Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

Gazer75

Medlemmer
  • Innlegg

    1 313
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Gazer75

  1. Dette er mykje meir stabilt og lettare å planlegge for. Vatnet i elva sluttar ikkje å renne dagen etter heilt utan vidare Magasinkraftverka tek seg godt betalt for å halde tilbake effekt i reserve. Det er dette som kostar.
  2. Kan takke uregulert kraft for dette. All vind og sol som kjem inn må ha reserve om vermeldinga ikkje stemmer og det blir mindre enn venta.
  3. Ikkje rart prisane er som dei er når folk kjøper 5090 til 30-40k. Folk må ha mykje pengar å kaste bort som denne tråden visar 😛
  4. Nemnde ikkje Windows med eit ord. Var maskinvaren eg snakka om. Windows kan mange byte til noko anna, for min del vil det ikkje fungere då ting eg brukar PC til krev Windows. Har eller ikkje overskot til å lære meg eit nytt OS basert på Linux. Lurar på kor mange som er villige til å kvitte seg med Playstation og Xbox. Dei er vel for det meste basert på AMD CPU og GPU.
  5. Har du ein PC? Blir ikkje lett å kjøpe det utan at komponenten er frå eit amerikansk selskap. Intel, AMD, Nvidia osv. Og på mobilen så er det vel Android frå Google sidan det er alternativet til Apple IOS. Utanom det så bør det gå greit å unngå varer frå amerikanske selskap. Usikker på bilar og kva komponentar dei har, men skal jo ikkje sjå bort frå at det kan vere mange bilar med ting frå amerikanske selskap der også.
  6. Vær så snill å slutt å mate trollet 😛
  7. Eg har meldt inn denne greia til DSB som potensiell brannfare. La ved linkar til videoar frå Der8auer og Buildzoid som har vist kor problematisk dette kan vere.
  8. Rett der varm luft blir blåst gjennom er ikkje akkurat smart, men så er det nok ikkje så stor fare med 9070 XT og denne 12V2X6 pluggen.
  9. Limit i drivaren då veit du Har sett det til 165 her sidan det er maks på skjermen min. Null problem.
  10. https://www.elkjop.no/product/gaming/pc-komponenter/grafikkort-gpu/pny-geforce-rtx-5070-ti-12gb-3x-oc-grafikkort/900485 Det der må vere feil eller?
  11. Veit ikkje om denne har vore linka til i denne tråden før... Muligheter for kraftproduksjon i forbindelse med bygging av vei og jernbane Ein rapport frå Multiconsult på oppdrag frå Nye Veier og publisert i 2023.
  12. Største innsparing vil vere på gatelys som fortsatt har gamle pærer. Meiner at dei gamle lysa vi hadde i gata vår var på mange hundre watt. Meiner dei første vi fekk på 80-talet hadde to pærer så om ei rauk var det litt lys. Fattern sin arbeidslampe hadde ei svær 1000w lyspære. Ser også at lysa i mange områder kjem på veldig tidlig på kvelden. Lenge før det er mørkt.
  13. Er installert på bilveg også. Ein plass eg har vore forbi ein del gonger har dette men problemet er jo at dei kjem på for seint. No er desse ikkje heilt av men dimma til kanskje 50%.
  14. I rom ein likevel må varme opp så har det lite å seie. Må jo erstatte varme frå dei gamle med noko anna. Ja, ei varmepumpe er meir effektiv, men det er så små mengder.
  15. Om du boota i legacy mode så vil ikkje diskar som krev UEFI virke trur eg. Altså NVME diskar som er rett på hovudkortet. Veit ikkje kva OS du har boota til, men eit eldre 32-bit OS vil ikkje virke med ein GPT disk.
  16. Her er ein artikkel om endring til legacy mode: https://us.informatiweb.net/tutorials/it/bios/configure-your-computer-s-bios-to-boot-in-legacy-bios-mode.html Ser ut til at din BIOS er den nyare typen så du må scrolle eit stykke ned
  17. Kanskje denne tråden her kan vere til hjelp? https://rog-forum.asus.com/t5/promotions-general-discussions/my-hard-disk-drives-not-showing-up-in-boot-priority/td-p/784431 Om eg forstår det rett så var ikkje disken han ikkje fekk boota frå laga med GPT men med eldre MBR. Det vil vise i Windows sin disk manager kva type disk det er. MS har ein artikkel om konvertering: https://learn.microsoft.com/en-us/windows-server/storage/disk-management/change-an-mbr-disk-into-a-gpt-disk
  18. Må nok inn i avanserte instillingar og endre noko som slår på booting frå sata diskar. Om det er ein eldre installasjon på disken før UEFI så vil det ikkje fungere. Då må ein sette BIOS i CSM modus som då vil hindre boot frå NVME disken.
  19. Kan vere ein blanding av feil på AIO eller kjølepasta. Har aldri hatt slikt problem her. Temperatur var innafor 2-3 grader over fleire år.
  20. Kva tenker folk er akseptabel pris over MSRP for dei ulike spesielle modellar som produsentane lagar? Sett ei stund på 5070Ti sidan 5080 vart alt for dyrt for meg. Men ser jo at dei fleste ligg 2-3000 over det som er MSRP, altså 750 USD + MVA = 10200kr.
  21. Finn kunne enkelt forby sal av nye produkt i ein periode etter lansering. F.eks. 1-2 månader.
  22. Er store variasjonar i korleis dei ulike nettselskapa prisar effekt og forbruk. Her hjå meg har det ikkje vore endringar i pris på 2-3 år no, kun justering av avgifter. Så det må bety at selskapet treff godt i sine berekningar av nettleiga. Før dagens system så vart ofte fastleddet redusert i andre halvdel av året når avrekninga for året før viste at dei hadde teke for mykje betalt. Den låge effektprisen her har vel kanskje noko med at dei har eit robust og kompakt nett med om lag 6 mil ende til ende i distribusjonsnettet. Er heller ikkje meir enn 10-15 km frå næraste regionalnett stasjon. Vi er sjølvforsynt med kraft det meste av året også via fleire mindre kraftstasjonar. Ekstreme vêrsituasjonar er også sjeldan å sjå her. Fjellnett har eit litt meir komplisert system. Effekt pris er delt i 1kW trinn heilt opp til 20kW. Måten dei reknar ut denne er ved å sjå på toppane ein gong per veke og finne 5 av dei og så rekne snitt. Samtidig så er det også ein sesongvekting av denne. I januar og februar er det 100%, men så er det 25% på sommaren. Kvar månad har sin faktor.
  23. Den blir jo det, men for at folk ikkje skal bli straffa for ein enkelt høg time så ser ein på tre ulike timar på tre ulike dagar for å finne snitt. Usikker på kva som ville blitt utslaget ved å rekne snitt av alle 720/744 timar på ein månad. Ein pris per kW som Kirkebø snakkar om kunne nok vore ein ide. 75kr/kW ville vore dyrt her samanlikna med i dag her hjå meg. 5-10-15-25kW her i dag er det same som 23-27kr/kW.
  24. Forstår ikkje heilt Aasland og korles ein skal betale "Norgespris". Virkar som at dei av oss som då har to ulike rekningar vil få eit nettleige som varierer veldig alt etter om ein får att på vinteren eller må betale ekstra på sommaren. Det vil også vere 1-2 veker mellom slike rekningar som då kan bli tøft for ein del. Ein då må betale full spotpris til selskapet som sel straum og så få dette eventuelt refundert hjå nettselskapet 2 veker seinare. For min del så må eg gå tilbake til det kommunale selskapet og få "norgesprisen" frå dei på ei samla rekning sidan dei også eig nettselskapet og fakturerer samla. Men då prisgitt deira påslag på spotprisen + fast månadspris som er ganske høgt over snittet.
×
×
  • Opprett ny...