Hei!
Eg har tenkt meg på ein lengre backpackingtur i Sør-Amerika (4-6 mnd) og treng litt input på kva kamera eg bør ta med.
Har eit Sony A7 vii som eg har brukt på kortare reiser, med lyssterke fastobjektiv frå 28mm til 85mm. Har vore veldig fornøgd med foto tatt med dette utstyret, men problemet er at det tek mykje plass.
Vurderer derfor om eg skal kjøpe eit kompaktkamera som tek mindre plass i sekken ala:
1. Ricoh GR III
2. Fujifilm X100V
3. Sony CyberShot DSC-RX100 VII
...eller om eg heller berre skal ta med Sonykameraet mitt med ei fastlinse på 28mm f/2.0.
Eg tek ein del portrett og generell gatefotografering, og redigerar i Lightroom.
Kom gjerne med innspel om det er verdt å kjøpa eit nytt kompaktkamera, kva type som anbefalast, og om det evt. er like greit å bare ta med A7 vii med ei mindre fastlinse kontra det å kjøpa eit nytt med tanke på fotokvalitet.