Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

MKap

Medlemmer
  • Innlegg

    599
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nylige profilbesøk

6 611 profilvisninger

MKap sine prestasjoner

249

Nettsamfunnsomdømme

  1. Alt ein kan kjøpa har multinasjonale verdikjedar. Det blir litt søkt å seia at boikott er poenglaust så fort lokale partnarar er inne i biletet. Bruker du 100 kroner på McDonalds, hamnar 46 av dei inn på konto i USA. Gang opp med ei omsetning på ein del milliardar, så blir effekten av ei svikt i salet ganske merkbar. Det er jo som regel ikkje sånn at hundrelappen som ikkje blei brukt på McDonalds blir gjemt bort i madrassen. Den gir like mange arbeidsplassar hos Pizzabakeren eller kebaben på hjørnet, og råvarene kjem frå dei same bøndene.
  2. Produksjonen skjer i Noreg, men overskuddet hamnar i USA. Morselskapet hadde så klart trukke seg ut om aktivitetene i Noreg ikkje generererte profitt. Har McDonalds òg fortent unntak frå boikott, sidan dei har norske tilsette i restaurantane? Dei som boikottar produkt kjøper som regel alternativ. Om Freia får færre arbeidsplassar, får antakeleg Nidar fleire. Ein treng så klart ikkje tenka alt eller ingenting om ein ønskjer å boikotta. Microsoft og Google klarar nok dei færraste heilt å kvitta seg med, men det er mogleg å bytta ut nokre av tenestene der det går. Dei fleste kan antakeleg unngå amerikanske merker utan store ulemper om ein tenker seg litt om mens ein er på butikken.
  3. Eksakt! At ein enkelt nordmann veljer eit anna merke på neste gong han er på butikken er piss i havet, men når millionar av europearar, kanadiarar, australiarar osv. viser avskyen sin med lommeboka, så vil nedgangen for amerikanske selskap vera merkbar. Ein bidreg til å visa at politikken som blir ført med å trua og terga allierte og handelspartnarar faktisk gjer synleg skade på amerikansk økonomi.
  4. Ingen grunn til å kjøpa nytt når det du har fungerer. RAM er ganske trygt å kjøpa brukt, så ta ein kikk på Finn. Då har du ei kurant surfemaskin ei stund til for ein hundrelapp eller to. Slutt for Windows 10-støtte til hausten og krav til ny maskinvare for Windows 11 er ei anna utfordring med. Om du ikkje treng mykje anna programvare enn ein nettlesar kan du installera ein variant av Linux og leva lykkeleg vidare. Sjølv brukar eg som regel ZorinOS på eldre maskiner til enkel bruk. Du kan òg vurdera ChromeOS Flex om du er meir komfortabel med ChromeBook.
  5. Jobber for byggherre. Om du søker ei stilling som t.d. prosjekteringsleiar (som kanskje er det mest nærliggande med din bakgrunn) er det jo aktuelt både med byggherrer som t.d. bustadutbyggarar, og entreprenørar som gjerne styrer prosjektering i totalenterpriser. Det med karriereprogresjon var så klart mitt subjektive inntrykk, men føler vel at ein i andre delar av bransjen har fleire høve til å komma seg over i ny stilling som ikkje berre klinger finare, men gir nye oppgåver og meir ansvar. Løna treng dessverre ikkje vera høgare enn som konsulent av den grunn.
  6. Det har vel òg vore litt slik at ein kan installera uaktivert Windows 10 og oppdatera til aktivert Windows 11. Usikker på om det fortsatt er slik?
  7. Mogleg du har rett, og at eg har skrive dette før 😉 Uansett: Var i ein liknande situasjon som deg for eit par år sidan. Har ikkje angra eit sekund på at eg bytta ut den monotone konsulentjobben. Bytta side av bordet, til det som var ein typisk kunde, og jobbar med oppfølging av prosjekt innanfor liknande fagfelt. Arbeidsoppgåvene er langt meir varierte. Får bruk for det meste av tidlegare arbeidserfaring, og føler det berre har vore positivt med tanke på karriereutvikling. Har inntrykk av det er lite høve til utvikling i form av nye oppgåver og meir ansvar i konsulentselskap. Etter 20 år gjer ein på papiret same jobben som ein junior, sjølv om ein så klart har utvikla seg mykje fagleg og kanskje får ha "senioringeniør" i e-postsignaturen. Ein tidlegare konsulentkollega sin situasjon liknar kanskje endå meir på din (RIB). Han gjekk òg lei trykking på PCen heile dagen, og fekk jobb som prosjekteringsleiar hos ein litt større entreprenør. Det er gjerne større spreiing i løningane enn i kva ein kan fakturera for den enkelte. Rådgjevarkontraktar lar ein gjerne differensiera 3-4 timeratar ut frå erfaringa til medarbeideren. Ein senior er ein senior etter kontrakt, uansett om han har 10 eller 30 års erfaring. Han med 30 års erfaring kan kreva høgare løn sidan han antakeleg vil vera meir verdifull for arbeidsgjevar og deira evne til å gjennomføra kompliserte oppdrag enn han med 10 år på baken, sjølv om marginen på timeratene blir mindre. Dessutan er det vel rundt rekna berre halvparten av timeraten som går til løn og liknande. Mykje går til overhead som er likt for alle, som programlisensar, utstyr, lokale, osv. Til sjuande og sist er det uansett slik at norsk arbeidsliv har eit jamnt lønsnivå, der ein sjukepleiar ikkje tenar drøyt mykje mindre enn ein ingeniør eller økonom.
  8. Slike sarkastiske merknadar blir vel litt stein i glashus, når du sjølv skuldar andre for å gå etter person her i tråden? Påstanden var at tilnærma(?) alle lovar som blir innførte i Noreg er dikterte frå EU. Då er det relevant å nemna at påstanden er direkte feil. Som andre har kommentert, er det ingen grunn til å hevda at lovar som er forankra i EU-direktiv har større negative konsekvensar for Noreg enn andre lovar. Tar ein straumprisane som eksempel, er ikkje kablane til kontinentet bygd under tvang fra EU. Den gangen dei blei bygde ville me meir enn gjerne ha inntekter frå krafteksport, og hadde nok heller ikkje venta at etterspurnaden på kontinentet plutseleg skulle bli større enn produksjonskapasiteten/den interne overføringskapasiteten vår.
  9. Lovdata har publisert ei liste på knappe 40 nye eller endra lovar ved nyttår. 2 av lovane som er endra er forankra i EU-direktiv. Så det du skriv her er i stor grad feil. Det er elles litt uærleg å lata som at alt som kjem frå Brussel er pålegg me helst hadde vore utan. Som regel er EU-direktiva ukontroversielle og til fordel for folk flest, òg i Noreg. Saknar du abonnement var nær umoglege å seia opp? Eller tellerskritt til 20 kr/min i syden?
  10. MKap

    Hvilken konsoll?

    Playstation 3 får ein vel òg for rundt 500-lappen? Den har eit større miljø rundt jailbreaking (TS etterspør å kunna spela backups) og langt fleire spel tilgjengelege på bruktmarknaden. I tillegg får ein tilgang til meir profilerte platformekslusive spel: The Last of Us, Uncharted og God of War på PS3 vs. Halo, Gears of War og Forza på Xbox (smak og behag, så klart).
  11. Om du har hatt høve til å undersøka varen, kan du ikkje reklamera på noko du burde ha oppdaga når du undersøkte varen (kjøpslova §20). Her høyrest det ut som varen blei framstilt for undersøking på ein stad der det var vanskeleg eller umogleg å oppdaga lukta. Då kan det i tilfelle henda du har rett til å reklamera.
  12. Når du har dommen og det blir klart at skyldnaren ikkje vil betala, må du ta kontakt med namsmannen for utleggsbegjæring/tvangsinndriving. Han vil vurdera om det finst pengar å henta. Du må fornya kravet kvart 10. år for at det ikkje skal bli forelda. Det kan jo skje at skyldnaren får eigendelar i framtida, evt. at det kan krevast frå dødsboet når den tida kjem. Du bør òg gjera krav på forseinkingsrenter. 115k blir fort spist av inflasjonen om du må venta 30 år.
  13. Det er lista diverse saker som enda i svindeldom under Wikipediasida om denne typen selskap: https://no.wikipedia.org/wiki/Kataloghai. Du kan antakeleg søka opp dommane for å sjå om nokre av sakene ligner på din. Saka med Det Norske Kartselskapet er det laga dokumentar om (i tillegg til mange artiklar i VG). Der la svindeldommen mykje vekt på at dei fleste produkta til selskapet blei vurderte som verdilause av retten.
  14. Det var mykje uklart i den kontrakta der. Når ein kontrakt er uklar, blir den normalt tolka til ugunst for den som har skrive ho. Sidan det ikkje er spesifisert noka registreringsavgift, bør du tolka det som at det ikkje er noka eiga registreringsavgift i dette tilfellet. Kostnaden med avmelding før studiestart blir dermed 0,- Er det nokon grunn til at det står studieåret H23-V24 i kontrakta, eller er dette ein typo sidan ho blei inngått over eit år i forvegen? Reknar uansett med du har div. mailar etc. som dokumenterer at du skulle byrja i august 2024. Synst dei drar det vel langt om dei påstår studiet har byrja fordi du (angiveleg) har fått tilgang til læremateriale. Dei har dessutan gjeve seg sjølv høve til å avlysa kurset inntil 14 dagar før oppstart, så fram til 6. august har du nok i alle fall ei god sak her. Elles er det nok eit par forbrukarrettslege ankepunkt her, i og med at det høyrest ut som du har vore utsatt for ganske aggressive salsteknikkar, der seljaren blant anna har oppgitt ukorrekt informasjon som gjorde at du gjekk inn ei kontrakt du ikkje villa ha teikna om du hadde fått korrekt informasjon.
  15. Produktet til TS er eit hackeapparat som har fått ein del merksemd for å kunna omgås elektroniske låsar m.m. Det blir kanskje vurdert å bryta med dette punktet i lista over forbudte annonser på Finn Torget:
×
×
  • Opprett ny...