Det er ei stund sidan me har testa berbare, og me ville ikkje anbefalt noko me ikkje har prøvd der. Sjølv om spesifikasjonane på ei vare kan sjå attraktive ut, anar me ikkje noko om viftestøy, varmeutvikling, peikeplate og tastatur osv. osv. Difor tar me ikkje med berbare maskinar.
Skulle gjerne ha testa fleire maskinar, men artiklane blir ikkje lese noko særleg. Me må prioritere ganske hardt på maskinvaretesting, så då blir det at me heller gjer andre ting.