Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

Gazer75

Medlemmer
  • Innlegg

    1 314
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Gazer75

  1. Javel. Vi brukte Defa motorvarmar så lenge eg kan hugse på begge bilane til foreldra mine. Eg hadde det også i min andre bil så lenge eg budde heime. Alle med sånn enkel timer med to tidspunkt. Bilane var kopla til men styrt automatisk. Hadde aldri noko problem med 30-60 minutt på min Golf som sto ute i gata i -10C til -20C om eg skulle ut med bilen utanom faste tider. Kopla den ikkje til på kvelden om eg ikkje skulle på jobb på morgonen, så då var eg ned og kopla til og slo på manuelt. Edit: Ser Defa seier opp til ca 3,5 timar på auto i ein teknisk manual frå 2009 når ein brukar det enkle uret kalla Futura.
  2. Motorvarmar er vel kanskje 500-600W. Kupevarmaren var ofte rundt 1200-1400W. Dette står heller ikkje på i mange timar. I veldig kaldt ver så er det snakk om ein time kanskje. Ved rundt -10C så er det snakk om maks 30 minutt. Er forskjell på 2kW i opp til ein time i kaldt ver og 2kW i mange timar. Kan jo vere snakk om over 12 timar om ein ikkje brukar bilen på kvelden og skal ha den kl. 8 dagen etter. Justere ned til 5-6A i bilen er nok ikkje dumt for å hindre varmgang. Ein del slike ladekladdar har også justering for dette.
  3. https://e24.no/energi-og-klima/i/25GLgv/varsler-offentlig-utredning-om-kjernekraft Spent på kva som kjem ut av dette
  4. Skal rette meg sjølv litt her. Sidan 2020 så har 3 kraftverk med magasin vorte sett i drift. Smibelg 33MW og Storåvatn 2 27MW omlag 4 mil (luftlinje) nord-øst for Mo i Rana. Og Østerbø 48MW på sørsida av Sognefjorden i Høyanger kommune. Magasina desse har er ganske små sett i forhold til dei større utbyggingane mellom 1960 og 1990.
  5. Nja, vi har 42 reine pumpestasjonar. Største er Breive med 8x2,5MW. Kunne sikkert bygd fleire slike for å ha meir vatn til effekt i dagens kraftstasjonar. Utfordringa ved store raske variasjonar i magasina er erosjon. Regulerbar kraftproduksjon har det ikkje vore bygd på mange år. Både Leikanger og Feios er elvekraftverk med fleire bekkeinntak.
  6. Heilt klart at byane treng lading langs gatene der folk med parkeringsløyve kan lade. Det vil og gjere det rimelegare for mange å byte til elbil. Eit godt alternativ til hurtiglading heilt klart. Ville vore perfekt for min del om eg var ut ein kveld på restaurant osv å kunne lade på 7kW med min e-Golf eit par timar. Men slik det er no så må eg gå halve sentrum gjennom for å finne næraste Type 2 AC punkt. Fristar ikkje ved våte og/eller kalde vinterkveldar. Å sette opp ei delvis løysing på f.eks. gjesteparkering i burettslag der kvar bueining også har sin eigen parkering i garasje er oppskrifta på konflikt. Kvar parkering bør kunne få minst 230V 10A eller 400V der dette er råd. Lastbalansering er jo det beste for å få ned kostnad.
  7. Om ein ser totalen så er det nok mange fleire enn 5% som ikkje kan lade heime og difor ikkje har skaffa seg elbil. Er vel kun omlag 25% av personbilparken som er elektrisk så langt. Ein kan sikkert installere lading i burettslag osv, men for ein del så blir det svært dyrt når dei må betale anleggsbidrag på toppen. Eldre blokker har ikkje nok reserve inn til å kunne drifte lading av ein masse elbilar og det lokale nettet og trafoen er ikkje dimensjonert for det. Då trillar millionane ut i oppgraderingar. Må hugse på at mykje av det gamle lågspent nettet i Norge er 230V IT og ikkje 400V TN. Ikkje alle som bur sentralt til og kan velje og vrake i lading heller. Er vel berre Tesla og Ionity som har abonnement. Dei kan det vere langt til ein del plassar. Når det er sagt så skal det vere ganske dyr lading før ein er på linje med diesel. For min del sparar eg 25-50% på drivstoff med elbilen ved 100% hurtiglading. Sidan eg brukar under 100kWh i snitt per månad så er abonnement ikkje verdt det hjå Tesla. Er og mykje styr med kort kabel og ladeluke høgre bak. Nokre samanlikningar runda til næraste 50 øre/liter: 5kr/kWh @ 250Wh/km = 19kr/liter @ 6,5L/100km 5kr/kWh @ 200Wh/km = 18kr/liter @ 5,5L/100km 5kr/kWh @ 150Wh/km = 17kr/liter @ 5L/100km 6,5kr/kWh @ 250Wh/km = 25kr/liter @ 6,5L/100km 6,5kr/kWh @ 200Wh/km = 23,5kr/liter @ 5,5L/100km 6,5kr/kWh @ 150Wh/km = 19,5kr/liter @ 5L/100km Trur eg har vore litt snill med forbruket til fossil bilen her, men det gir no ein peikepinn.
  8. Er ikkje tvil om at det blir dyrare systemdrift når dei må kjøpe meir primær og sekundær reserve som ofte er dyrt. Sverige har også mindre regulerbar vasskraft som kan balansere systemet. Kan kanskje hjelpe med fleire linjer over grensa til Norge. Men så må det kome meir typisk pumpekraft også, ikkje slike sesong baserte pumpekraftverk som vi har.
  9. Hjelper ikkje at OED brukar to år på å behandle klage på konsesjon for nye linjer og kablar. https://www.statnett.no/vare-prosjekter/region-ost/hamang-barum-smestad/nyhetsarkiv/vedtak-statnett-skal-bygge-kabel-mellom-hamang-i-barum-og-smestad-i-oslo/ Litt som forventa når det skal gå gjennom Bærum og Oslo vest. Spent på om det blir kabling når linjene i Groruddalen skal oppgraderast.
  10. Og det er vel litt av problemet. Operatørane veit at veldig mange ikkje bryr seg og då kan dei ta ekstra. Så lenge prisane er som dei er vil det sitje lenger inne for folk å byte til elbil om dei ikkje kan lade heime. Ein må sjekke pris om ein må bruke hurtig-lading ellers kan ein risikere å betale meir enn om ein køyrer diesel.
  11. Gazer75

    Trafikalsk klagemur

    Feil i speedometer er definert i seksjon 5.3 i Regulation No 39 of the Economic Commission for Europe of the United Nations (UN/ECE) 0 ≤ (V1 – V2) ≤ 0,1 V2 + 4 km/t Der V1 er speedometer og V2 er faktisk fart. Difor skal det faktisk alltid vere 4km/t feil ved nye dekk på original standard dimensjon. Testing på dei fleste bilar skal gjerast i 40, 80 og 120. Min e-Golf er mellom 3 og 4 feil på mine 195/65-R15 vinterhjul i 80, og i 40 er det 1-2 feil.
  12. Fekk aldri registrert meg på AliExpress så enda med å bruke Ebay. Kosta vel under 1200kr med frakt og MVA, og tok litt over ei veke før den var i postkassa.
  13. Meir kraft er betre enn ingen ting. Vi har ikkje all verden med vasskraft å byggje ut, spesielt ikkje magasinkraft. Ein kan sikkert diskutere kva ein skal bruke krafta til, men utan meir kraft vil industri ikkje etablere seg og skape arbeidsplassar. Er mykje eksisterande industri som vil elektrifisere som burde få kraft før ein gjev den til data senter osv. Eg tenker eit samarbeid med Sverige og Finland om eit par atomreaktorar bør vurderast. Om vi har eit par 500MW reaktorar nær Oslo så vil ein dekke ein basis last. F.eks. på Slagentangen der det gamle Esso raffineriet var. I framtida kan ein sikkert bruke dagens gassterminalar til dette også.
  14. Sett bort frå prisen på havvind så er jo det bra for oss. Jo meir vindkraft vi har jo meir kan magasinkraftverka spare vatn. Og slik det ser ut så planlegg fleire produsentar oppgradering for meir effekt og ser på pumping for å nytte overskot i vindkraft.
  15. Ingen politikar som vil behalde jobben torer å gå for nye kablar. Godt spørsmål. Det vanlege svaret er vel at det er dette prisen for kvalifiserte personar i ein internasjonal marknad. Dette har eg vel snakka om før i denne eller andre trådar. Mykje av nettet vårt vart bygd ut frå 1950 til 1980, og etter så mange år er det utslite og må fornyast. Kostnad med vedlikehald overgår prisen for å byggje nytt. Samtidig så er forbruket og produksjonen auka som krev kraftigare nett. Gamle trafostasjonar kan vere plassert slik at det er dyrt å oppgradere samtidig som dagens nett må vere i drift. Flyten kan ha endra seg så ny stasjon bør vere andre plassar i nettet osv. Hamang stasjon ved Sandvika er jo eit godt eksempel på plassmangel i tettbygde strok. Den er vel kostnadsrekna til 900 millionar. Er litt spent på om dei byggjer stort nok med plass for utviding når ting er innandørs og gass isolert (GIS) i desse nye stasjonane som erstattar gamle.
  16. Blir nok neppe overskot til å betale ut flaskehalsinntekter framover. Statnett har jo masse prosjekt på gang for å oppgradere og utvide nettet. Slikt kostar pengar. Det må blir ei ny kraftkrise med store prisforskjellar for at det skal skje.
  17. Tvilar på vi ser produksjon frå Sørlige Nordsjø 2 før om 8-10 år. Går vel to år med KVU og konsesjonshandsaming. Med inflasjon så er nok prisen vi må betale ein heilt anna når dette er i gang.
  18. Har du sjekka om desse havnene også prosesserer gass til ferdig produkt? Tippar dei fleste kun er for å ta i mot LNG og eventuelt lagre den. Våre gassanlegg har litt andre funksjonar.
  19. Med full automatikk så vil rekninga for lading kome frå utleigar. Kort er heilt klart det enklaste. Dei fleste nye stasjonar som kjem i år vil nok ha dette, og gamle må ha det på plass før utgangen av 2025.
  20. Ein del av dei gamle som vart bygde for 20-25 år sidan er vorte fornya. Gamle turbinar er fjerna og nye meir effektive er sette opp.
  21. Tråden har sklidd litt ut. Problemet her var ikkje å starte eller betale for lading, dei hadde appen og den fungerte fint. Du kan scanne QR koden på uttaket og få rett plugg i appen. Kortbetaling vil nok gjere ting endå enklare. Spesielt for turistar som kan bruke Visa eller Mastercard osv utan å styre med app. Det finnest vel apps i dag som støttar det meste av ladeoperatørar i Europa, men desse skal jo tene pengar og tek ekstra betalt. Automatisk lading ala Tesla kjem nok på fleire og fleire bilar. Er vel noko Plug & Charge greie på Mer sine stasjonar med VW ID bilane trur eg. Tesla opnar i desse dagar opp sine stasjonar i USA for Ford sine bilar og der går ting automatisk via ein CSS1 til J3400 adapter som Ford kundar kan bestille. Set adapter i Tesla pluggen (J3400) og set adapter i bilen så startar lading automatisk. Korleis ein stoppar ladinga veit eg ikkje, har ikkje sett video om prosessen endå.
  22. Tapper kortet igjen og stoppar ladinga. På Uno-X så er det slik. Tappar ein kortet på kortterminalen så spør den om ein vil stoppe ladinga.
  23. Møtte på eit trist skue i går. Kjem inn på ein ladestasjon og ser ein e-Up står og ladar på eit 43kW AC uttak. Visar seg at dei er franske på førstereis og har leigd seg elbil utan opplæring eller peiling. Var litt trøblete kommunikasjon sidan kun den eine var ok i engelsk, men kunne virke som at dei hadde kun lada slik sidan dei plukka opp bilen. Dei var ikkje klar over at ein kunne ta ut dekselet over DC pinnane og hurtiglade. Trur ikkje dei visste kva kW og kWh er ein gong. Fekk bytta dei over på DC, men etter 30 minutt med AC så var sikkert batteriet kaldt og effekten var kun 28kW, men med 3,7kW AC maks effekt så hadde dei vorte sitjande der heile natta.
  24. Sjekk kva som skjedde åra før. Eksport og frykta for at det renn over er så stor at magasina vert tømde og straum eksportert i stor stil. Alt for profitt. Når ein så får mindre nedbør enn normalt så blir det problem. Hadde magasina vore fylte til randen kvar haust så ville det ikkje vore noko problem. Resten får vi frå Svenskane. Ser jo berre fyllingsgraden no etter rekordfulle magasin fleire plassar. Masse eksport samtidig som det var kaldt, og no er vi eit stykke under median igjen. Eit eksempel er rekordåret 2020 for NO2 der det rann over fleire plassar. Heile våren og sommaren 2021 var fyllingsgraden godt over median. Når hausten 2021 nærma seg så var det full eksport for å tømme magasin. NordLink var også i gang så det var endå enklare å eksportere. Dei venta regn og påfyll som aldri kom. Hadde eksporten venta til fyllingsgraden var høgare så hadde vi kanskje ikkje fått problem i 2022 der det var rekordlåg fylling frå veke 15 til 38 og prisane gjekk til himmels. Men profitten trumfar det meste. Vi vart delvis redda av mykje regn i oktober og november.
  25. Var ikkje Putin åleine som gav oss dyr straum i Norge. Tyskland la ned sine atomkraftverk. HVDC kabelen til Tyskland fekk prisen i NO2 til å hoppe om lag 10 øre på timen den kom i drift, og prisen fortsette oppover mot det som då var ganske normal Tysk kraftpris om eg hugsar rett. Når NSL til UK kom i drift så fekk NO2 endå eit område med mykje høgare pris kopla mot seg og ein ser jo resultatet. Utan desse to kablane på 1400MW kvar så ville vi ikkje sett dagens prisar her. Då ville det vore meir som i Nord-Norge (NO4). Sverige har ikkje vorte straffa like hardt sidan dei har kun Baltic Cable på 600MW til Tyskland, SwePol til Polen på 600MW og NordBalt på 700MW til Litauen. Dei tre til saman er berre litt meir enn Skagerak HVDC mellom Norge og Danmark på 1650MW. Kan kanskje rekne med Kontek og Storebælt kablane også, begge 600MW. Men her blir Sjælland ein buffer mot Sverige.
×
×
  • Opprett ny...