Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

Gazer75

Medlemmer
  • Innlegg

    1 314
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Gazer75

  1. Slik har det vore i over 20 år. Når straumprisen er låg så er nettleiga den største delen av rekninga. Er vel slik i 4-6 månader av året. Men så klart når nettleiga stig så vil denne perioden kunne bli større sidan straumprisen må opp endå meir. For min del er dagens kapasitetsledd lågare enn det fastleddet kosta før. Samtidig så har vel energileddet stege med rundt 30% siste åra.
  2. https://www.nve.no/reguleringsmyndigheten/regulering/nettvirksomhet/oekonomisk-regulering-av-nettselskap/
  3. Då blir det sikkert plenty med rekordar i neste veke når vinteren kjem. Spent på kva straumprisane vert når det blir kaldt og mange fyrer med straum. Må vel håpe på mykje vind og sol lenger sør.
  4. Gazer75

    Trafikalsk klagemur

    Då var tida for feil bruk av tåkelys i gang att. Fattar ikkje at det ikkje kan kome eit system som automatisk slår slike av når bilen køyrer over 30km/t. Kan få bot på 3900kr for feil bruk av lys som dette er. Ein anna uting er alle nye bilar med LED striper og anna "bling" i front. Det er unødvendig og gir berre meir motlys for motgåande trafikk.
  5. Burde jo ikkje få desse toppane då kanskje... Er 6 timar med prisar over 150 øre før støtte for NO1 og 2 i dag. Torer ikkje tenke på kva dette kan indikere for prisen vidare i vinter når temperaturen kryp godt nedover på minus.
  6. Det kan du trygt sei. Tysdag blir det 9 timar der straumstøtta slår inn for NO1 og NO2, og 6 timar i NO5. Er oppe i 107 øre kl 8 inkludert mva og støtte. Går sakte nedover fram mot kl 18-19 når prisen går under terskel for støtte.
  7. Flaskehalsen NO3-NO5 har nok med at Sogndal, som erstatta Fardal, kun har ein autotrafo på 1000MVA mellom 420kV og 300kV. Har sett over 800MW av og til på denne forbindelsen. Når ein får flytta linja til Aurland over på 420kV så forsvinn ein del av denne. Største gevinsten er at ein får ut meir kraft frå indre Sogn. Er meir enn 1200MW installert der inne. Har vore fleire mindre prosjekt som ikkje fekk lov å starte opp pga for like kapasitet. Berre sidan 2017 er det 18 nye kraftstasjonar under Sogndal trafostasjon. Ein gong ut på 2030 talet vil nok heile linja ut til Kollsnes i Øygarden også vere 420kV. Frå Steinsland (Modalen) og ut er den klar og mellom Refsdal (Vik i Sogn) og Modalen er det kunn forlenging av isolatorjonskjeder som trengs.
  8. Og slik går no dagane... https://www.nrk.no/urix/voldelige-bosettere-gjor-jobben-med-innhosting-av-oliven-pa-vestbredden-farlig-1.17106269
  9. SE2 kan neppe koplast rett til NO1 sidan det er for langt nord. Det må bli NO3, altså Trøndelag. Og linjene NO3->NO1 og NO3->NO5 har for lite kapasitet. Det må bli ei linje 2 til Nea og så ei ny linje frå Nea til Rendalen og så oppgradering av den gamle 300kV linja vidare mot Lillehammer. Og der kjem eit stor problem. Mykje av 300kV nettet rundt Mjøsa er gammalt og det må byggjast nytt. Statnett er i gang med arbeidet for å erstatte eldste av dei to på vestsida. Den vart bygd tidleg på 50-talet som 220kV og seinare oppgradert til 300kV. Første steg er Skyberg stasjon som skal erstatte Vardal ved Gjøvik. https://www.statnett.no/vare-prosjekter/region-ost/skyberg-transformatorstasjon/ Samtidig kan ein ikkje oppgradere Fåberg stasjon ved Lillehammer så der ser dei på ny plassering. https://www.statnett.no/vare-prosjekter/region-ost/faberg-ulven/ Heile NO3-NO1 biten er vel ikkje vurdert oppgradert til 420kV før etter 2040 meiner eg. Altså linja frå Sunndalsøra og nedover via Vågå, Øvre Vinstra og vidare mot Lillehammer området. Samnanger-Sauda kjem nok med tida. https://www.statnett.no/vare-prosjekter/region-vest/sogndal-sauda/blafalli-mauranger-samnanger/
  10. Usikker på om det har så stor effekt. Nettet Nord-Sør der borte er sprengt. Same gjeld linjer ut av NO1 til NO2. Det er vel snakk om å oppgradere den gamle 220kV linja mellom Nedre Røssåga og Grundfors. Gir liten meining å ha 400/220 transformering i begge endar. I Nedre Røssåga er og koplingsanlegget litt dårleg sett opp i dag. Dei går delvis via ei 220kV samleskinne for transformering mellom 400 og 300kV samt til 132kV. https://openinframap.org/#16.21/66.051067/13.781335 Dette er det planar om å fikse ved å utvide 400kV delen og få koplingar rett mellom 400 og 300+132kV. https://www.statnett.no/vare-prosjekter/region-nord/nedre-rossaga-transformatorstasjon/ Då blir det og endå meir tullete med ei 220kV linje mellom to 400/220kV transformatorar. Største endring for dette må skje på Svensk side sidan Ajaure og Gejmåns kraftstasjonar mellom grensa og Grundfors er kopla på denne linja.
  11. Det blir det ikkje noko av. Det var fleire kraftselskap som var med på NorthConnect. Det er eigd av Lyse, Å Energi, Hafslund og Vattenfall. Det er jo alt bestemt at det er kun Statnett som skal drive slike forbindelsar. Det vil vere politisk sjølvmord å opne for denne med andre aktørar, til og med ein Svensk. Ser ikkje for meg at ei eventuell Høgre + Frp regjering vil endre på dette.
  12. Må nok vente ei stund før ein ser det faktiske resultatet av den nye metoden. Akkurat no så bles det godt i Sverige og difor går prisen i NO1 ned. Kraftsystemet har ikkje vore bygd for den store flyten NO1->NO2 så når kapasiteten er sprengt så blir det slik. Er vel om lag 1GW meir kapasitet NO2->NO1 fordi flyten var den vegen det meste av året før vi fekk 2800MW med nye HVDC kablar. Usikkert kva som kjem først, oppgradering Samnanger-Sauda eller nye Eiker stasjon (erstattar Flesaker) og oppgradert linje til ny Tønsberg stasjon (erstattar Tveiten stasjon). Samtidig planlegg dei oppgradering av Bamble-Porsgrunn og ny linje vidare til Tønsberg. Vikar som planane forventar 2032 eller seinare for alt dette. Med meir og meir konflikt ved nettutbygging så blir det vel sikkert minst eit år ekstra pga klage og OED som brukar eit år på behandlinga.
  13. Eg ganske mange år med okkupasjon det der. Terrorisme høyrer ingen plass heime uansett og du siterte meg jo på det eg sa der. Men Israel har trenert sendingar til Gaza mange gonger opp gjennom åra. Dei kan bestemme kva som kjem inn av mat og medisinar osv. Men det er jo det som er greia her. Hadde det vore Palestina i dag så hadde det kanskje aldri vore konflikt i dette området. Eg har heller ikkje sagt at ansvaret litt kun på Israel totalt sett, men dagens situasjon er uansett langt ute av proporsjonar. Det er krefter i Israel som også vil ha full kontroll over Vestbredden og Gaza og kaste ut palestinarane. Og pga styrkeforholdet så kan dei lett gjere dette. Ser jo berre korleis dei driv på på Vestbredden med nybygging osv. FN burde ha gått inn for lenge sidan når Hamas driv på slik dei har gjort. Er vel dei som har ansvaret for situasjonen sidan det var eit FN vedtak som oppretta Israel. Men då er det FN soldatar sine liv som kan gå tapt så det sit for langt inne. FN er handlingslamma så lenge det er et veto land som er part eller delvis part i ei konflikt.
  14. Det får vere dine ord. Eg har ingen ting til overs for verken Hamas eller Israel. Hadde Gaza vore styrt av nøytrale FN styrkar så hadde nok dette neppe gått slik det har gått. Poenget mitt er jo at så lenge ein politikar i USA er avhengig av deira stemmer så vil dei jo ikkje stoppe støtta til Israel. Er ikkje mange der borte som er moralske nok til å risikere si politiske karriere. Men det er vel heilt greit å bombe sjukehus og drepe sivile i Gaza hm? Kan jo vere ein potensiell Hamas terrorist der. Kan like godt teppebombe heile Gaza for å vere sikker? Er vel ikkje langt frå det i dag slik det ser ut. Når det er sagt så har Hamas ingen rett til å drive terrorisme slik dei har gjort. Dei bryr seg ikkje om sitt eige folk slik dei driv på. Hamas folka må jo ha forstått at Israel ville svare hardt og brutalt. Kan jo lure på kvifor folket stemte på dei for mange år sidan, men det var vel lovnader om både det eine og det andre for å få makt. Våpen er jo klart ikkje greit. Men Israel har også hatt styring av både personar og varer. Alt for mange fornektar tabben med å opprette Israel etter krigen. Det måtte bli konflikt når ein går inn og tek landområde til eit folk. Situasjonen i dag er eit resultat av dette same kor ein snur og vender på det. Så er det då så rart at det er krefter der som ikkje vil ha staten Israel? I botn her så ligg det som vanleg religion- og kulturforskjellar. Religion er rota til dei fleste konfliktar i verden gjennom tusenvis av år no.
  15. Og då er eg ikkje nøytral altså? Tur du må lære det kva det kan bety. Undertrykking vil til slutt ende med at det kokar over for folk.
  16. Skremmande mange Israel sympatisørar her inne som støttar dei uansett kva dei finn på. Ja, Hamas sitt angrep er forkasteleg. Men så kan ein spørje seg, hadde dette skjedd om ikkje Israel hadde undertrykt palestinarane så til dei grader sidan staten Israel vart oppretta? Eg er ganske nøytral i det heile, men det er Israel sin feil at det har blitt slik det er. Gaza har jo vore ein gigantisk fangeleir der Israel har styrt kva som kjem inn og ut. Svaret frå Israel på angrepet er heilt ute av proporsjonar slik det har utvikla seg. Her burde ein fått på plass ein styrke med FN mandat til å styre Gaza i staden for å legge det i ruinar. Kva slags inntrykk trur ein palestinske born som veks opp får av Israel? Er ikkje rart det er hat og at Hamas lett kan rekruttere nye folk når Israel driv på som dei gjer. Israel kjem nok neppe til å bry seg om kva FN domstolen seier om forbodet mot UNRWA. Så lenge dei får støtte frå USA så durar dei på som dei vil. Og ingen politikar i USA som står på val vil stoppe dette sidan det betyr politisk sjølvmord. Er for mange veljarar der borte med jødisk opphav som støttar Israel.
  17. Er nok difor ein del større kraftverk ser på oppgradering av effekt. Då kan dei tene meir på kort tid når det trengs.
  18. Småkraft hjelper lite. Dei produserer mest vår, sommar og haust. Når vinteren kjem og elvane frys og vi treng kraft så står dei stille.
  19. Det er markedskapasiteten. Har vore fleire timar med flyt opp over 800MW på det snittet. Ei 300kV linje bør kunne klare opp mot 1000MW alt etter kabel type osv. Men det er veldig simpelt rekna. Har med motstand og temperatur samt avstandar å gjere. På vinteren er kapasiteten høgare sidan lufta er kaldare. Ein fordel for oss her i nord sidan vi brukar mest på den tida.
  20. Gazer75

    Elbil-tråden

    Blir litt som John Cadogan som samanliknar ein Mazda 2 med ein Model Y performance for å vise at Mazda'en har eit lågare CO2 utslepp i Australia. Kan jo like godt ta ein populær fossil SUV eller pickup og få liknande resultat mot ein Mazda 2.
  21. EU landa har god grunn til å innføre toll. Dei vil verne bilindustrien sin. Slik eg forstår det så er det ingen planar om dette her i Norge. Då kan det bli vanskeleg for dei Europeiske merka å konkurrere på pris mot Kina-bilane. Ser det berre her lokalt kor vi har VW og MG forhandlar. Ein ID3 er mykje dyrare enn ein MG4. 20-40k alt etter utstyr og batteri på dei vanlege modellane. Rimelegaste MG4 er 80k under rimelegaste ID3.
  22. Einaste måte batteri produksjon i Norge vil fungere utan nær 100% automatisering er med høge avgifter på batteri basert på CO2/kWh. Men det må vere i regi av EU eller noko slikt. Norge er alt for liten til å innføre slikt på import av bilar med "skitne" batteri. Blir litt som USA som legg avgifter på bilar som ikkje blir produsert der borte. Dermed skapar det også arbeidsplassar. Det hjelper jo heilt klart dei amerikanske bilprodusentane sidan andre merker ikkje kan bruke billig arbeidskraft i Asia.
  23. Gratulerer. Vi får håpe HVAC ikkje streikar rett etter 5 år. Har same bil med alt utstyr. Keyless, digitalt instrumentpanel osv. Den har klart opp til 40kW så lenge batteriet er over 10 grader. På vinteren i -15C og kaldare så ser ein kanskje 30kW. På det meste tok det 50 minutt å lade 20-80% i kulden. Men då brukte bilen også 3-4kW til å halde varmen i kupeen. Dessverre er HVAC på Golfen med varmepumpe kopla til batteriet og ikkje framfor, så den kan ikkje trekke ekstra (om tilgjengeleg) frå ladaren til varming under hurtiglading. Forbruket mitt i sommar har vore 120-140Wh/km alt etter temperatur og om det regnar eller ikkje. 70% rekkevidd er vel kanskje 180km på sommaren utanfor motorveg. Altså lade til 80% og stoppe ved 10%. Problemet er at når estimert rekkevidd er 25km så slår varmeapparatet seg av. Ved 50km så går den automatisk i eco modus, men ein kan sette den tilbake til normal. Dette vil vere meir eit vinter problem. Den gamle appen var grei nok men vart lagt ned. Volkswagen appen er nok meir bygd for ID serien, men etter ein del oppdateringar så fekk vi tilbake alle funksjonar. App støtte vil uansett forsvinne når dei legg ned 2G nettet i 2025. Golfen har kun ein 3G modul og VW har ingen planar om å tilby byte til 4G eller 5G slik Tesla gjorde.
  24. No var det vel snakk om 1500 stillingar i Mo i Rana. Då er det ein stor arbeidsstokk. Med automatisering så nærmar ein seg vel datasenter som knapt har tilsette og kun brukar masse straum. Då kan dei berre ryke og reise frå landet. Det blir ulempe med høgare straumpris og liten nytte for samfunnet.
  25. Batteriproduksjon i eit høgkostland er jo dømt til å feile. Spesielt når Kina subsidierer produksjon der borte.
×
×
  • Opprett ny...