Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

Gazer75

Medlemmer
  • Innlegg

    1 314
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Gazer75

  1. Spørs kva ein definerer som langtur. Køyrde litt over 200km kvar veg på ein tur i helga. E-Golf'en har jo ikkje all verden med rekkevidd så eg delte det i to og lada rundt 25 minutt på ein Tesla SuC. Perfekt med ein liten pause etter 90 minutt for å strekke på beina og kanskje gå på toalettet. Har ingen problem med å opplyse om at eg ligg nær botn for årleg inntekt, og med rett prioritering så klarte eg å kjøpe ein 2020 e-Golf til 220k minus innbyte av gammal bil. Kosta då 150k totalt. Spart opp midlar heilt sidan eg kjøpte forrige bil til eit eventuelt byte. No skal det seiast at eg ikkje har familie, så det vil jo gjere økonomien betre sånn sett. Men utan alkoholforbruk/uteliv og ferieturar så sparar ein mykje. Vil nok sikkert variere litt kor ein bur og kort dyrt det med bustad, men ein må jo ikkje bu i ein større by der prisane er svært høge. Var sikkert betre brukt elbil alternativ der ute om eg hadde reist lagt for å kjøpe. Men det er meir styr om ein må reise for å sjå bilen og så står den ikkje til forventningane.
  2. Om folk er dum nok til å hurtiglade til den prisen så har eg ingen medkjensle. For svært mange så er det rimelegare alternativ. Tesla SuC med 129kr/mnd abonnement kostar 2,50-4,35kr. Drop in er 1,50-2,00kr meir. Ladepris på 6,50kr og forbruk på 180Wh/km vil vere rimelegare enn ein diesel til 20kr literen og 0,6 per mil. Men tvilar på at ein like stor og tung dieselbil som ein elbil med 180Wh forbruk klarar 0,6 liter på mila. Eg hadde ei samanlikning av min tidlegare Golf TDI 2.0 150hk som brukte 0,45-0,50 på mila, og e-Golf'en eg har no som ligg under 130Wh/km. Ingen motorvegar som dreg opp forbruket her vest 😛 Ved 100% hurtiglading til 6,50kr/kWh, 20kr literen for diesel og 8000km i året så er e-Golf'en rundt 1400kr rimelegare i drift. Tek ein seg ein tur så kjem eventuelle reduserte bomprisar(30-50%) og ferjeprisar(50%) på toppen. Ein ladepris på 7,50kr/kWh vil fortsatt vere rimelegare, men då berre 200kr. Men så ligg nok neppe dieselprisen på 20kr utover vinteren. Har sett den rett under 20kr her i området av og til. Ofte så er den over 22kr. Mange stader er det også saktelading som kan brukast om ein skal vere i området ei stund. Her har det kosta 6kr hjå Eviny, men er no nede i 5kr. Fordelen her er at ein då heller ikkje betalar for parkering så lenge ein ladar. Blir nesten som gratis lading sidan ein måtte betalt 15kr/time på andre parkeringsplassar.
  3. Ser no at ein del har sett ned prisane. Registrert kunde (om ikkje anna er oppgitt): Ionity DC 8,40kr Kople DC 7,29kr, AC 5,95kr Mer DC 7,19kr, AC 6,19kr Eviny DC 6,99kr + 1kr/min over 80%, AC 4,99kr Recharge DC 6,85kr, AC 5,87kr (Fortum app) E.ON DC 5,10kr (6,63kr drop in der det er råd) Ikkje sjekka Circle K, men trur dei er rett bak Ionity. Greenstation er ikkje så imponerande. Ser den på Straume ligg rundt 6,60-6,70. Byrkjelo vil vere i NO3 prisområdet og bør jo vere rimelegare. Hugs på at Uno-X tek 6,50kr på alle utanom Maritim i Oslo som er 5,50. Og det er kun kortbetaling.
  4. Gazer75

    Elbil-tråden

    Stasjonen har kun 2 pumper så 4 bilar kan fylle samtidig. Resten er ladestasjonar. Er litt likt ved Circle K Bamble også. Dei kallar det vel energistasjonar no
  5. Og kva skjer om dei ikkje har økonomi til det? I burettslaget her så vart det litt dyrt med 2-3 elbilar om alle skulle betale. Meiner det var ein del pensjonistar som ikkje var så gira og ville slite økonomisk om ein må auke fellesutgifter for å finansiere. Har allereie mykje lån pga oppussing av fasadar. Uansett så vart ting utsett pga at tilbud som var henta inn brukte Easee ladeboksar. For min del, om kvar bebuar må skaffe boks sjølv, så blir det ikkje boks sidan eg leiger og eigar bryr seg nok neppe om å sette opp boks. Ein utleigar har jo ingen plikt til det.
  6. Ser ut til at Recharge brukar drop in pris på dei få plassane der kortbetaling er råd å bruke. Dei har så langt kort på Esso stasjonane ved Grålum, Vestby og Kobbervikdalen. https://rechargeinfra.com/no/betalingslosninger/ Så eg hadde nok rett i at kortbetaling blir dyrare for kundane. Veit ikkje om det er verdt omlag 15 øre/kWh. Det er differansen frå registrert i app og drop in. Per i dag er det 7,49 <50kW og 7,99 på lynlader. Er 7,34 for <50kW i Fortum Charge & Drive appen. Så er nok lurt å bruke Tesla sine opne stasjonar og sekundært dei få Uno-X stasjonane som er komne opp så langt. Prisane hjå Tesla har for det meste gått ned litt også, men dyrtida er flytta til mellom kl. 18 og 22.
  7. Nokon som veit kor ein får tak i denne i Norge? Så langt kan det virke som at Amazon UK er næraste seriøse butikk, men då kjem jo både dyr frakt, MVA og fortollingsgebyr på toppen. Ein eventuell retur osv ved feil vil også vere tungvindt. Og ein har vel heller ikkje retten til reklamasjon som ein får ved kjøp i Norge.
  8. Gazer75

    Elbil-tråden

    I ganske mange land så er det ikkje lov å bruke eller registrere bil med rattet på feil side. I Sør Afrika, India og Thailand må bilen ha rattet på høgre side.
  9. Går ein til https://www.tesla.com/no_NO/findus så finn ein oversikt over stasjonar som er opne for alle. Hjå TOCN så finn ein også oversikt over prisar. https://www.tocn.no/2023/06/prisoversikt-for-supercharging-i-norge-juni-2023/ Kolonnene heilt til høgre er for non-Tesla. Ser at Tesla har endra dyrtid frå 16-20 til å vere 18-22 no. Prisane har også gått ned ein del sidan mai.
  10. Gazer75

    Elbil-tråden

    Destinasjonslading for hotell, parkar og kjøpesenter osv er viktig. Å måtte finne hurtiglading nært hotellet og så sitte der i 30-45 minutt er ikkje artig. Er det ein plass med fleire hotell og eit har lading så blir det prioritert om ikkje prisen er godt over det som det kostar meg å finne ein hurtigladar, og sitte der og vente. Hurtiglading er jo ikkje bra for batteriet så jo meir normal/sakte (AC) ein kan lade jo betre. Når det gjeld PHEV så er dei fine til sitt bruk. Skal ein trekke 1500kg hengar med elbil så blir det ein svært dyr bil ein må kjøpe. Tidlegare så var det jo knapt elbilar som kunne trekke hengar. Til småkøyring er slike perfekt til sidan det ikkje slit på ein ICE ved kald start osv. Kald motor brukar også mykje meir drivstoff, og for diesel så vil heller ikkje brenning av partiklar fungere ved kald motor. Foreldra mine har ein Golf GTE som fungerer perfekt for dei. Brukar batteri til det det meste og fyller tanken kun når dei er på lenger tur. Ellers er bensintanken rett over reserve så ikkje lyset er på. Tidlegare så køyrde dei til ein vognpark og der var det ikkje lading. Det elektriske anlegget var ikkje dimensjonert for dette. Var også fleire mil til næraste hurtigladar. Då er det greit å kunne ha eit alternativ. Den kan også trekke 1500kg noko som det vel kun var Model X som kunne når bilen vart kjøpt.
  11. Har null forståing til kritikken om at høg skatt når straumen er over 70 øre skal vere eit hinder. Ein slik pris over tid var aldri tilfellet før og då var det ikkje klaging. Om dei klarte å investere tidlegare når straumen kosta det halve så bør dei klare det i framtida også.
  12. Snakk med Circle K så dei kan sjekke logg. Då bør dei sjå om det er bilen eller ladaren som har avgrensa effekten.
  13. Kvifor ikkje? Ein 2,5 kvadrat kabel meint for utandørs bruk bør gå fint eller? Tippar svakaste ledd her vil vere Schuko kontakten på veggen uansett. Kladden til eGolfen min har så kort kabel på den sida at ein må ha noko å henge kladden i. Er vel kanskje 1m lang, og ein stikk på vegg er jo langt høgare oppe enn det.
  14. Kva meiner du er eldre hus? Besteforeldra mine sitt hus vart bygd på 60-talet og hadde 25A til komfyr.
  15. Har ikkje Leaf 2.0 Type 2 kontakt i bilen også? Ein slik kabel bør jo vere med når bilen er ny også.
  16. Er 40 eller 62kWt på nyare Leaf. Er nok 40 du har om den visar under 300km. Veit du om den har 6,6kW ombord lader? Meiner det er tilvalg. Standard på Leaf er kun 3,6kW. Hurtiglading via Chademo vil maks vere 46kW
  17. Håpar det er ein nyare Leaf med minst 40kWt batteri
  18. No kan Fortum Charge & Drive appen brukast på endå fleire stasjonar. Fekk epost om at den no kan brukast på Ionity, Mer, E.ON, Virta osv. Ein sjekk no visar ingen av Mer sine stasjonar så dei kjem vel inn etter kvart. Ser også EVBOX er med i appen, men dei er vel for det meste Type 2 AC her i landet, altså <22kW.
  19. Gazer75

    Elbil-tråden

    Ikkje så veldig stor del av landet som har slik luksus 😛 Litt fint også sidan ein då får eit lågt forbruk. Siste dagstur med 3 personar og 217km med eGolf enda med 112Wh/km. Snitt fart på kun 44km/t 😄 Hadde ein lunchpause på nær 90 minutt der bilen stod til lading på AC, men fekk berre 5,7kWh. Sikkert pga varmen. Kabelen var glovarm... Edit: Nybyrjarfeil som elbilist... tenkte ikkje på at AC var stilt til 13A i bilen og ikkje MAX 😊 Ikkje rart det vart så lite på 90 minutt...
  20. Om eg ikkje tek feil så må slike koplast rett på ein kabel. Panelomnane i blokka her (bygd 02/03) hadde ikkje stikkontakt men var kopla rett i veggen og på eigen kurs. Trur aldri den vanlege Schuko kontakten var tenkt brukt med 3,6kW 24/7. Er ikkje kursar i nye bygg 10A i dag? Om dei ikkje er meint for kun panelomn, VVB, komfyr osv. Meiner kravet er 230V ±10%, så ein kan faktisk ha rett over 250V i hus. For dei aller fleste så er det nok ±5%. Her eg bur er det rundt 235-245V alt etter belastninga på trafo i den lokale nettstasjonen utanfor blokka. Ved 245V 16A så er det faktisk 3,9kW.
  21. Eviny, Circle K, Mer og Ionity er dei dyraste på drop in lading for tida. Kostar 7,80-8,40kr/kWt. Leaf må vere det verste ein kan få som lånebil sidan ein er svært avgrensa når det gjeld operatør. Ville nok ha sjekka om det er ein Recharge stasjon i nærleiken. Ser det er ein del som tek rundt 7,49kr/kWt. Sist eg brukt ein slik med Fortum Charge & Drive appen så kosta det meg 7,34kr/kWt. Recharge har ikkje eige app så du kan bruke fleire ulike. Gå inn på https://rechargeinfra.com/no/ scroll ned så ser du ladeleverandører.
  22. Er jo ingen smarte selskap som bryr seg med å satse i Norge no når reindrifta nærmast har vetorett i halve landet. Kostar for mykje tid og pengar.
  23. Siste oversikt finn ein nederst her: https://www.tocn.no/2023/05/prisoversikt-for-supercharging-i-norge-mai-2023/ Dei raude er ikkje opne endå.
  24. Ser ting har endra seg litt på elbil lading. Det eg tenkte på var om ein brukte SMS eller anna måte å lade på så var prisen høgare enn om ein var registrert og brukte app. Usikker på om dette stemmer lenger. No når dei er tvinga til å installere kortterminal blir det vel vanleg drop-in pris når ein brukar kort uansett om ein er registrert kunde eller ikkje. Må sei eg ikkje heilt forstår korleis dei tenker... har sett mange eksempel der Eviny, Mer og Ionity har ein stasjon nær ein open Tesla superlader. Prisen hjå dei er 7,8kr/kWh eller meir på DC uansett om ein ladar med <50kW eller >150kW. Samtidig kan ein lade på Tesla ladaren til under 6kr/kWh og få opp mot 250kW. Altså drop-in pris utan abonnement. Uno-X tek 6,5kr/kWh for 150-300kW og sidan dei er nye i år så har dei kun kortterminal. Utruleg enkelt å bruke.
×
×
  • Opprett ny...