Gammal tråd, men uansett...
Ein viktig ting med plugin hybrid er jo at ein køyrer den dyraste køyringa elektrisk.
På vinteren brukar både bensin og diesel mykje drivstoff første kilometerane når motor er kald.
Har ein installert motorvarmar så vil det hjelpe ein god del.
Foreldra mine har hatt ein Golf GTE i mange år og den er perfekt for dei som pensjonistar. Køyring lokalt går elektrisk og dei brukar vel ein halv tank med bensin i året. Den kan også trekke 1500kg som var praktisk første åra når fattern hadde ein tilhengar som var så stor.
Ein kan samanlikne pris på lading og drivstoff her:
https://www.smartepenger.no/105-kalkulator/1998-elbil-versus-vanlig-bil
For min del var det lett å samanlikne Golf 2012 TDI 2.0 150hk vs 2020 e-Golf.
E-Golf'en brukar 130-140Wh/km på sommar og 160-200 på vinter alt etter kor kaldt det er og om eg fyrer på varme.
Skal eg berre på butikken ein tur så brukar eg berre 16 grader og setevarme på vinteren, samt eco mode i e-Golf'en.
Dieselen brukte vel 0,6-0,7/mil på småkøyring og 0,4-0,5 på langtur.
Så ved småkøyring (<20km) på vinteren så må lading koste 7,00-7,50 ved ein dieselpris på rundt 21kr literen for at dei skal vere like.
Dieselen var problematisk ved småkøying på vinteren pga 12V batteriet som vart utlada. Dette er mindre problem på e-Golfen sidan den også ladar 12V batteriet når den står til lading på hovudbatteriet.
Minuset for e-Golf'en er at den ikkje har temperaturstyring på batteriet. Er det kaldt så får ein kanskje 20-30kW effekt ved hurtiglading. Etter ein times køyring i -10 til -15 grader så fekk eg kun 19kW i starten og enda på 31kW. Tok nær 50 minutt å lade 20-80% i -15 grader