-
Innlegg
1 225 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Gazer75
-
Kva meiner du er eldre hus? Besteforeldra mine sitt hus vart bygd på 60-talet og hadde 25A til komfyr.
-
Har ikkje Leaf 2.0 Type 2 kontakt i bilen også? Ein slik kabel bør jo vere med når bilen er ny også.
-
Er 40 eller 62kWt på nyare Leaf. Er nok 40 du har om den visar under 300km. Veit du om den har 6,6kW ombord lader? Meiner det er tilvalg. Standard på Leaf er kun 3,6kW. Hurtiglading via Chademo vil maks vere 46kW
-
Håpar det er ein nyare Leaf med minst 40kWt batteri
-
No kan Fortum Charge & Drive appen brukast på endå fleire stasjonar. Fekk epost om at den no kan brukast på Ionity, Mer, E.ON, Virta osv. Ein sjekk no visar ingen av Mer sine stasjonar så dei kjem vel inn etter kvart. Ser også EVBOX er med i appen, men dei er vel for det meste Type 2 AC her i landet, altså <22kW.
-
Ikkje så veldig stor del av landet som har slik luksus 😛 Litt fint også sidan ein då får eit lågt forbruk. Siste dagstur med 3 personar og 217km med eGolf enda med 112Wh/km. Snitt fart på kun 44km/t 😄 Hadde ein lunchpause på nær 90 minutt der bilen stod til lading på AC, men fekk berre 5,7kWh. Sikkert pga varmen. Kabelen var glovarm... Edit: Nybyrjarfeil som elbilist... tenkte ikkje på at AC var stilt til 13A i bilen og ikkje MAX 😊 Ikkje rart det vart så lite på 90 minutt...
-
Om eg ikkje tek feil så må slike koplast rett på ein kabel. Panelomnane i blokka her (bygd 02/03) hadde ikkje stikkontakt men var kopla rett i veggen og på eigen kurs. Trur aldri den vanlege Schuko kontakten var tenkt brukt med 3,6kW 24/7. Er ikkje kursar i nye bygg 10A i dag? Om dei ikkje er meint for kun panelomn, VVB, komfyr osv. Meiner kravet er 230V ±10%, så ein kan faktisk ha rett over 250V i hus. For dei aller fleste så er det nok ±5%. Her eg bur er det rundt 235-245V alt etter belastninga på trafo i den lokale nettstasjonen utanfor blokka. Ved 245V 16A så er det faktisk 3,9kW.
-
Eviny, Circle K, Mer og Ionity er dei dyraste på drop in lading for tida. Kostar 7,80-8,40kr/kWt. Leaf må vere det verste ein kan få som lånebil sidan ein er svært avgrensa når det gjeld operatør. Ville nok ha sjekka om det er ein Recharge stasjon i nærleiken. Ser det er ein del som tek rundt 7,49kr/kWt. Sist eg brukt ein slik med Fortum Charge & Drive appen så kosta det meg 7,34kr/kWt. Recharge har ikkje eige app så du kan bruke fleire ulike. Gå inn på https://rechargeinfra.com/no/ scroll ned så ser du ladeleverandører.
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Er jo ingen smarte selskap som bryr seg med å satse i Norge no når reindrifta nærmast har vetorett i halve landet. Kostar for mykje tid og pengar. -
Siste oversikt finn ein nederst her: https://www.tocn.no/2023/05/prisoversikt-for-supercharging-i-norge-mai-2023/ Dei raude er ikkje opne endå.
- 14 svar
-
- 1
-
Ser ting har endra seg litt på elbil lading. Det eg tenkte på var om ein brukte SMS eller anna måte å lade på så var prisen høgare enn om ein var registrert og brukte app. Usikker på om dette stemmer lenger. No når dei er tvinga til å installere kortterminal blir det vel vanleg drop-in pris når ein brukar kort uansett om ein er registrert kunde eller ikkje. Må sei eg ikkje heilt forstår korleis dei tenker... har sett mange eksempel der Eviny, Mer og Ionity har ein stasjon nær ein open Tesla superlader. Prisen hjå dei er 7,8kr/kWh eller meir på DC uansett om ein ladar med <50kW eller >150kW. Samtidig kan ein lade på Tesla ladaren til under 6kr/kWh og få opp mot 250kW. Altså drop-in pris utan abonnement. Uno-X tek 6,5kr/kWh for 150-300kW og sidan dei er nye i år så har dei kun kortterminal. Utruleg enkelt å bruke.
-
Kor har du det frå? Alle eg har sjekka hadde 50%, også dei siste som opna.
-
Nja, dei fleste vil jo kunne lade 90% av tida heime til godt under 2kr/kWh. Om ein reknar 80% heimelading til den prisen og dei siste 20% til 6kr/kWh så vil elbilen ved 12000km per år koste rundt 40-45% av ein diesel ved 17kr/liter. Legg ein til bompengar som er 50% av normal takst for elbil så blir reknestykket stygt for dieselen. På ein eventuell ferietur i Norge så vil jo både 50% bompengar og 50% på ferje hjelpe på. Nokre få bomstasjonar er vel fortsatt gratis for elbil. Det bør også vere mindre potensielle utlegg på ein elbil sidan den har mindre bevegelege delar. Ingen oljeskift osv. Veit ikkje om det finnest nokon statistikk på kostnader knytta til service og vedlikehald på elbil vs fossil.
-
No er jo kort betaling eit krav på nye stasjonar og gamle må oppgraderast før 2025. Ser at dei nye Uno-X stasjonane som har dukka opp kun tek kort med kontaktlaus metode. Dei er vel også rimelegaste utanom Tesla per kWh for tida med 6,50kr/kWh. Ingen andre lynladarar, utanom Tesla, som er så rimelege utan abonnement. Dei andre som har 150kW+ tek vel minst 7kr. Ved normal lading det kun Eviny 22kW AC som er rimelegare med 6kr/kWh så langt eg har sett. Då har eg ikkje sett på eventuelle kjøpesenter osv som kanskje har 3,6-7,4kW. Med fallande pris på bensin og diesel i det siste så er det svært likt mellom el og diesel. Ved 7kr/kWh og 150Wh/km så vil ein diesel med 0,6liter/mil og 17kr/liter vere rimelegare. Det er ikkje store skilnaden vel og merke. For 2000km så vil det vere 60kr i favør dieselen. Usikker på om dette er ein rettferdig samanlikning. Ein tilsvarande elbil som dieselbil med 0,6liter/mil vil vel kanskje bruke rundt 130-140Wh/km. Av erfaring så låg min gamle Golf TDI 2.0 150hk på omlag 0,45-0,5liter/mil og eGolfen ser ut til å vere under 130Wh/km. Ein mindre 1.6 liter Golf vil nok kunne kome ned mot 0,4liter/mil. Er ein smart og nyttar opne Tesla SuC utanom dyrtida (16-20) så ligg dei fleste godt under 6kr/kWh. I oversikten til TOCN for mai så er det kun 3 stasjonar som er 6kr eller meir i tida 20-16. Gol (gamle), Lærdal og Treungen. Ved same reknestykke som over og 6kr/kWh så må faktisk dieselen ned på 15kr/liter. Men så kjem eventuelle bompengar og ferjebillett i tillegg, og då vil reknestykket vere eit heilt anna.
-
Ikkje alle som har råd til å bruke 2 årsløner på ein bil Med tida så dukkar det vel opp brukte bilar av dagens modellar som går over 500km til ein meir leveleg pris. Problemet er at fleire er køyrde langt og har kanskje mista 20-30% av WLTP rekkevidda når den var ny.
-
Kan bli dyrt for kunden. Ser jo berre korleis EasyPark driv på. Her er det abonnement ellers betalar ein minimum 5kr per starta parkering, eller 15% av summen. Betalar ein med kort rett i automaten slepp ein det.
-
Ingen som har kabel med slik plugg. For nødladar er det schuko og då er det maks 10A. Ellers er det Type 2 kabel som gjeld. I lista her så var det berre 2 bilar eg såg under 400k. For meg er det uansett utanfor budsjett. Brukte nyleg 150k på ein 2020 e-Golf (31k odo) som vil vere godt nok sidan eg ikkje har planar om langtur.
-
Ikkje så mange elbilar til ein fornuftig pris som rekk 400km+ mellom 15 og 80% som jo er normalt å lade på langtur. Då har ein nok til 5-7 timar med køyring på ein dag. Ein bør i det minste kunne køyre 3-4 timar mellom kvar pause. Problemet har vore at ladestasjonar ikkje er plasserte på fornuftige plassar der folk tek ein pause. Dette er i ferd med å endre seg etter kvart som dei tradisjonelle bensinstasjonane får lading. Det er jo fortsatt ei utfordring at tettstader ofte har kun nokre få ladepunkt og ofte litt dårleg plassert. Fristar jo ikkje å gå 5-10 minutt i pissregn frå ladestasjonen til ein kafe for å få seg ein matbit. Det må på plass lading med minst 7kW (32A) på dei fleste parkeringsplassar. Typisk slike ein har lov å stå 2-3 timar maks. For langtidsparkering så er det nok med 3,6kW (16A). Rasteplassane rundt omkring kunne jo også med fordel fått hurtig-/lynlading, men det er både plasskrevjande og dyrt.
-
For ladeselskapa så er det ein app per selskap og ulike prisar for registrerte og drop in. Lurar på kva folk hadde sagt om ein måtte ein CK app, YX app, Esso app, Shell app osv. Og så registrere seg i appen osv for å få rimelegare pris. Ja, det er vel noko rabatt greier på YX som Coop medlem og om du er med i CK klubben. Men ein treng ikkje fikle med app. På mange CK stasjonar så kan ein jo faktisk berre køyre inn og fylle utan å bruke kort. Stasjonen les skiltet på bilen. Dette er nok framtida for elbilar også. Slik som Tesla med å plugge i så startar ladinga. Er vel Mer som har dette for nokre bilmodellar no. Digitale skilt har jo eksistert i mange tiår. Dei treng vel heller ikkje vere så store. Poenget er jo at det må bli enklare for kunden å sjå prisen utan å måtte gå inn i ein app. Det kan også presse dei til senke prisen når straumprisen går ned.
-
Ikkje endå dessverre. Dette greiene med Easee boksane laga forseinkingar for burettslaget. Dei torer ikkje satse på tilbod frå dei som brukar desse. Andre er mykje dyrare. I mellomtida så blir det lading hjå foreldra mine 5 minutt unna ved behov og "hurtiglading" om eg skulle trenge litt kjapt. Brukar bilen såpass lite at det skal gå greit.
-
Burde vore ei smal sak å ha dynamiske prisar med dagens digitale løysingar. Men skikkeleg skilting så kan dette fungere fint. Prisen varierer jo frå time til time og dag til dag. Det burde jo også vore litt rimelegare på natt.
-
Akkurat fått elbil og det er jo ein jungel av apps og prisar. Blir jo heilt matt. Her i området så har Mer prisa seg ut på all type lading ser det ut til. Eviny er best på 22kW AC og Recharge er best for <50kW. For min del var det byte frå Golf med 2 liter diesel til ein e-Golf. Hurtiglading til 8kr/kWh blir omtrent likt som ein dieselpris på 19kr/liter. Då baserer eg det på 150Wh/km og 0,65l/mil forbruk som er typisk for småkøyring. Er ein litt hard på gassen, eller har ein elbil som brukar meir, og reknar 170Wh/km så må diesel prisen opp på 21kr/liter.
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Leste du gjennom det som var skrive i den tråden? Dei som svarte var jo faktisk folk som arbeider på atomkraftverk både i Frankrike og USA der slik eg kunne lese det. Så det som står der er jo verkelegheita Atomkraft er ingen momentan-reserve det er jo heilt klart, men "load following" virkar vere normalt i Frankrike. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Fann denne på Reddit: Kan virke som at regulering mellom 50 og 100% ikkje er uvanleg. Ser ut til å vere litt variasjon etter type reaktor. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Kan legge til at gasskraftverket der ute var vel heilt avgjerande for at dei kunne starte opp Snøkvit. Kraftsystemet i nord såg svært annleis ut den gongen. Om du ser på Openinframap så var det kun to separate 420kV linjer, Kvanndal-Bardufoss og Kvanndal-Balsfjord. Nord for dette var det kun 132kV linjer. I dag går det 420kV linje vidare frå Bardufoss til Balsfjord og så ei 420kV til Skillemonen(Alta) saman med dei to gamle 132kV linjene. Det er også bygd ei 420kV linje vidare til Skaidi som driftast på 132kV fram til Skaidi er ombygd. Men her har Statnett problem med vidare utbygging pga reindrifta som ikkje vil ha nye kraftlinjer.