-
Innlegg
44 248 -
Ble med
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Zeph
-
Som kunde hos Vibb får du e-post om denne endringen, men informasjon om at du behaldar avtalen ut dei tre åra du har signert på. For nye kundar står det at prisen er 39 kr/mnd. Kvifor må du bruke VG for å få med deg dette? Dei aukar strengt tatt ikkje prisen, men fjernar det billegaste abonnementet.
- 68 svar
-
- 3
-
Bryson er grei nok, men han er litt “mykje”. Det er mykje greier med han og eg mistenker at det ofte er for å skape blest om seg sjølv. Som ein Youtube-karakter på golfbanen. Enkelte situasjonar verkar å vere satt i stand fordi det er god PR og bygger merkevaren Bryson.
- 1 025 svar
-
- 1
-
0 øre påslag er uansett ein bra pris. Om du framleis kan ha avtalen etter tre år utan å betale for Vipp+ så vil dei sikkert skru opp påslaget så du betalar minst like mykje som det nye abonnementet. Med eit årsforbruk på 10k kWh tilsvarar dei 39 kr/mnd ca. 5 øre på straumprisen. Eg venta ikkje at me skulle få 0 påslag og 0 kr i månaden i all framtid. Det var jo ein garanti på tre år eg signerte på. Når garantien ein dag går ut kan ein alltids sjekke marknaden om det er betre tilbod der ute.
- 68 svar
-
- 2
-
Han skriv at han må inn i sikringsskapet for tilkomst til røyret. Det er ikkje opplyst om kabelen skal gå gjennom skapet eller om han kun må inn i skapet for å finne røyret. Kvar kjem røyret inn i skapet? Topp, botn, bak, side? I tittelen står det bak skapet, så står det inni skapet. Eg forstår ikkje heilt korleis dette ser ut eller kva planen er.
- 18 svar
-
- 1
-
Eg har ikkje behov for å støtte det regimet meir enn nødvendig. Spesielt ikkje når dei kopierer av andre og sel til ein brøkdel av prisen.
- 9 svar
-
- 2
-
0.00000000000001% sjanse for aliens.
-
– Apple kommer med syltynn iPhone
Zeph svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
EU-loven om at du skal kunne reparere ting sjølv trer vel ikkje i kraft før om nokre år. Eg lurer på kor godt den går i lag med stadig tynnare telefonar. -
Siste gruppe går ut 20:21 i dag, 1 time og 15 minutt tidlegare enn i går i tilfelle det blir playoff, men det blir vel framleis 1:30-ish i natt før dei er mål, utan playoff.
- 1 025 svar
-
Teit at dei slår ut så seint. Eg sit ikkje oppe til langt på natt, så slutten får eg heller sjå i morgon føremiddag.
- 1 025 svar
-
- 2
-
Eg er spent på løftet hans om å ikkje klippe seg før SBanken er tilbake på topp av listene. Berre det at DNB har overtatt er grunn nok til at det neppe vil skje.
-
Nok ein major med MC. Mikkelsen på Viaplay/Viasat gjer ein god jobb han, men dei kunne spandert på seg ein nummer to, i alle fall på ein major. Det blir mange stunder utan kommentarar. I går måtte han ut for å kjøpe Pepsi Max midt i sendinga. Det får betre flyt med to personar som diskuterer. Discovery/Eurosport er framleis dei beste.
- 1 025 svar
-
YouTube kan vinne over annonseblokkering
Zeph svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Finnes det gode alternativ som blir brukt, om ein ser vekk frå SoMe-kanalane som IG og TikTok? -
Med ein plan og ev. litt cheese så kan du slå Mogh og Radahn på langt kortare tid enn 80 timar, om målet er å få tilgang til DLC-en utan å ha fullført så mykje av spelet eller med veldig lågt nivå på karakteren. Ri rett til Radahn, fullfør Varré's oppdrag og ri til Mogh. Det kan vere historiegrunnar til at du må ha slått Radahn og Mogh, evenuelt kombinert med at dei vil tvinge spelarar flest å ha sterk nok karakter og våpen til å klare DLC-en. Dei som med RL1-løp klarar seg fint uansett.
-
Greenene er ekstremt vanskelege visstnok, så han bør ha kontroll på nærspel og putting. Basert på den siste perioden er han absolutt ein kandidat.
- 1 025 svar
-
- 1
-
Bill Gates vil revolusjonere el-produksjonen med atomkraft
Zeph svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Når dei rikaste i verda satsar, kan det faktisk bli noko av det. Musk satsa på elbil, og om Gates får dette til å fungere så er det håp. Kanskje det kan motivere fleire som er søkkrike til å tenke på dei neste generasjonane. Dei får ikkje noko med seg i grava, men i den grad det betyr noko kan dei i det minste få eit godt ettermæle. Gates har allerie eit godt ettermæle pga. sitt filantropiske arbeid, uansett om enkelte trur det var 5G-brikker i Covid-vaksina. Veldig interessant at dei kan nytte avfallet til tradisjonelle reaktorar, som har vore eit stort ankepunkt for mange. -
Basert på Reddit-brukarar er ikkje NG+ så veldig forskjellig, men du har vel sett korleis det skalerer så langt. Med eit høgt nivå på karakteren og fullt oppgradert våpen er det mindre å hente på å nå eit endå høgare nivå og du er meir enn godt nok oppgradert til å runde både hovedspel og DLC. Kjør på med NG+. Kanskje med unntak av nokre få sjefskampar går det nok heilt greit. Skulle du få store problem med ein og ikkje vil bruke timevis på å lære kampen så kan du alltids endre builden til noko som fungerer betre. Ashes er òg eit hjelpemiddel som gjer kampane langt enklare. Om du er halvveis i NG+ er kanskje Radahn og Mogh allereie slått. Om ikkje er begge lett tilgjengeleg. Litt av poenget med at du skal ha slått Radahn og Mogh er kanskje at karakteren din skal ha fått sjansen til å bli oppgradert nok til å fungere greit med skaleringa i DLC-en. Å starte ein ny NG rett på Shadow of The Erdtree er nok vanskelegare enn ein fullt oppgradert karakter i NG+.
- 21 svar
-
- 1
-
Det overraskar nok ingen. Som med alle andre spel på Steam er det ein stor andel som sluttar før dei er komne spesielt langt. Som i tidlegare spel satsar eg på at ein ferdig oppgrader karakter fungerer. Er den for sterk kan ein alltids justere det med å endre nivåpoengsfordeling eller våpenoppgradering.
- 21 svar
-
- 1
-
Det er sant, men å bruke avvikene på PGA-turen er uansett ikkje nyttig. Sjå heller på kva fleirtalet driv med. Fleire profesjonelle spelarar med ukonvensjonelle svingar har ikkje korrigert det fordi det fungerer for dei, men ingen vil anbefale å svinge som Jim Furyk. Finau og Keegan får det til å fungere, men den oppstillinga er ikkje noko å trakte etter. Dei har kanskje blitt gode med den oppstillinga og ikkje turt å gjere noko med det seinare. Om noko ville eg heller hatt bein som er nærare heilt rett enn så mykje bøy. Fleirtalet har midten av hoftene ca. over ankelen ein stad, ikkje bak leggen, 33-40° vinkel på ryggen, ikkje for mykje bøy i knea og armane hengande -2 til +5 grader. Høgde, armlengde, køllelengde og personleg stil vil påvirke det litt. Mykje god info her: https://thesandtrap.com/forums/topic/106708-addresssetup-numbers-challenge/
- 1 025 svar
-
- 1
-
Hva skal vi gjøre med teknologisk inkompetente politikere?
Zeph svarte på Runar sitt emne i Politikk og samfunn
At den blir hacket er ein ting, men om dei av den grunn skulle få tilgang til sensitiv informasjon hadde vore endå verre. Eg håpar ein minister har vett nok til å ikkje bruke FB til sånt.- 10 svar
-
- 1
-
Med nokre enkle mål av høgde, til håndledd osv. bør du kunne finne eit estimat på riktig lengde. Skaft flex er veldig individuelt, avhengig av styrke og svinghastigheit. Eg ville heller brukt pengar på å finne nokre få køller som passar enn å kjøpe eit stort sett. Gjerne hybrid på lengre køller i staden for lange jern. Ein nybyrjar kan gjerne slå 7i, 6i og 5i like langt og kan heller då slå kun 7i for å bli betre med den. Med riktig lengde, riktig flex og lettspelte køller er du godt på vei. Det er og ein del på Finn om du finn noko som passar. Det er sjølvsagt mykje å lære som ny. Om ho likar det og vil spele ein del så er ein protime og to å anbefale. I første omgang er det veldig viktig å få på plass riktig grep og oppstilling. I dag finnes det òg gode digitale alternativ som ikkje kostar skjorta. Bommar ein der så blir alt anna så mykje verre og å fikse på svingen med feil oppstilling kan gjere vondt verre. Mange undervurderer kor viktig dei to elementene er. Det fine med grep og oppstilling er at det skjer før svingen startar, så det er enklare å justere og passe på å få det riktig kvart slag. Langt enklare enn å jobbe med andre element. Står du for langt frå ballen, for mykje framoverbøygd og med eit dårleg grep i håndflatene så har du oppskrifta på dårlege slag.
- 1 025 svar
-
Indeksfond er aksjefond. Kva er tidshorisonten og kan du få bruk for midlane på kort tid? Kjøper du eit globalt indeksfond bør du ha minst 5-10 års tidshorisont, vere klar over at verdien kan bli halvert på kort tid og at det kan ta årevis før den er tilbake der den var. Det skjer relativt sjeldan, men risikoen er der.
- 24 svar
-
- 1