Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

xyster

Medlemmer
  • Innlegg

    59
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nylige profilbesøk

1 880 profilvisninger

xyster sine prestasjoner

7

Nettsamfunnsomdømme

  1. Mulig eg burde lage eigen tråd på det, men har nokon her erfaring med oppdatering til WebOS24? Har en LG C3, men har (sjølvsagt) blitt skremt av folk på f.eks. reddit som seier dei har hatt ulike plager etter oppdatering. Syns WebOS23 er litt "seigt" i utgangspunktet, og frykter at det blir enda verre med 24.
  2. Takk for gode tilbakemeldinger. Det er vel Evolve2 85 eg heller mot, men redd for at bøylen ikkje er stor nok og at det derfor vil passe dårlig. Har òg vært inne på tanken om å ha ein ekstern mic av noko slag, i Teams kan ein jo konfigurere oppsettet nokså mykje. Men blir kanskje ikkje den mest fleksible løysinga. Jabra-puck har eg brukt mykje på jobb i møtesamanheng, overraskande gode. Trur derimot at eg har eit par kollegaer rundt meg som ikkje ville satt så stor pris på det. Samtidig er det ikkje alt som blir sagt i samtaler som er for alle
  3. Hei Er på jakt etter eit nytt headset til jobbbruk som fungerer bra i lag med Microsoft Teams. Utfordringa mi er å finne headset/hodetelefonar som er store nok og som er komfortable å ha på over tid. På jobb i dag har eg eit Jabra Evolve 65, som jo er lite og lett, men det pressar på øyrene akkurat over brillestanga. Det blir nokså fort ubehagelig. Derfor må eg kjøpe noko som ligg over øyrene, og ikkje utpå. På heimebane har eg Philips Fidelio x2hr, og desse må eg ha på maks stille for å få dei skikkelig over øyrene, og sjølv då skulle eg gjerne hatt litt meir å gå på. Har òg eit Audio Technica m50x og der er det nok å stille på. På jobb har eg eit HyperX Cloud Flight (uten fungerande mic), det passar godt. Har prøvd HyperX Cloud III, det er ikkje like romslig. Har prøvd Sony MX4 og 5 i butikk og desse blir for knappa. Må ha dei på maks stille og dra dei godt ned for at dei skal sitte skikkelig. Det vil ikkje fungere bra over tid. Eit anna forslag, som eg ikkje har prøvd, er desse Jabra Evolve2 85. Er altså på utkikk etter eit headset som er romslig nok, ligger over øyrene og som fungerer bra til samtaler. Treng i utgangspunkte ikkje støydemping. Nokon med tilsvarande utfordring, men som har funne eit godt alternativ?
  4. Har bestilt LG C3 77". Forslag til veggfeste for denne? Må nesten ha eit som er mulig å "dra" ut frå veggen, slik at ein får tilgang til kontakter og den slag ved behov.
  5. Ser LG C3 er på tilbud no i alle størrelser. Har C1 i 55" utgåve frå før, men har lenge hatt planer om å flytte den ned i kjellarstova og få inn ein litt større i TV-stova. Vurder 65" til 19k, men tenkte å høyre her om nokon meinar eg bør vurdere andre alternativ.
  6. Vurderer sterkt å slå til på ein LG C3 42" TV for å bruke i lag med PS5. Er på tilbud no til 11k, som jo er mykje for 42", men meeeget fristande. Nokon som har ein slik i bruk med PS5, og som kan dele erfaringer?
  7. Ja er einig i at det beste hadde vært å kjøpe ein orginal Dualshock, men sidan det er eigaren sjølv som har kjøpt den gikk vi for eit rimligare alternativt (kjøpt på tilbud for 279, koster no 399). Kontrollen i seg sjølv virkar veldig solid, og guten sjølv var veldig fornøgd fram til den slutta å fungere. Har fått beskjed om vi får tilsendt ein ny, så får vi sjå om vi kun var uheldig med den første eller ikkje.
  8. Hei Kjøpte for ei tid tilbake ein ny kontroll til eldstemann, som har PS4, av merket Deltaco (GAM-139). I starten fungerte den fint, men så begynte den venstre joysticken å oppføre seg merkelig. I FC24 gikk det f.eks. ikkje an å flytte seg til høgre og venstre når ein går inn på lagtroppen, og i Fall Guys kunne ein heller ikkje bevege seg høgre/venstre i menyen. D pad fungerte fint i alle retninger. Så fungerte den som den skulle ein periode, men no er problemet tilbake. Ute i menyen på PS4 fungerer den fint. Har søkt etter mulige firmware oppdateringer, men ikkje funne noko. Tok kontakt med nettbutikken som ville eg skulle sende video som viste problemet. Gjorde det, men svaret tilbake er at det må være innstillingar på PS som er årsaken. Kan ikkje forstå kva innstilling det skal være? Er det andre som har hatt liknande problem med kontroll, eller har ein ide om kva det kan være? No brukar gutungen i staden min PS5, og det er ikkje heilt ideelt 😁
  9. Mulig det her ikkje går under «hodetelefonfili», men har nokon her tips til foam tips til AirPods Pro 2? Veit at Comply har nokre som skal være bra, men har ikkje klart å finne desse til ein fornuftig pris (dvs frakt frå utlandet ødelegger).
×
×
  • Opprett ny...