Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 457
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Me har hatt ei Miele kombimaskin i sju år og synest den fungerer veldig bra. Ingen feil eller problem så langt. Stillegåande og stabil (100 kg). Ingen erfaringar med at plagg blir dårleg vaska på nokre av programmene, og den er blitt brukt til vask a baby/barnekle. Det er veldig greit å ha såpebehaldarar i maskina. Me kan bruka såper frå Miele eller fylle på eit par behaldarar med andre såper. Den kostar ein del, men eg håpar me får igjen for det med levetid. I bruk har eg i alle fall ingenting å utsetje på den Me hadde eit lite bad med stellebord og dusjkabinett, så me valgte kombi og samtidig få litt skap-plass. Tørkefunksjonen blir ikkje alltid brukt, me heng det stort sett opp, men fint å ha av og til, spesielt til sengekle. Tørking slit meir på kleda, samt at det går meir lo i avløpet, så me tørker ikkje meir enn nødvendig. Det meste blir hengt opp på badet. Svenske Råd og Rön hadde ein stor test av kombimaskiner då me kjøpte, så eg kan anbefale å sjekke der. Trur eg betalte nokre tikroner for å få tilgang til heile testen med detaljerte poeng. Den har litt mindre kapasitet enn dedikerte maskiner, men det er sjeldan me har så store vaskebehov at det må gå fleire rundar.
  2. Ved smålakkering er det ein fordel om dei kan ta eit større parti som endar i ein knekk i metallet. Skal du fikse ein skade midt på ei stor dørflate så er det vanskeleg utan at det blir synleg.
  3. Årsaken til at du ikkje treng kontakt med banken er vel at du ikkje overtar lånet personleg, men kjøper ein andel og betjener lånet som følgjer med andelen. Burettslaget eig lånet og dei andre eigarane blir dei som må betale ved misleghald, ev. om burettslaget har oppsparte midlar. Hadde det så oppstått ein situasjon som Salvesen illustrerer så er styret einaste instans som kan stoppe kjøpet. Hadde det vore snakk om ein vesentleg stort lån så burde vel styret bedt kjøpar om å legge fram dokumentasjon på at vedkomande er i stand til å betjene lånet? Det går ut over dei sjølve om dei ikkje betalar for seg. No er vel ikkje dette ein veldig vanleg situasjon, spesielt med så stor fellesgjeld. Mange burettslag tillet utleige, men det kan vere for ein avgrensa periode td. Du må kanskje bu der først òg.
  4. https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2019-11-15-1517 Når du kjøper bustaden så overtar du lånet og må kunne betjene det. Når du ber om finansieringsbevis så tar banken fellesgjelda med berekningane.
  5. Yasssss! Har venta på dette sidan eg fullførte spelet. Ser ut som eg må ordne meg noko solskjerming til vindaugene om dette blir lansert no på vår/sommarstid. Colosseum-utvidinga var vel strengt tatt den første, sjølv om den var ganske liten. “Første” kan implisere at det kjem fleire, men det har dei vel ikkje nevnt på dette tidspunktet?
  6. LIV er ikkje stort å bli begeistra over. Om ein ser vekk frå kvar pengane kjem frå, avtalane og alt det rundt så er ikkje overbetalte golfproffar som surrer rundt der ute spesielt interessant å sjå på.
  7. Zeph

    Elbil-tråden

    Ja takk begge delar. Eg har 360-kamera og sensorar på alle sider. Det gjekk fint å parkere både i luker og trange garasjer med Primera-en eg hadde før, som hadde verken kamera eller ein einaste sensor, men eg tar med det eg kan få. Eg har opplevd ein unge som kom frå ein vinkel eg ikkje såg og bilen varsla om. Ikkje sikkert eg hadde kjørt på den, men tryggleik er veldig viktig for meg, og alt utstyret kan bidra til å unngå ulykker. Eg føretrekk å manøvrere etter speglane og bruke kamera som assistanse, men det er umogleg å ha augene på alt samtidig.
×
×
  • Opprett ny...