Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

barfoo

Medlemmer
  • Innlegg

    2 387
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av barfoo

  1. Tabellen er ift. fradrag, ikkje lønn. Med mindre fradrag endrer seg vil tabellen stemme.
  2. All informasjon arbeidsgiver samler inn via mobiltelefonen vil stortsett vere personopplysninger, dvs. at du stortsett vil ha rett på innsyn i, og informasjon om formål og bruk. Ta kontakt med fagforeninga di. Skatten er desidert minste problemet ditt her.
  3. Det er neppe lovleg sjølv med samtykke. Eg ville heilt ærleg valt å kontakte fagforening for å få ein gjennomgang på det juridiske, og ikkje fokusert på skatten i denne samanhengen. Du oppnår ingenting ved å fortsette å klage på et forum.
  4. Du har ikkje 3x6GB. Du har 3x2GB, totalt 6GB. Enten har du en del reservert av ymse grunner, eller så er det ei brikke som ikkje spiller musikk. Kva viser task manager?
  5. Har du fortsatt 2.4GHz-nett? Alt av mobiler og pcer støtter i praksis 5GHz, men ikkje mange printere gjer det.
  6. Nei, det er ikkje spekulert om det. Eit samla fagfelt avviser det, og det er ingen gode studier som tyder på samanheng. Radio er ikkje ioniserande stråling, og effekten er veldig lav - typ mikrowatt per kvadratmeter. Elektromagnetisk stråling frå sola er ein million gongar kraftigare.
  7. Har artig nok blitt avkrevd signatur en gang. På Schipol. Ba om å få låne penn, signerte, og viste signaturen - som merkelig nok var samme som på kvitteringa eg hadde signert fire sekunder før...
  8. Kvifor skal vi ikkje innføre planøkonomi i utdanningssystemet? Det vil jo vere endå meir effektivt.
  9. I prinsippet kan DLE kreve det, ja. Tipper dei ikkje gjer det med mindre du har varmeovner e.l. tilkopla via dei.
  10. No er dei krava i NEK400. NEK400 er norm. Litt grovt sagt seier forskrifta at du skal ha et funksjonelt anlegg som kan brukast på trygg måte. Så har du norma som er ein måte å oppfylle forskrifta på. Er anlegget lagt opp etter NEK400 vil altså alle legge til grunn at det er iht. forskrift. Men du kan oppfylle forskrift på andre måter... I prinsippet er eigar og bruker likestilt i FEL.Det vil til ein viss grad vere opp til husleigeavtalen din, men i utgangspunktet tipper eg eigar vil vere ansvarleg for større utbetringer, og du for meir løpande vedlikehold som t.d. knust bryterdeksel.
  11. For det første er det regelverket frå installasjonsåret som gjeld grovt sagt - men anlegget må vere trygt etter dagens bruk, mtp. dimensjonering etc. At du har skøyteledninger med jord er uviktig. Det som er forbode er å blande jorda og ujorda utstyr (og stikkontakter) i samme rom, og dermed å trekke skøyteledning frå rom med jord til rom utan jord eller omvendt. Systemet er laga slik at du kan plugge jorda utstyr i ujorda kontakt, men ikkje motsatt - så det er lovleg kombinasjon. Så ja, du har lov å bruke greinkontakt med jord. Du kan, avhengig av kor grundige DLE er, få påpakning for permanent bruk av skøyteledninger.
  12. Ja, industrien er gode på å handtere farlege kjemikalier. Det er ikkje som om diesel eller LNG er harmlaust heller. Ammoniakk er ikkje veldig farlig heller, og skipsfarten håndterer i dag LNG, som også må kjølast ned og oppbevarast på termoser, og er farleg ved lekkasjer. T.d. går Fjordline sine fartøy på LNG, og har med seg mange passasjerer. Det er mange ting som er meir iffy enn ammoniakk som blir sendt rundt på skip og bil i stort omfang.
  13. Det er direkte feil. Du skal enten ha lite fall eller mykje fall. Om du har 45° vil vatnet renne fort unna, og partikler ligge igjen. 1:60 er OK fall på avløpsrør.
  14. Demonter, fjern blokkering, bruk stakefjær. Så mange andre alternativer er det ikkje.
  15. WWAN. Men det er M2 - enten M2.2230 eller 2242. Tipper 2242 ut fra bildet. I så fall kan det tenkast at en 2242-disk funker, men det er også tenkelig at HP har blokkert det i firmware... https://www.prisjakt.no/s/m2-2242/
  16. Den er jo garantert null. Så kvifor skal den nevnast?
  17. Kan du lære deg punktum og komma? Det er umulig å få tak på kva du faktisk skriv, fordi det er null oppdeling i setninger, og tilfeldige store bokstaver pepra i innlegget ditt. Og ja, eg er fullt klar over at folk har lese og skrivevansker, men det er fullt ut mulig å lære seg å dele opp i setninger.
  18. Alt er kjemikalier. Vatn er eit kjemikalie. Sprit er eit kjemikalie. Tobakk er mange forskjellige kjemikalier. Og at røyking er skadelig er ikkje kontroversiell påstand; det er godt dokumentet. Skadevirkninga ved å røyke ein cigarillos på julaften er rett nok ikkje veldig stor, men den er større enn null, og veldig trivielt målbar, gjennom t.d. sammentrekking av blodkar også viare. At du ikkje merker at du tar skade av røyking vil ikkje sei at du ikkje tar skade av det. Veldig mange av konsekvensane er enten langtidsvirkande (t.d. kreft, auka risiko for hjerte- og karsjuksom), eller akutte men relativt liten risiko på grunn av alder, lav eksponering etc. Men når du gnager om metanhemmere som farlig, og velger å ignorere at røyking er farlig bør du alvorleg vurdere kjeldeutvalget ditt. For det er i beste fall ignorant. Tobakk er kjent risikofaktor når det kjem til mange krefttyper - inkludert tarmkreft.
  19. Nei, vi må ikkje det. Poenget med ei sivil sak er at partane framfører sine synspunkt og bevis, svarer på motparten sine synspunkt og bevis, og at domstolen på det grunnlaget avgjer saka. Å rokke ved det gjer at du risikerer å få dommer som dreg inn ting partane ikkje har fått ta stilling til. Igjen framstår det som om du er bitter over å ha tapt ei sak på det du opplever som feilaktig grunnlag. Det er dårleg grunnlag for omfattande reform av domstolssystemet.
  20. Dommeren skal ikkje bedrive etterforsking. Dommeren skal ta standpunkt til det partane legg fram og ta stilling til kven som mest sannsynleg har rett. Om dommaren på eige iniativ finn bevis partane ikkje har anført og legg det til grunn i dommen vil eg tippe det er sakshandsamingsfeil og ankegrunn...
  21. Tradisjonell programvare er deterministisk, og enkelt verifiserbar. Å verifisere et integral er ganske enkelt. Det er heller ingen som vart overraska over at datamaskiner kunne regne integraler fortare enn mennesker. Iallefall ikkje etter 1950. Men det er ikkje det som er problemet med LLM. Problemet er at dei hallisunerer. Dei kan ingenting, dei kjem med neste ord basert på ein statistisk modell. Viare er dei svært nær ikkje-deterministiske og så komplekse at dei for alle praktiske formål ikkje er deterministiske. Dommeren skal ikkje fange det. Dommeren skal basere seg på kva partane påstår i ei sivil sak. Det er opp til motparten å fange opp slike ting. Om partane er einige om at vatn renn oppover så skal i prinsippet dommeren legge det til grunn i ei sivil sak. Forøvrig har du gnagd om den saka i ganske mange tråder - men aldri lagt ut dommen. Det er på kanten til uredelig, spesielt fordi du har ei framstilling som ikkje er veldig truverdig.
  22. Vi diagnostiserer meir. I 1970 hadde vi ikkje avanserte bildeteknikker, og 90-åringer med kreft døydde av alderdom, ikkje kreft, satt på spissen. Vi har pådratt oss ein del livsstilssjukdomer sidan 1970; vi har blitt meir stillesittande og et meir kjøt og fett. Faren din var sannsynlegvis langt meir fysisk aktiv enn gjennomsnittsnordmannen er i dag. Samtidig er gjennomsnittleg levealder all time high, og ser ikkje ut til å synke heller. Mange sjukdomer som var dødsdom i 1970 er i dag svært gode utsikter til å leve med til forventa levealder. For enkelte krefttyper har vi snudd statistikken fullstendig frå 95% døde i 1970 til 95% overlever i dag. At mjølkekartongen din går ut i mars er fordi den er ultrapaseurisert. Det er ingenting unormalt eller farlig med det. Kort sagt er det veldig mykje vi veit. Og vi kan t.d. måle at metanhemmere ikkje går over i mjølk. Vi forstår korleis metanhemmere funker, og vi veit at dei vert nedbrotne til ting som allerede finst i kuvomma, så dei endrer ikkje stoffa kua får i seg gjennom foret, men det hindrer at bakteriane som lever i kuvomma produserer metan. Kødder du med oss? Tobakksrøyking er hinsides godt dokumentert at er svært helseskadeleg, og det er ikkje på grunn av parfyme. Det er på grunn av røyk som inneheld heil haug komplekse organiske forbindelser. Røyking er livsfarlig og fører til drøss følgesjukdommer, uavhengig av type tobakk du velger å røyke.
  23. Det er jo fort stor nok sum til at et par timer advokat lønner seg, sjølv om du må betale, men spørsmålet er jo om det er behov; det er jo ikkje akkurat ei kompleks sak om du har skriftleg grunnlag for deling. Då skal vedkommande argumentere ganske iherdig for at det føreligg munnleg avtale om noko anna...
  24. Med mindre det finst dokumentasjon av den muntlige avtalen ville eg møtt i forliksrådet, klaska den skriftlige avtalen i bordet og sagt at eg ser på den som gjeldande. Forøvrig - er du sikker på at de skulle betale dokumentavgift? Det er unntak ved skifte mellom ektefeller eller sambuar i ein del tilfeller.
  25. Spørsmålet er stortsett ikkje kapasitet, men tilgjenge. Stikkontakta må vere en plass du kan parkere bilen. Om du lader med 10A, og er heime ti timer i døgnet, så vert det typ 100km/dag på dei fleste elbiler (20kWh/100km).
×
×
  • Opprett ny...