-
Innlegg
44 538 -
Ble med
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Zeph
-
Solgte bolig for 600 000kr over takst på ti timer
Zeph svarte på flamethower1234 sitt emne i Politikk og samfunn
Om kva? At nokon har solgt ein bustad? At dei kjøper, pusser opp og sel? At den gjekk over prisantydning? At den vart solgt utan visning? -
https://www.tek.no/nyheter/nyhet/i/KMX4aE/slik-fikk-de-godkjent-cybertruck-i-norge Alt er lovleg då så lenge den kan bli godkjent i USA. Må berre ha ein minst seks månader gammal bil.
-
Estimatet baserer seg på korleis du har kjørt i det siste, så eg ville ikkje lagt så mange kaloriar i å tenke på det. Bruk heller ein god app (ABPR) for å estimere rekkevidde.
-
Volkswagen lover rimelig elbil til under 230 000 kroner
Zeph svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Kan ikkje denne tråden handle om den nye bilen til VW i staden for ein person som ikkje har lyst på dagens elbilar? Det gnålet er det nok av i andre diskusjonar. Start gjerne ein ny tråd om det er interessant. Blir interessant å sjå kor liten og billig den vil kjennes. Når prisen er halvparten av ID.4 så må dei ha kvitta seg med ein del. Mindre batteripakke er vel å vente.- 24 svar
-
- 4
-
-
Eg brukar denne typen forankring i Enyaq og Model Y. Heilt topp. https://www.skruvat.no/bilrekvisita/barn-i-bilen/barneseter-og-tilbehor/barnesetesloyfe-p66620
-
Korleis fungerer sånne system om du har på solbriller med reflektive glas som gjer du ikkje kan sjå augene frå utsida?
-
Hadde ikkje vore feil med ein E-5008 med fem seter heller.
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Zeph svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Kunne hatt dammer eller reservoar høgt oppe som kunne ta imot store mengder vatn og brukt straumen når det er overskot til å pumpe vatn opp så den kan brukast til produksjon seinare. -
Smart måte å opprette sitt eige nettverk på. Utan alle kostnadane med å bygge ladestasjonar, selge straum og alt det dillet. Berre lag eit kort med RFID. Genialt.
-
Ingen kjenner framtida, men det går stort sett godt. Jo lengre de bur der jo større sjanse for at det ikkje blir noko tapsprosjekt. Du er ikkje den første som er bekymra etter sitt første kjøp. Ein viktig ting å tenke på når det er snakk om bustadpris; kjøpe dyrt og selge til lågare pris er at om din bustad går ned i verdi så er gjerne den nye bustaden de eventuelt skal kjøpe gått ned òg. Det er alltid kjipt om verdien skulle gå ned, men ikkje verdas undergang, og skjer ikkje så alt for ofte.
- 16 svar
-
- 2
-
-
Om du ikkje har prøvd før så er denne knallgod. https://www.vinmonopolet.no/Land/Norge/Vestland/Hardanger/Humlesus/p/17463601 Sideren til Aga Sideri med alkohol er òg utmerket og veldig god til mat.
- 944 svar
-
- 3
-
-
-
-
At fleire bilar opplever feil er visst ein trend i heile marknaden, men basert på statistikken eg har sett frå dei siste åra meiner eg å hugse at Lexus og Toyota framleis figurerer i toppen. https://www.bilnorge.no/forbrukertips-jdpower/stadig-flere-mokkabiler/4090303
-
35 kroner for 150 g synest eg ikkje er så dyrt, men no kjøper eg sjeldan Kims/Maarud standard 250 g så eg er vel vane med høgare pris. I beste fall kan du ende opp med å ete litt sunnare og litt mindre chips ved å kjøpe Finn Crisp i staden for ein 250 g-pose Maarud/Kims til lik pris.
-
Det er nok bra kvalitetsforskjell frå leiketøy opp til bilar i klassen 3000,- og oppover.
-
Det vart nokre liketøybilar frå Sami. Den eine må eg stadig skru opp for å dytte akslingen på motoren til drivhjula inn så tannhjulet får tak. På den andre har batteriet tilsynelatande slutte å ta lading, så der vart det full stopp. Ein tredje fungerer framleis. Konklusjonen min er å bruke pengane på noko anna enn leiketøysbilar. RC-bilar er forhåpentlegvis betre, og du får tak i ein del reservedeler, men ein må nok vere førebudd på litt skruing. Dei er òg dyrare.
-
Det er ikkje mi erfaring med to AWD-elbilar. På siste bilete kunne det stått "Bilen fikser det".
-
Bruk spoilerfunksjonen på forumet. Trur du alle her inne har spelt TLOU2, eventuelt lese nok om det til å vite dei store trekka frå handlinga?
- 28 svar
-
- 1
-
-
Eg har ingen problem med at dei skriv TV-serien på andre måter enn spelet, ved å bruke tid på ein karakter me såg lite til i spelet eller at Abby ikkje er så muskuløs. Det er på mange måtar positivt sidan dei som er godt kjende med spela ikkje veit alt som kjem til å skje. Bill og Frank-episoden var eit godt døme på det.
- 28 svar
-
- 3
-
-
Eg veit at det er typisk for ICE-bilar, men er det tilfelle for elbilar òg? I ein ICE-bil er det mest vekt framme og treigare reaksjonstid på systemet som skal halde deg på veien. Med elektromotor på hjulene og betre vektfordeling ville eg trudd elbil med RWD klarar seg betre på glatta enn ICE med RWD. Ein FWD-elbil er gjerne betre enn tilsvarande FWD-ICE-bil òg. Min bil har forresten AWD. At støttesystemet gjorde jobben er det ingen tvil om. Kva var det du ikkje likte, om me ser vekk frå rekkevidde og hurtiglading?
-
I så fall er det ikkje ubegrunna. Sjølv om bilen har sine mangler så har mange veldig god erfaring med Toyota. Både bilar og forhandlarar. Stort sett er Lexus på topp av lista over merker kundane er mest nøgd med, og Toyota følgjer vanlegvis etter på ein av dei neste to plassane. Aldri høyrt om chassisopplegget. Har du noko lesestoff? Er det service du tenker på eller andre ting? Om du vil bli skremt av feil på bilar og dårleg behandling av forhandlarar så kan du berre melde deg inn i FB-gruppa til ein eller anna bil. Statistikk er meir interessant, og i Autoindex 2023 (VG+) var nok ein gang Lexus på topp, etterfulgt av Toyota i undersøking om kva merkebilverkstad 4500 spurte var mest nøgd med.
-
Det er Toyota. Mange synest det er ein topp bil. Det er på mange måtar ein god bil. Ikkje alle prioriterer rekkevidde og hurtigladeeffekt like høgt. Dei har blitt kvitt ein del av problemene den hadde i starten.
-
Ein kontaktor som har høg belastning og mange koblingar vil bli slitt og det kan oppstå varmgang og dårleg kontakt på eitt eller fleire kontaktsett, men då er det helst snakk om industriutstyr. Skal mykje til for å slite ut ein kontaktor på den måten heime, men om den forsyner heile huset så vil den stå konstant med spenning på spolen som over tid vil slite på materialene. Med ein kontaktor på heile sikringsskapet og relé som styrer den så kan du kople det sånn at ved bortfall av ein fase så kutter den straumen til heile huset.