Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

Gazer75

Medlemmer
  • Innlegg

    1 314
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Gazer75

  1. @Jarmo Det var eit høgt fastledd på dei tre lågaste trinna 😮 Her kostar det 167kr opp til 2kW, 219kr opp til 5kW, 271kr opp til 10kW og 375kr opp til 15kW. Prisen per kWh frå 1. april blir 45,6/39,3 dag/natt. Alle prisar er inkludert avgifter og mva.
  2. https://lovdata.no/dokument/TRAKTAT/traktat/2021-09-16-13
  3. Dei norske straumprodusentane har jo funne ut at dei kan ta meir for straumen. Er litt som med olja. Når prisen går opp så går bensinprisen opp med ein gong, men om den går ned så vil dei ikkje redusere like mykje.
  4. Det triste er jo at mannen i gata ikkje forstår kva som skjer og dermed stemmer på partia som er for dette EU greiene. Er ikkje så mange parti som faktisk er imot heile greia. Dessverre så får desse partia samla normalt 10-20% av stemmene ved stortingsval. Ser ikkje for meg at verken Sp eller Frp gjer eit brakval i 2025 om ikkje det kjem andre større saker som folk er opptekne av. Både Høgre og Arbeiderpartiet diltar etter EU.
  5. I ein anna artikkel der vurderer Otra Kraft pumpekraft ved Holen kraftstasjon. Dei kan f.eks. installere 4x250MW reversible i Holen kraftstasjon. Mest sannsynleg til erstatning for dei tre gamle på 2x100MW og 150MW. Ved høgste vasstand i magasina oppe og lågaste i nedre ville det kunne køyre på full effekt i 10 dagar. Alternativa ser ut til å vere eit nytt pumpe-aggregat i Holen og ny tunnel til eit av magasina, eller eit nytt femte aggregat utan pumping i Brokke kraftstasjon lenger nede.
  6. Gazer75

    Elbil-tråden

    Ingen problem med GTE'en til fattern. Den er også lett å spinne med frå start pga elmotoren. Men der er det jo ein liten bensinmotor og girkasse framme som sikker gjer at den har meir vekt i front med lite last. E-Golf'en virkar å ha ein eller anna redusering i starten slik at ein ved forsiktig trykk på pedalen ikkje får så mykje moment med ein gong. Var faktisk raskare å komme i gang med gamle TDI'en som hadde ein 2 liter og 150hk. Måtte venne meg til ein forseinking ved start i kryss med e-Golf'en, men når den først kjem i gang så går det raskare enn dieselen.
  7. Gazer75

    Elbil-tråden

    Der er jo faktisk e-Golf betre med modular framover i kanalen midt i bilen og under setene framme. Det meste er uansett under baksetet der tanken var.
  8. Gazer75

    Elbil-tråden

    Har aldri spunne så mykje på vinterføre som med e-Golf. Lett å samanlikne sidan eg gjekk frå ein Golf TDI til den og dei er begge MK7. Vekta på e-Golf'en er nok lenger bak. Veit ikkje om ein del av det er dekk. På gamle dieselen så var det 205/55 R16 dekk, men e-Golf'en kom med 195/65 R15. Brukte Nokian på gamle bilen i mange år og bytta til Continental siste par åra eg hadde den. Trur det er Continental på e-Golf'en.
  9. Ingen elbil i Golf klassen som klarar dette i dag. Er vel Leaf 62kWh og ID3 i den klassen som har best rekkevidd med rundt 350km på sommaren. Vi testa ID3 når den kom, men knappane på rattet var vi einige om at var ein "dealbreaker". Han er også veldig motstandar av alt touch greiene som er i dagens bilar. Torer ikkje tenke på kva slags vingling det kunne vorte om han måtte sjå på skjermen for å styre ting. I dag ville nok ting vore litt annleis sidan det har skjedd mykje og det er også fleire brukte elbilar å finne. Problemet er all touch greiene som er i dag. Dei har heller ikkje bruk for hengerfeste lenger, og vogna/"hytta" er seld. Tvilar på det blir noko bytte av bil no. Dei er godt oppi 70-åra så reknar med ein 2015 modell GTE held lenge så lite som dei brukar bilen. Fattern har hatt bilane sine i om lag 15 år. Kan så vidt hugse ein Opel Kadett, så vart det ein Audi 100 diesel på 80 og 90 talet (brukt taxi som enda på nær 300k km før den vart seld) og så ein Octavia diesel fram til den vart seld som delebil
  10. Var vel kun Tesla Model S/X som kunne trekke tilhengar på 1500kg den gongen, og spesielt ikkje ein liten bil. Moderen likte ikkje å køyre den gamle Skodaen utanom på landevegen. Dei hadde også ei fast vogn som "hytte" med nokre mil til næraste lading. Pris har jo litt å seie også. Ikkje alle som kan bruke 400k på ein bil. Usikker kva bilen kosta, men det var ein 1 år gammal demo bil hjå den lokale forhandlaren. Så vil tru dei fekk ein god pris.
  11. Gammal tråd, men uansett... Ein viktig ting med plugin hybrid er jo at ein køyrer den dyraste køyringa elektrisk. På vinteren brukar både bensin og diesel mykje drivstoff første kilometerane når motor er kald. Har ein installert motorvarmar så vil det hjelpe ein god del. Foreldra mine har hatt ein Golf GTE i mange år og den er perfekt for dei som pensjonistar. Køyring lokalt går elektrisk og dei brukar vel ein halv tank med bensin i året. Den kan også trekke 1500kg som var praktisk første åra når fattern hadde ein tilhengar som var så stor. Ein kan samanlikne pris på lading og drivstoff her: https://www.smartepenger.no/105-kalkulator/1998-elbil-versus-vanlig-bil For min del var det lett å samanlikne Golf 2012 TDI 2.0 150hk vs 2020 e-Golf. E-Golf'en brukar 130-140Wh/km på sommar og 160-200 på vinter alt etter kor kaldt det er og om eg fyrer på varme. Skal eg berre på butikken ein tur så brukar eg berre 16 grader og setevarme på vinteren, samt eco mode i e-Golf'en. Dieselen brukte vel 0,6-0,7/mil på småkøyring og 0,4-0,5 på langtur. Så ved småkøyring (<20km) på vinteren så må lading koste 7,00-7,50 ved ein dieselpris på rundt 21kr literen for at dei skal vere like. Dieselen var problematisk ved småkøying på vinteren pga 12V batteriet som vart utlada. Dette er mindre problem på e-Golfen sidan den også ladar 12V batteriet når den står til lading på hovudbatteriet. Minuset for e-Golf'en er at den ikkje har temperaturstyring på batteriet. Er det kaldt så får ein kanskje 20-30kW effekt ved hurtiglading. Etter ein times køyring i -10 til -15 grader så fekk eg kun 19kW i starten og enda på 31kW. Tok nær 50 minutt å lade 20-80% i -15 grader
  12. Har du tilgang til straum så er nok motorvarmar frå Defa betre og rimelegare over tid. I eit kit så får du med ein slik ladar eg linka til også. Bilane vi hadde heime hadde same 12V batteri i 6-8 år minst. Spesielt fattern sidan han kunne bruke motorvarmaren på jobb også. Merka sjølv at min gamle 2012 Golf brukte ein del ekstra diesel på denne "aux" varmaren for å få motoren varm. Den starta når det var +5C eller lågare. Forvarming brukte eg kun når eg var på besøk hjå foreldra mine og bilen sto ute. Der kunne eg også kople til ein liten Ctek ladar dei timane. Var normalt berre behov for 5-10 minutt så var det grei temperatur, så eg starta den via fjernkontrollen før eg gjekk for å ta på klede.
  13. Er nok ein fordel å ha ladar i bilen. Eit Defa sett med kabel og kun batteriladar bør ikkje koste all verden. https://www.defa.com/no/produkt/chargerkit-1205-flex/ Ein tommelfinger regel er også at ein køyrer minst dobbelt så lenge som varmaren står på for ikkje å tappe 12V batteriet.
  14. Er 12V batteriet ok? Trur den vil nekte å virke om dette er for dårleg.
  15. Grunnrente gjeld kun når installert effekt er 10MW eller meir. Er faktisk eksempel der kraftstasjonen ikkje nyttar potensialet fullt ut for å sleppe denne. Dei installerte rett og slett mindre turbin og generator for å vere under 10MW. Ein stor del av småkraftverka er eigd av selskap som igjen er eigd av utanlandske selskap. Berre sjå på Småkraft som eig, heilt eller delvis, 145 småkraftverk i landet. Kun eit av dei er 10MW eller meir så langt eg veit.
  16. Denne serien har problem med coil whine og bråkete vifte så styr unna! Kjøpte ein slik nyleg og det var grufull coil whine som overdøyva alt anna ved idle. Vifta bråka også ein god del og starta opp anna kvart minutt. Alt anna enn Corsair reklamerer for på desse. Lest om folk som klaga og fekk ny fleire gonger med same problem.
  17. Gazer75

    Trafikalsk klagemur

    Om eg skulle klage på noko så må det vere feil bruk av lys. Tåkelys skal ikkje vere på saman med nærlys, men det virkar det som at ingen forstår. Her burde det vore eit krav om at desse ikkje kan vere på i fart over 30-50 ein plass. Litt som automatiske kurvelys kun virkar under 30. Dei lyser jo berre kanskje 5-10 meter framfor bilen og i grøfta, og har null funksjon på landeveg i 60+. Men refleksjonen i våt asfalt er mykje verre for møtande trafikk. Trur det raraste argumentet eg såg for mange år sidan var at ein såg elg/hjort i vegkanten betre. Om du ser dyret under 10m framfor bilen pga tåkelys så er det for seint å stoppe om dei går ut i vegen. Tåkelys gir faktisk dårlegare sikt lenger framover pga mykje lys rett framfor bilen. Er bot på 3700kr for feil lysbruk i dag, men er vel nesten ingen som får dette. Parkeringslys har folk gløymt kva er... Blinking i rundkøyring må vere ekstrautstyr for mange 😛 Hadde folk vore flinkare her, både venstre og høgre blink, så hadde rundkøyringane vorte betre utnytta.
  18. Gazer75

    Elbil-tråden

    No har vel fleire trafikkskular og trafikklærarar sagt at Highland er uaktuell som skulebil pga knappane. Dei meinar at det er ein distraksjon og trafikkfarleg. Kan ikkje vere lett å fikle med når knappane er nede rundt klokka 6-4 på rattet i ei rundkøyring. Eg har i alle fall ikkje hendene på same plass (kvart på tre) når rattet er i ein slik posisjon. Går som regel ikkje lenger enn ned til rundt 8-7 (venstre sving) eller 4-5 (høgre sving) før eg vil byte grep. Er nok ingen rally sjåfør som vrenger armane
  19. Ikkje heilt enkelt å forstå ein del meldingar der. Reknar med det er overbelastning ein eller anna plass i nettet om ein importerer for fullt. Var vel full import på alle HVDC linjer ei stund. Kanskje det laga problem for nettet i sør. Statnett må få fart på oppgradering av nettet mellom NO2 og NO5. Med Yggdrasil prosjektet som har fått straum frå land, så vil det gå ein del ut frå Samnanger. Estimert 150MW behov i 2029.
  20. Går ikkje alltid så bra på vinteren med dårleg brøyting. Kort kabel er eit problem på sommaren og blir ikkje betre på vinter. Snø har også dekka stolpenummer som jo er heilt nede. Idiotisk plassering spør du meg. Bytta frå ein 2012 Golf TDI til ein 2020 e-Golf i mai 2023. Ventar fortsatt på lading i burettslaget, men dei tek seg god tid. Har vist vore litt dårleg økonomi og ein del dyre vedlikehald siste par åra. Easee rotet hjelpte heller ikkje på sidan fleire av tilboda brukar desse. Hadde det ikkje vore for dette så hadde eg ikkje brydd meg. Kunne lade alt eg har bruk for heime på vinterstid. Lengste tur var vel rundt 400km t/r i fjor sommar. Nja... 5,75 er ikkje rimelegaste her på langt nær. Har Uno-X til 4,50 og Eviny til 4,99 som også har -10% "bonus" opptening. Så medrekna bonusen så er vel dei to ganske like på pris for tida. Tesla var rimelegaste i fjor sommar når prisen var nede i 3,75.
  21. Vekker ein gammal tråd her. Er det like tungvindt i dag? Må ein fortsatt ha eiga brikke for mange stasjonar? Vurderer brikke etter å ha stått i -15C eller verre og fikla med app på telefonen.
  22. Gazer75

    Elbil-tråden

    Knappane på VW Mk7 bilane var heilt perfekte og dei hadde ikkje behov for å endre på ting... Når ACC er på så vil raske trykk på RES og SET fungere som +/- 1 km/t. Den blanke med + og - vil hoppe opp eller ned til næraste heile 10 km/t. Topp høgre er ACC av/på og nede til høgre får opp ein meny i displayet som kan slå av og på diverse andre sensorar alt etter kva utstyr bilen har. Knappen i midten visar ACC avstand og kan justerast med den blanke +/- når dette visar i displayet. Bildet er frå ein 2019 eGolf, men akkurat same oppsett var det på knappane på på min 2012 Golf TDI også.
  23. Aurland 3 kraftstasjon er ein klassisk Norsk med reversible turbinar som pumpar i sesong. Nedre magasin, Veslebotnvatnet, er bere ein brøkdel av Nyhellermagasinet. Veslebotnvatnet vert også fylt opp via ei "takrenne" med bekke inntak på nordsida av Aurlandsdalen.
  24. Dagens avtale gjeld vel berre for området ved Storheia vindpark trur eg. Dei er ikkje einige om Roan vindpark. Den er 51% eigd av Aneo og 49% av Stadtwerke München. Nedover så er det eit samansurium sidan morselskapet Aneo Holding AS er delt 50/50 mellom HitechVision og Trønderenergi. Driftsselskapet Aneo Vind er 49% eigd av Stadtwerke München.
×
×
  • Opprett ny...