-
Innlegg
1 225 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Gazer75
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Kor mange kvadratkilometer med land trur du folk vil godta blir lagt under vatn? Kor mange elvar vil ein akseptere blir nær turrlagde for dette? Og til kva pris? Større kraftverk (effekt) med stort magasin er det ikkje så lett å byggje i dag. Vi har alt nær 1600 vatn/magasin til kraftproduksjon. Det som blir bygd ut i dag er elvekraft som hjelper lite når vi treng det mest på vinteren. Får håpe kraftselskapa finn det lønnsamt å oppgradere med pumping slik fleire ser på no. https://roldal-suldal.no/ Ved oppgradering til meir effekt i kombinasjon med pumping så kan ein nytte den variable krafta som vind og sol er. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
5000 på ein månad er mykje når ein reknar eit snitt på 20-25k i året for heile landet. Det er vel rundt halve årsforbruket mitt. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Heilt spinnvilt at ein går frå fleire kroner per kWh til nokre få øre på to dagar. Bevis på at systemet er sjukt. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Samtidig så kvittar Statnett seg med sine. Den som sto i Sylling (Lier kommune) vart seld til Danmark og den som står i Frogner (Lillestrøm kommune) skal også fjernast ifbm fornying og ombygging der. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Vi har enorme mengder holmar, skjer og grunner langs kysten. Men å bruke desse til å sette opp spreidde vindturbinar går vel ikkje. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Meiner det har noko med Brexit å gjere. Står litt på denne nettsida: https://www.statnett.no/en/for-stakeholders-in-the-power-industry/news-for-the-power-industry/trial-operation-at-nsl-starts-on-1-october/ -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Var nokon her inne som sa vi kunne ta det med ro sidan vi hadde overfylte magasin. 😛 Kor mange timar har straumstøtta slått inn så langt siste månaden? Fyllingsgrad ser ut til å ha lite å seie for prisen. Samtidig så aukar politikarane prisen for når ein får støtte kvart år. Då slepp dei vel å bli upopulære sidan dei ikkje kuttar den tvert av. Blir sakte pining over fleire år. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
https://umm.nordpoolgroup.com/#/messages/a7d33ed7-6f05-4bdd-b386-85554e2b6f54/7 https://umm.nordpoolgroup.com/#/messages/ba01e9d5-ad92-4939-9dde-26bdb6440b03/6 -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
https://data.nordpoolgroup.com/auction/n2ex/prices?deliveryDate=2024-11-23¤cy=EUR&aggregation=DeliveryPeriod&deliveryAreas=NO2,UK -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Kommentaren din eg siterte deg på stemmer fortsatt ikkje. At dei tek utbytte samtidig som ein treng meir nett er forkasteleg. Det som er mest irriterande for min del er at vi betalar for straum vi aldri får før selskapa betalar utbytte. Tapet i nettet er dekka inn via nettleiga slik at produsenten får betalt for nær 100% av det dei leverer. Dette tapet burde nettselskapa sjølve dekke før dei får lov til å betale utbytte. Er ikkje 100% sluttkunde sin feil at nettet har tap. Litt har det jo å seie om ein bur langt uti ein dal i enden av ei linje og/eller langt unna næraste produksjon, men ikkje nok til at alle skal betale heile tapet. Kven som skal dekke kva får produsent og nettselskap verte einige om. Modellen for nettleige er alt for dårleg. Etter mi meining burde dette vere finansiert på linje med andre offentlege tenester, utan profitt. Virkar ikkje som politikarane forstår at når forbrukarane må bruke meir pengar på nettleige og straum, ja så blir det mindre til andre ting. Det første som ryk er restaurant besøk, kulturelle ting som kino, reiser osv. Dette vil jo gå ut over arbeidsplassar. Kan sikkert argumentere for at pengane går tilbake til fellesskapet her sidan nettselskapa er offentleg eigde. Så pengane går til å finansiere velferden osv. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Det har nok også litt med den såkalla flytbaserte markedskoblinga også. Inntektstap mellom regionar er det aldri for Statnett. Mellom land så deler dei vel inntekta 50/50 uansett retning på flyten. Så dei får uansett betalt for differansen. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Slik har det vore i over 20 år. Når straumprisen er låg så er nettleiga den største delen av rekninga. Er vel slik i 4-6 månader av året. Men så klart når nettleiga stig så vil denne perioden kunne bli større sidan straumprisen må opp endå meir. For min del er dagens kapasitetsledd lågare enn det fastleddet kosta før. Samtidig så har vel energileddet stege med rundt 30% siste åra. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
https://www.nve.no/reguleringsmyndigheten/regulering/nettvirksomhet/oekonomisk-regulering-av-nettselskap/ -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Då blir det sikkert plenty med rekordar i neste veke når vinteren kjem. Spent på kva straumprisane vert når det blir kaldt og mange fyrer med straum. Må vel håpe på mykje vind og sol lenger sør. -
Då var tida for feil bruk av tåkelys i gang att. Fattar ikkje at det ikkje kan kome eit system som automatisk slår slike av når bilen køyrer over 30km/t. Kan få bot på 3900kr for feil bruk av lys som dette er. Ein anna uting er alle nye bilar med LED striper og anna "bling" i front. Det er unødvendig og gir berre meir motlys for motgåande trafikk.
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Burde jo ikkje få desse toppane då kanskje... Er 6 timar med prisar over 150 øre før støtte for NO1 og 2 i dag. Torer ikkje tenke på kva dette kan indikere for prisen vidare i vinter når temperaturen kryp godt nedover på minus. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Det kan du trygt sei. Tysdag blir det 9 timar der straumstøtta slår inn for NO1 og NO2, og 6 timar i NO5. Er oppe i 107 øre kl 8 inkludert mva og støtte. Går sakte nedover fram mot kl 18-19 når prisen går under terskel for støtte. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Flaskehalsen NO3-NO5 har nok med at Sogndal, som erstatta Fardal, kun har ein autotrafo på 1000MVA mellom 420kV og 300kV. Har sett over 800MW av og til på denne forbindelsen. Når ein får flytta linja til Aurland over på 420kV så forsvinn ein del av denne. Største gevinsten er at ein får ut meir kraft frå indre Sogn. Er meir enn 1200MW installert der inne. Har vore fleire mindre prosjekt som ikkje fekk lov å starte opp pga for like kapasitet. Berre sidan 2017 er det 18 nye kraftstasjonar under Sogndal trafostasjon. Ein gong ut på 2030 talet vil nok heile linja ut til Kollsnes i Øygarden også vere 420kV. Frå Steinsland (Modalen) og ut er den klar og mellom Refsdal (Vik i Sogn) og Modalen er det kunn forlenging av isolatorjonskjeder som trengs. -
Og slik går no dagane... https://www.nrk.no/urix/voldelige-bosettere-gjor-jobben-med-innhosting-av-oliven-pa-vestbredden-farlig-1.17106269
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
SE2 kan neppe koplast rett til NO1 sidan det er for langt nord. Det må bli NO3, altså Trøndelag. Og linjene NO3->NO1 og NO3->NO5 har for lite kapasitet. Det må bli ei linje 2 til Nea og så ei ny linje frå Nea til Rendalen og så oppgradering av den gamle 300kV linja vidare mot Lillehammer. Og der kjem eit stor problem. Mykje av 300kV nettet rundt Mjøsa er gammalt og det må byggjast nytt. Statnett er i gang med arbeidet for å erstatte eldste av dei to på vestsida. Den vart bygd tidleg på 50-talet som 220kV og seinare oppgradert til 300kV. Første steg er Skyberg stasjon som skal erstatte Vardal ved Gjøvik. https://www.statnett.no/vare-prosjekter/region-ost/skyberg-transformatorstasjon/ Samtidig kan ein ikkje oppgradere Fåberg stasjon ved Lillehammer så der ser dei på ny plassering. https://www.statnett.no/vare-prosjekter/region-ost/faberg-ulven/ Heile NO3-NO1 biten er vel ikkje vurdert oppgradert til 420kV før etter 2040 meiner eg. Altså linja frå Sunndalsøra og nedover via Vågå, Øvre Vinstra og vidare mot Lillehammer området. Samnanger-Sauda kjem nok med tida. https://www.statnett.no/vare-prosjekter/region-vest/sogndal-sauda/blafalli-mauranger-samnanger/ -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Usikker på om det har så stor effekt. Nettet Nord-Sør der borte er sprengt. Same gjeld linjer ut av NO1 til NO2. Det er vel snakk om å oppgradere den gamle 220kV linja mellom Nedre Røssåga og Grundfors. Gir liten meining å ha 400/220 transformering i begge endar. I Nedre Røssåga er og koplingsanlegget litt dårleg sett opp i dag. Dei går delvis via ei 220kV samleskinne for transformering mellom 400 og 300kV samt til 132kV. https://openinframap.org/#16.21/66.051067/13.781335 Dette er det planar om å fikse ved å utvide 400kV delen og få koplingar rett mellom 400 og 300+132kV. https://www.statnett.no/vare-prosjekter/region-nord/nedre-rossaga-transformatorstasjon/ Då blir det og endå meir tullete med ei 220kV linje mellom to 400/220kV transformatorar. Største endring for dette må skje på Svensk side sidan Ajaure og Gejmåns kraftstasjonar mellom grensa og Grundfors er kopla på denne linja. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Det blir det ikkje noko av. Det var fleire kraftselskap som var med på NorthConnect. Det er eigd av Lyse, Å Energi, Hafslund og Vattenfall. Det er jo alt bestemt at det er kun Statnett som skal drive slike forbindelsar. Det vil vere politisk sjølvmord å opne for denne med andre aktørar, til og med ein Svensk. Ser ikkje for meg at ei eventuell Høgre + Frp regjering vil endre på dette. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Må nok vente ei stund før ein ser det faktiske resultatet av den nye metoden. Akkurat no så bles det godt i Sverige og difor går prisen i NO1 ned. Kraftsystemet har ikkje vore bygd for den store flyten NO1->NO2 så når kapasiteten er sprengt så blir det slik. Er vel om lag 1GW meir kapasitet NO2->NO1 fordi flyten var den vegen det meste av året før vi fekk 2800MW med nye HVDC kablar. Usikkert kva som kjem først, oppgradering Samnanger-Sauda eller nye Eiker stasjon (erstattar Flesaker) og oppgradert linje til ny Tønsberg stasjon (erstattar Tveiten stasjon). Samtidig planlegg dei oppgradering av Bamble-Porsgrunn og ny linje vidare til Tønsberg. Vikar som planane forventar 2032 eller seinare for alt dette. Med meir og meir konflikt ved nettutbygging så blir det vel sikkert minst eit år ekstra pga klage og OED som brukar eit år på behandlinga. -
Eg ganske mange år med okkupasjon det der. Terrorisme høyrer ingen plass heime uansett og du siterte meg jo på det eg sa der. Men Israel har trenert sendingar til Gaza mange gonger opp gjennom åra. Dei kan bestemme kva som kjem inn av mat og medisinar osv. Men det er jo det som er greia her. Hadde det vore Palestina i dag så hadde det kanskje aldri vore konflikt i dette området. Eg har heller ikkje sagt at ansvaret litt kun på Israel totalt sett, men dagens situasjon er uansett langt ute av proporsjonar. Det er krefter i Israel som også vil ha full kontroll over Vestbredden og Gaza og kaste ut palestinarane. Og pga styrkeforholdet så kan dei lett gjere dette. Ser jo berre korleis dei driv på på Vestbredden med nybygging osv. FN burde ha gått inn for lenge sidan når Hamas driv på slik dei har gjort. Er vel dei som har ansvaret for situasjonen sidan det var eit FN vedtak som oppretta Israel. Men då er det FN soldatar sine liv som kan gå tapt så det sit for langt inne. FN er handlingslamma så lenge det er et veto land som er part eller delvis part i ei konflikt.
-
Det får vere dine ord. Eg har ingen ting til overs for verken Hamas eller Israel. Hadde Gaza vore styrt av nøytrale FN styrkar så hadde nok dette neppe gått slik det har gått. Poenget mitt er jo at så lenge ein politikar i USA er avhengig av deira stemmer så vil dei jo ikkje stoppe støtta til Israel. Er ikkje mange der borte som er moralske nok til å risikere si politiske karriere. Men det er vel heilt greit å bombe sjukehus og drepe sivile i Gaza hm? Kan jo vere ein potensiell Hamas terrorist der. Kan like godt teppebombe heile Gaza for å vere sikker? Er vel ikkje langt frå det i dag slik det ser ut. Når det er sagt så har Hamas ingen rett til å drive terrorisme slik dei har gjort. Dei bryr seg ikkje om sitt eige folk slik dei driv på. Hamas folka må jo ha forstått at Israel ville svare hardt og brutalt. Kan jo lure på kvifor folket stemte på dei for mange år sidan, men det var vel lovnader om både det eine og det andre for å få makt. Våpen er jo klart ikkje greit. Men Israel har også hatt styring av både personar og varer. Alt for mange fornektar tabben med å opprette Israel etter krigen. Det måtte bli konflikt når ein går inn og tek landområde til eit folk. Situasjonen i dag er eit resultat av dette same kor ein snur og vender på det. Så er det då så rart at det er krefter der som ikkje vil ha staten Israel? I botn her så ligg det som vanleg religion- og kulturforskjellar. Religion er rota til dei fleste konfliktar i verden gjennom tusenvis av år no.