Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

MKap

Medlemmer
  • Innlegg

    599
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av MKap

  1. Antakeleg litt overkill med ein stor gaminglaptop til surfing og spel. På bruktmarknaden får ein solid bygde HP EliteBook 850 (og ProBook) for nokre få lappar.
  2. Du kan ikkje kreva at utleigar lar nokon andre overta kontrakten din, men du kan framleiga. Utleigar kan ikkje nekta deg å framleiga til ein spesifikk person utan sakleg grunn. At personen går på Nav vil nok ikkje i seg sjølv vera sakleg grunn. Mykje av risikoen for depositum og husleige hamnar jo då uansett hos deg, sidan du må betala inn husleiga kvar månad uansett om du har fått den frå framleigetakaren eller ikkje.
  3. Er det varebil? Litt motstidande informasjon mellom ulike sider på same nettstad, men forstår dette som at forbudet kanskje ikkje gjeld personbil: https://www.ecosticker.dk/da/miljoezonen/aalborg I alle tilfelle bør uklar/motstridande informasjon tolkast i favør av den "skuldige".
  4. Det kjem vel litt an på spelmiksen ein nyttar. Så langt eg har fått med meg er 1080 marginalt under 3060, mens 1080Ti er samanliknbar med 3060Ti (og 2080). 4060 er såvidt betre enn 3060 - i nokre tilfelle dårlegare. Største oppgradering frå 1080 under 4000 kr er antakeleg eit brukt 2080Ti (men er dårleg kjent med AMD i det segmentet). Nye skjermkort er så overpisa ifht. kva ein får at ein må langt opp i pris for å få ein merkbar oppgradering frå 1080. Unntaket er kanskje om ein nyttar seg mykje av DLSS eller er glad i Ray Tracing.
  5. Det er snakk om 2 forskjellige ting: Tid brukt til remontering av møbel (her kan utleigar ha eit krav, uansett om han sjølv eller innleide som gjer arbeidet, så lenge det er dokumentert). Tid brukt til administrasjon (bestilling av folk, sleppa handverkar inn/ut etc.) Dette kan utleigar ikkje fakturera leigetakar for, sidan det er rekna som ein del av arbeidet med å leiga ut. Det er dessutan vanskeleg å dokumentera skikkeleg. Det gjeld sjølv om den ekstra administrasjonen er grunna i leigetakar sine høve, om ein ser på tvisteavgjerder der utleigar elles har fått medhald i sine krav. Forstår det slik at TS allereide har folatt byen, og derfor ikkje har høve til å montera møbelet igjen? Ofte foretar ein jo gjerne ein felles overtakelse, slik at ein er samde om at husrommet er i orden. Om utleigar har oppdaga "feilen" seint, kan du kanskje nytta det mot han. Elles er det jo slik at utleigar ikkje skal gjera dette på ein urimeleg dyr måte.
  6. Nei, det kan han ikkje. Administrasjon av utleige må vera bakt inn i leiga. Utleigar får som regel aldri medhold i dekning av eige plunder og heft i tvistesakar. Medgått tid til vask/fiks for å setta leigeobjektet tilbake i same stand som leigetakaren skulle ha forlatt det i er ei anna sak.
  7. Leiger du hos studentsamskipnad eller privat utleigar? Det vil antakeleg ikkje vera noko problem for utleigar å få tak i ny leigetakar til hausten når leiga ligg under marknadspris. Det er ikkje sikkert det lar seg gjera å få på plass før 1. august, så dei vil gjerne krevja at du betaler leige fram til ny leigetakar er på plass. Dette står òg i husleigelova. Det står dessutan at utleigar berre kan nekta om han har sakleg grunn. Om du leigar ut til ein student, og dei ikkje "har noko" på han kan dei altså ikkje nekta deg å framleiga.
  8. Fiber er fint. Dei fleste har hushald i nokonlunde urbane strøk har fiber i dag, og sjølv dei tregaste linjene er bra nok for dei fleste. Men at det er fiber inn til huset seier ingenting om kva dekning du får i kjellarleiligheita (om det er ein slik du ser på). For enkelte er det gjerne greit med wifi frå ruteren til utleigaren så lenge dekninga er god nok til Netflix, mens andre helst vil ha kabel ned og eigen ruter. At området er annonsert som roleg er ein god start, men det er viktig å se på den spesifikke leigligheita. Er det mykje trinnlyd ovenfrå? Er soveromsvinduet ut mot parkeringsplass, evt. naboen sin terasse eller inngangsdør? Lyskjelder mot soveromsvindauget er òg verdt å sjekka (men der kan så klart gode gardin hjelpa ein del).
  9. Støy! Spør utleigar (evt. tidlegare leigetakar om han er til stede) om kor mykje ein høyrer, og kva vanar naboane har. Ha gjerne med ein ven som kan testa med å laga litt støy ute frå oppgangen. Å bu vegg i vegg med ein musikkelskar med bassfetisj blir fort strevsomt. Er soverommet ut mot trafikkert veg kan det vera vanskeleg å sova med vindauget oppe. Er det uteliv i området som kan føra med seg bråk seint på kvelden? Ventilasjonsanlegg frå nabobygg e.l. som bråker? Det kan òg vera lurt å høyra litt korleis straumrekninga på vinteren pleier å vera, og kva slags internett som er tilgjengeleg. Om internett ikkje er inkludert er det fort ein ekstra tusenlapp i månaden der det ikkje er fellesavtale. Spesielt i kjellarleiligheiter er nettsambandet ofte delt med hovuddelen. Det har diverse ulempar, t.d. potensielt dårleg dekning på wifi.
  10. Tenker vel så mykje på at i PIN-feltet kjem 1234 opp som ****. I Beløp-feltet kjem 1234 opp som 1234. Dumt om sidemannen skulle vera av den mindre heiderlege typen. Syns det er småfrekt når det blir bedt om tips i baren. Når eg sjølv har gått ifrå godt lag, gjennom heile lokalet, og gjerne stått i kø i tillegg, er det lite "service" igjen utover det som er heilt naudsynt for å utveksla vare mot pengar.
  11. Ja (ikkje med vilje). Du får beskjed om at summen du har tasta inn er mindre enn totalen. Nesten rart at bankane godtar denne tigginga i baren. Det er vel mange som ender med å tasta inn PIN-koden i klartekst når ein ikkje er førebudd på spørmsål om summen.
  12. Takk for svar! Tenker du at det er stor risiko for at feil kan oppstå i samband med repaste? Er 80 °C å forventa med ein GTX 1080 under full last?
  13. MKap

    Faktura

    Dersom då får ein faktura du er usamd i, skal du varsla avsendaren skriftleg om at du bestrider kravet. Dei har ikkje lov til å senda kravet til inkasso så lenge det er omtvista. Kreditor (den som har sendt fakturaen) må deretter går til rettslege skritt for å kreva inn pengane. Dersom de får ein dom på at du skylder penger, kan kreditor gå til inkasso om du ikkje betalar. I ytterste konsekvens blir det då tvunge inn med tvang, ved lønnstrekk, evt. sal av bil/eigedelar.
  14. I den forstand at alle 3 har havneområde i sentrum med sjøhus er det eit visst hansapreg. Men Oslo framstår arkitektonisk som ein relativt generisk europeisk by (utan at det er negativt). Trondheim, Bergen og kanskje spesielt Stavanger er mykje meir definert av klassisk norsk trehusbebyggelse. Til tema for tråden, så har det vel vore fleire artiklar opp igjennom om at Bergenspolitikarane ofte køyrer ei "Bergen først, drit i resten"-linje mot regionen rundt. Det skadar antakeleg regionen i lengden.
  15. Har eit Palit GTX 1080 som blei kjøpt nytt i januar 2018. Eg byrja å overvaka temperatur med MSI Afterburner rundt ca. 2021, og observerte at temperaturen låg rundt 81-82 °C i krevande spel (throttlegrensa er 83 °C). Har ikkje observert utslag på thermal throttling, men merkar at det gjerne blir "framy" når temperaturen ligg rett under grensa. Har etter kvart eksperimentert litt med custom fan curve og seinare undervolt, og kjem då ned i ca. 76-77 °C med stabil undervolt. Les enkelte stader at kjølepasta frå fabrikk skal "vara evig" så lenge kjøleribba ikkje blir fjerna, men vurderer sterkt om det kan vera dårleg pasta her. 10-serien er vel nettopp kjent for å ikkje kjøra spesielt varmt, og eg finn heller ingen som har hatt kjøleproblem med Palit sine kort. Er det nokon som har erfaringar, enten med repaste av skjermkort eller med kort frå Palit?
  16. Når nokon skylder pengar og det ikkje blir betalt innan fristen, er inkassovarsel neste steg, og deretter inkasso. Gi Klarna varsel om at dei har 2 veker frist til å betala kravet du har mot dei. Har du ikkje mottat pengar innan fristen sender du nytt varsel om at kravet går til inkasso om det ikkje blir betalt innan ytterligare 2 veker. Då har du gjort ting "rett" etter inkassoforskrifta, og kan i teorien få eit inkassoselskap til å driva det inn for deg (evt. driva egeninnkasso).
  17. Trur Sony Xperia 5 iv treff på alle punkta. Utanom den finst det eit par Android-alternativ som treff på 2/3, t.d. Xperia 10 og Asus Zenfone 9.
  18. Firefox med Ublock fungerer greit på Android, sjølv om ein stadig er prisgitt brukargrensesnittet til Reddit. Ein må vel å merka slå av annoyances i innstillingane til Ublock for å sleppa konstant mas om å installera Reddit-appen. På iOS reknar eg med Brave (evt. andre nettlesarar med innebygd reklameblokkering) kan brukast.
  19. MKap

    Obd2

    Har ikkje erfaring med Vectra, men på enkelte Opel er OBD2-porten gjemt under ei plate i midtkonsollen, under håndbrekket.
  20. Det er naturleg nok det beste for leigetakar (men det verste for utleigar). Om eigaren har det travelt med oppussing og sal har leigetakar ein god forhandlingsposisjon.
  21. Nja. Utleigar har tapsavgrensingsplikt. Normalt ville det medføra at utleigar må lysa ut leiligheita frå 1. juli når leigetakar ønskjer å flytta ut då. Leigetakar ville då vera plikta til å betala leige fram til 1. august om ein ikkje får tak i ny leigetakar tidlegare. I dette tilfellet er det ikkje aktuelt å leiga ut etter 1. august, og det vil antakeleg ikkje vera realistisk å finna leigetakar berre for juli (i alle fall ikkje til same pris). Som dei fleste har vore inne på, må nok TS rekna med å stå ut heile kontraktsperioden. Forslaget om framleige for å redusera tapet er dog eit alternativ. Leigetakar har krav på avslag i leige etter husleieloven §2-11 andre ledd når utleigar driv med vedlikehald slik som skifte av golv. Utleigar kan dessutan ikkje kreva tilgang til rommet i leigetida utover det som følgjer av husleieloven. §5-6 gir utleigar rett til å utføre nødvendig vedlikehald, men her virker det som ein skal skifta golv som ein rein standardheving. Då må utleigar fint venta til TS flyttar ut før arbeidet kan begynna, med mindre TS aksepterer noko anna (t.d. i bytte mot reduksjon i leige). Eg er ikkje sikker på om §10-1 skal tolkast til å kun gjelda visning ved ny utleige, eller om huseigar òg kan kreva tilgang i samband med sal.
  22. Administrasjon på byggeplass/anlegg. Har utdanning som ingeniør (ingen handverkarbakgrunn), og jobba i ein prosjektingeniør-type stilling hos entreprenør før konsulent. No jobbar eg med anleggsadministrasjon for byggherre, deriblant kvalitetssikring av entreprenør sitt arbeid, oppfølging av kontraktskrav, endringshandtering etc.
  23. 7 år er imponerande! Eg heldt ut litt over 1 år på di side av bransjen før eg søkte meg tilbake til byggeplassen igjen - og trives betre enn nokon gong. Kjenner meg godt igjen i skildringa frå konsulentkvardagen. Vil tru at du har ein sterk CV til stillingar innan byggeleiing eller prosjekteringsleiing.
  24. Kan òg ta med eit avsnitt om at seljaren ikkje kan nytta seg av §23 første ledd, sidan andre ledd blir gjeldande: "Første ledd gjelder ikke (...) hvis levering innen avtalt tid er avgjørende for inngåelsen av avtalen (...)" For russeutstyr må det vera ganske openbart at levering før russetida er avgjerande for avtalen.
  25. kommunekart.com er ypperleg til det. Zoom inn på det aktuelle området, vel kartlag oppe til venstre, og huk av for korrekt lag i menyen som kjem opp til høgre. Akkurat kva laga heiter varierer frå kommune til kommune, men typisk arealplaner, reguleringsplan på bakken e.l.
×
×
  • Opprett ny...