier at det skal ganske mykje til. I tillegg er skikkaheitsvurderinger avgjorde av nemd, og at to nemder skal vere ugilde på grunn av konflikt framstår som... urealistisk.
- 70 svar
-
- 3
-
-
Nei, ikkje spesielt. Eg kan gjette meg til sånn omlag kva som har skjedd basert på det du skriv, og detaljane er ikkje så interessante. Oppførselen din her avslørande nok. Du har vel fått tilbakemeldinger i praksisperiode, eller tidlegare under studiet, du ikkje var einig med. Du har kverulert på dei og begynt å dra inn mobbing og whatnot på saklege tilbakemeldinger. Det har ført til at praksisrettleiar konkluderte med at du er uskikka, og meldt frå om det til utdanningsinstitusjonen du studerer ved. Dei har sett grunn nok, basert på eigne erfaringer og varselet til å gå viare til skikkaheitsvurdering. Innimellom alt anna tipper eg det har vore forsøk på rettleiing, som du ikkje har vist vilje til å ta til deg. Du er neppe einig i mi framstilling over, men tipper dokumenta fortel omlag den historia.
- 70 svar
-
- 7
-
-
-
Saka har jo vore gjennom ei nemd med fleire deltakarar, som har fatta vedtaket. Kven som leverte varselet er forsåvidt ikkje viktig. Vedkommande som har levert meldinga er ikkje part i saka! Du må angripe vedtaket, og få det omgjort. Det er ei klagenemd du kan klage til. Om nemd og klagenemd har komt til likt resultat kan du gå til domstolen, skjønt basert på oppførselen din i denne tråden trur eg det er bortkasta penger. Du er ikkje eigna for læraryrket gitt oppførselen din her.
- 70 svar
-
- 3
-
-
Kva er grunnlaget for at konflikt fører til at sakshandsamar er ugild?
-
Har ikkje spesiell betydning afaik. Men spørsmålet er om det er behov for det; har du lågt vasstrykk? Kva viser manometeret?
-
Korleis kan ein gjere seg inhabil? Ligge med sambuaren din?
- 70 svar
-
- 2
-
-
Du er ikkje inhabil fordi den saka angår er ueinig. Di tolking er neppe i tråd med faktisk inhabilitet.
- 70 svar
-
- 3
-
-
-
Tanken har ei gummiblære. Den bør ha passelig trykk slik at du lagrer vatn med rett trykk i tanken. Typisk 2-5 bar, litt avhengig av arbeidstrykket du ønsker. Skru av topplokket på den så finn du sikkert ein vanleg dunlop-ventil du kan pumpe inn luft i.
-
Ja, men andre dramatiske omveltinger i samfunnet i samme periode - som eg vil påstå har vore meir merkbare - er jo t.d. at det i praksis var slutten på pandemitilstanden. 2020 og 2021 var prega av det; i 2022-2023 kom debatten om mange tiltak, og ei slags oppsummering. Det er meir nærliggande som faktor enn AI. I det heile virker det ekstremt rart å trekke fram AI som faktor på det tidspunktet. Kvifor? Om vi tar alle som er topp fem ser det slik ut: Joda, det er bevegelse - og den er statistisk signifikant ifølgje TI. Men... Det er inga ekstremutvikling. Kvifor bruker du 2022 som referanse, og ikkje 2015? Og kva med Danmark, som hadde fall frå 2014 til 2019? For meg framstår det som om forskjellane mellom landa inne på topp ti er svært marginale. Du påstår vi som samfunn ikkje er i stand til å handtere fallet; kan du underbygge det?
- 24 svar
-
- 4
-
-
@lania for meg framstår det som om du kaster ut påstander, som stortsett alltid inkluderer AI på et vis, og deretter ignorerer trådane. Du svarer ikkje på tilbakemeldinger eller kritikk ser det ut til. Det er ganske ... destruktiv adferd.
- 24 svar
-
- 4
-
-
Er ikkje det mindre motbakke å få kjent vedtaket om uskikkaheit ugyldig og søke erstatning på grunn av feil vedtak?
- 70 svar
-
- 2
-
-
Det treng du ikkje. Straffesaker vert ført av påtalemakta, så du treng berre anmelde. Så er det påtalemakta som avgjer straffebod.
- 70 svar
-
- 3
-
-
I tillegg er det jo litt hopp frå at vedtaket er feil til at det er straffbart. Eit første steg vil jo vere å få omgjort vedtaket, og deretter dokumentere tap som følgje av det.
- 70 svar
-
- 3
-
-
3000,- er jo småsum. Kan du ikkje låne det av venner, foreldre e.l.? Eventuelt gå i banken og be om kredittkort med 5000,- i kredittramme. Eller kontakt kreditorer og be om å få utsett betaling til etter 12. august. 1800% rente framstår som... dyrt.
- 27 svar
-
- 1
-
-
Det er jo åpenbart på trynet. Føremålet her kan ikkje vere å verne folk mot ubehagelege ting, men å effektivisere forvalting utan at det går på bekostning av rettstryggleiken. Dvs. at det i første omgang er saker med enkle og klare retningslinjer og lite vurdering involvert. T.d. foreldrepenger hos NAV er åpenbart eksempel - det er relativt mekanisk vurdering av om kriteria er oppfylde, og om dei er det får du positivt vedtak - om ikkje negativt. I tillegg vil jo det å automatisere konfliktfylde saker vere bortkasta; folk som bruke kontrollmogelegheitene. Det som bør automatiserast må altså vere saker der folk vil godta resultatet - fordi det åpenbart er korrekt eller i det minste til deira gunst. Elles er jo alt som er gjort ein ekstra runde med klage. Regelverket opnar ikkje for å automatisere for å beskytte tilsette; det finst det andre mekanismer for. Og veldig mange av NAV-sakene som resulterar i trugsmål tippar eg ikkje er heilt enkle heller, fordi dei ofte har gått over lengre tid og inneheld skjønsvurderinger.
- 4 svar
-
- 1
-
-
5kroning med ekstra hull i. Får jeg noe for denne?
barfoo svarte på Eivindd sitt emne i Hjelp til kjøp og salg
https://samlerhuset.blog/1-krone-og-5-krone-uten-hull-eller-med-skjevt-hull/ Eg har ikkje peiling på verdi, men ut frå det der er det jo minst snakk om hundrelapper.- 28 svar
-
- 1
-
-
5kroning med ekstra hull i. Får jeg noe for denne?
barfoo svarte på Eivindd sitt emne i Hjelp til kjøp og salg
For meg ser det ut som ganske tydelig chamfer, som om det er drilla ut og kantane er glatta med større drill... Senterhullet blir nok puncha, og då er det liten grunn til chamfer - i tillegg er det rart at det skulle ha anna diameter enn senterhullet; puncher endrer ikkje diameter. Mi gjetning er at den er verdt 0,- fordi det ikkje er produksjonsfeil, men drill som har laga hullet.- 28 svar
-
- 2
-
-
"Ganske mykje" er altså inne på topp fem i verden, og 7 poeng ned frå topp-plasseringa. Eg går ikkje heilt med på premisset ditt om at "grafen ser bare til å falle, og Norske samfunn ser ikke ut til å ha muskler til å stå imot". Det har du enkelt og greit ikkje grunnlag for å konkludere med - både fordi variasjonen er liten, og fordi det er snakk om oppfatning av korrupsjon. Det er jo alltid ting som kan bli betre, men å svartmale situasjonen ut frå dette er idiotisk. Figuren du har med har jo kutta akse og, slik at endringane ser dramatiske ut. Utan kutta akse ser det slik ut: Forøvrig er det og veldig spesielt at du plukker 2022 og AI som referanse, og ikkje 2015 - det var jo trass alt det som var topp-punktet. Kvifor er 2022 relevant framfor 2022? Kort sagt - hadde vi dratta ned 30 poeng, eller 30 plasser så hadde det vore veldig påfallande. At vi faller to-tre plasser og et par poeng det er ikkje veldig påfallande eller indikasjoner på stort meir enn tilfeldige endringer. Hugs at det er spørjeundersøking om oppfatninga av korrupsjon, slik at svar kan endre seg utan faktisk underliggande endringer.
- 24 svar
-
- 12
-
-
-
-
Kva er faktiske påstander frå partane? Det er dei domstolen skal ta stilling til.
- 5 svar
-
- 2
-
-
