-
Innlegg
1 314 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Gazer75
-
Kor har du det frå? Alle eg har sjekka hadde 50%, også dei siste som opna.
-
Nja, dei fleste vil jo kunne lade 90% av tida heime til godt under 2kr/kWh. Om ein reknar 80% heimelading til den prisen og dei siste 20% til 6kr/kWh så vil elbilen ved 12000km per år koste rundt 40-45% av ein diesel ved 17kr/liter. Legg ein til bompengar som er 50% av normal takst for elbil så blir reknestykket stygt for dieselen. På ein eventuell ferietur i Norge så vil jo både 50% bompengar og 50% på ferje hjelpe på. Nokre få bomstasjonar er vel fortsatt gratis for elbil. Det bør også vere mindre potensielle utlegg på ein elbil sidan den har mindre bevegelege delar. Ingen oljeskift osv. Veit ikkje om det finnest nokon statistikk på kostnader knytta til service og vedlikehald på elbil vs fossil.
-
No er jo kort betaling eit krav på nye stasjonar og gamle må oppgraderast før 2025. Ser at dei nye Uno-X stasjonane som har dukka opp kun tek kort med kontaktlaus metode. Dei er vel også rimelegaste utanom Tesla per kWh for tida med 6,50kr/kWh. Ingen andre lynladarar, utanom Tesla, som er så rimelege utan abonnement. Dei andre som har 150kW+ tek vel minst 7kr. Ved normal lading det kun Eviny 22kW AC som er rimelegare med 6kr/kWh så langt eg har sett. Då har eg ikkje sett på eventuelle kjøpesenter osv som kanskje har 3,6-7,4kW. Med fallande pris på bensin og diesel i det siste så er det svært likt mellom el og diesel. Ved 7kr/kWh og 150Wh/km så vil ein diesel med 0,6liter/mil og 17kr/liter vere rimelegare. Det er ikkje store skilnaden vel og merke. For 2000km så vil det vere 60kr i favør dieselen. Usikker på om dette er ein rettferdig samanlikning. Ein tilsvarande elbil som dieselbil med 0,6liter/mil vil vel kanskje bruke rundt 130-140Wh/km. Av erfaring så låg min gamle Golf TDI 2.0 150hk på omlag 0,45-0,5liter/mil og eGolfen ser ut til å vere under 130Wh/km. Ein mindre 1.6 liter Golf vil nok kunne kome ned mot 0,4liter/mil. Er ein smart og nyttar opne Tesla SuC utanom dyrtida (16-20) så ligg dei fleste godt under 6kr/kWh. I oversikten til TOCN for mai så er det kun 3 stasjonar som er 6kr eller meir i tida 20-16. Gol (gamle), Lærdal og Treungen. Ved same reknestykke som over og 6kr/kWh så må faktisk dieselen ned på 15kr/liter. Men så kjem eventuelle bompengar og ferjebillett i tillegg, og då vil reknestykket vere eit heilt anna.
-
Ikkje alle som har råd til å bruke 2 årsløner på ein bil Med tida så dukkar det vel opp brukte bilar av dagens modellar som går over 500km til ein meir leveleg pris. Problemet er at fleire er køyrde langt og har kanskje mista 20-30% av WLTP rekkevidda når den var ny.
-
Kan bli dyrt for kunden. Ser jo berre korleis EasyPark driv på. Her er det abonnement ellers betalar ein minimum 5kr per starta parkering, eller 15% av summen. Betalar ein med kort rett i automaten slepp ein det.
-
Ingen som har kabel med slik plugg. For nødladar er det schuko og då er det maks 10A. Ellers er det Type 2 kabel som gjeld. I lista her så var det berre 2 bilar eg såg under 400k. For meg er det uansett utanfor budsjett. Brukte nyleg 150k på ein 2020 e-Golf (31k odo) som vil vere godt nok sidan eg ikkje har planar om langtur.
-
Ikkje så mange elbilar til ein fornuftig pris som rekk 400km+ mellom 15 og 80% som jo er normalt å lade på langtur. Då har ein nok til 5-7 timar med køyring på ein dag. Ein bør i det minste kunne køyre 3-4 timar mellom kvar pause. Problemet har vore at ladestasjonar ikkje er plasserte på fornuftige plassar der folk tek ein pause. Dette er i ferd med å endre seg etter kvart som dei tradisjonelle bensinstasjonane får lading. Det er jo fortsatt ei utfordring at tettstader ofte har kun nokre få ladepunkt og ofte litt dårleg plassert. Fristar jo ikkje å gå 5-10 minutt i pissregn frå ladestasjonen til ein kafe for å få seg ein matbit. Det må på plass lading med minst 7kW (32A) på dei fleste parkeringsplassar. Typisk slike ein har lov å stå 2-3 timar maks. For langtidsparkering så er det nok med 3,6kW (16A). Rasteplassane rundt omkring kunne jo også med fordel fått hurtig-/lynlading, men det er både plasskrevjande og dyrt.
-
For ladeselskapa så er det ein app per selskap og ulike prisar for registrerte og drop in. Lurar på kva folk hadde sagt om ein måtte ein CK app, YX app, Esso app, Shell app osv. Og så registrere seg i appen osv for å få rimelegare pris. Ja, det er vel noko rabatt greier på YX som Coop medlem og om du er med i CK klubben. Men ein treng ikkje fikle med app. På mange CK stasjonar så kan ein jo faktisk berre køyre inn og fylle utan å bruke kort. Stasjonen les skiltet på bilen. Dette er nok framtida for elbilar også. Slik som Tesla med å plugge i så startar ladinga. Er vel Mer som har dette for nokre bilmodellar no. Digitale skilt har jo eksistert i mange tiår. Dei treng vel heller ikkje vere så store. Poenget er jo at det må bli enklare for kunden å sjå prisen utan å måtte gå inn i ein app. Det kan også presse dei til senke prisen når straumprisen går ned.
-
Ikkje endå dessverre. Dette greiene med Easee boksane laga forseinkingar for burettslaget. Dei torer ikkje satse på tilbod frå dei som brukar desse. Andre er mykje dyrare. I mellomtida så blir det lading hjå foreldra mine 5 minutt unna ved behov og "hurtiglading" om eg skulle trenge litt kjapt. Brukar bilen såpass lite at det skal gå greit.
-
Burde vore ei smal sak å ha dynamiske prisar med dagens digitale løysingar. Men skikkeleg skilting så kan dette fungere fint. Prisen varierer jo frå time til time og dag til dag. Det burde jo også vore litt rimelegare på natt.
-
Akkurat fått elbil og det er jo ein jungel av apps og prisar. Blir jo heilt matt. Her i området så har Mer prisa seg ut på all type lading ser det ut til. Eviny er best på 22kW AC og Recharge er best for <50kW. For min del var det byte frå Golf med 2 liter diesel til ein e-Golf. Hurtiglading til 8kr/kWh blir omtrent likt som ein dieselpris på 19kr/liter. Då baserer eg det på 150Wh/km og 0,65l/mil forbruk som er typisk for småkøyring. Er ein litt hard på gassen, eller har ein elbil som brukar meir, og reknar 170Wh/km så må diesel prisen opp på 21kr/liter.
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Leste du gjennom det som var skrive i den tråden? Dei som svarte var jo faktisk folk som arbeider på atomkraftverk både i Frankrike og USA der slik eg kunne lese det. Så det som står der er jo verkelegheita Atomkraft er ingen momentan-reserve det er jo heilt klart, men "load following" virkar vere normalt i Frankrike. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Fann denne på Reddit: Kan virke som at regulering mellom 50 og 100% ikkje er uvanleg. Ser ut til å vere litt variasjon etter type reaktor. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Kan legge til at gasskraftverket der ute var vel heilt avgjerande for at dei kunne starte opp Snøkvit. Kraftsystemet i nord såg svært annleis ut den gongen. Om du ser på Openinframap så var det kun to separate 420kV linjer, Kvanndal-Bardufoss og Kvanndal-Balsfjord. Nord for dette var det kun 132kV linjer. I dag går det 420kV linje vidare frå Bardufoss til Balsfjord og så ei 420kV til Skillemonen(Alta) saman med dei to gamle 132kV linjene. Det er også bygd ei 420kV linje vidare til Skaidi som driftast på 132kV fram til Skaidi er ombygd. Men her har Statnett problem med vidare utbygging pga reindrifta som ikkje vil ha nye kraftlinjer. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Var nok ein anna tankegang den gongen for over 20 år sidan. Tvilar på dei hadde fått godkjent slik dispensasjon i dag. Det som vil gi effekt på systemet er om dei får elektrifisere og legge ned kraftverket. Då vil ein fort ende med reversert flyt mellom SE1 og NO4. I dag går det meste NO4->SE1. Problemet er vel at Fosen-dommen har gitt reindrifta nær vetorett på utbygging i store delar av landet. Nye kraftlinjer går rett gjennom reindriftsområder. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Heilt feil. Det som skjer på Melkøya har null effekt på pris og resten av kraftsystemet. Du ignorerer jo blankt det eg skreiv over. Kraftverket der er kopla frå resten av nettet i Norge ved normal drift. At kraftverket forureinar der er greit, men det har ingen effekt på resten av systemet. I så måte må ein ta med alle gasskraftverk offshore også, og der er ganske mange. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Ville ikkje stole heilt på denne. Kjeldene som er brukt for utslepp er ulike. Ser også at du tidlegare, som electricitymaps.com, har tatt med gasskrafta i nord. Det er kun på Melkøya og det kraftverket produserer kun for drift av terminalen og forbruket på Snøkvitfeltet. Krafta produsert der ute blir aldri seld på NordPool osv. Dei er pålagd å støtte ved behov via ein 132kV kabel til Hammerfest, men det har aldri skjedd sidan det vart bygd.