Ja takk begge delar. Eg har 360-kamera og sensorar på alle sider. Det gjekk fint å parkere både i luker og trange garasjer med Primera-en eg hadde før, som hadde verken kamera eller ein einaste sensor, men eg tar med det eg kan få. Eg har opplevd ein unge som kom frå ein vinkel eg ikkje såg og bilen varsla om. Ikkje sikkert eg hadde kjørt på den, men tryggleik er veldig viktig for meg, og alt utstyret kan bidra til å unngå ulykker.
Eg føretrekk å manøvrere etter speglane og bruke kamera som assistanse, men det er umogleg å ha augene på alt samtidig.