-
Innlegg
44 248 -
Ble med
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Zeph
-
Ein montør eg spurte her om dagen sa at du ofte kan velje kva del du vil legge opp straum til. Det er elektriske komponentar i begge endar, så det går ledningar mellom dei uansett. Så lenge tverrsnittet på dei er store nok burde det vere hipp som happ, men om det er småtteri kun meint for å levere frå utedel til innedel så vil det gå dårleg å legge straum til innedelen sidan det er utedelen som trekk det meste av straumen.
-
Heimelaga sushi kan absolutt koste det òg om du plukker sånt frå hyllene. Spesielt om du tar med ein pakke laks frå Salma, Lerøy eller liknande. Blue Dragon er jamt over av dei dyraste. Grautris var eit artig tips, om det fungerer. Du kan fint dele prisen på to eller tre der. For klissete har vore ein gjengangar ja, og då vart det lite nigiri. Har du nokre tips til kva som er problemet om den blir for klissete? Wasabi-tuben til Lofoten er samtidig mindre, men det er halve kiloprisen i nettbutikken til Meny, så det blir kroner av det òg. Trasig at det er mest pepperrot her i landet. Har vel med pris å gjere vil eg tippe. Folk flest er nok ikkje klar over kva den grøne pastaen faktisk er. Om nokon veit om eller kjem over ekte saker så må dei rope ut. Heimelaga syltet ingefær får stå på programmet ved neste sushimiddag. Eg er veldig glad i vin, og blitt så godt vane med vin til sushi at om me har sushi utan så er det noko som manglar. Ein kvit BIB reddar ofte dagen. Det blir av og til spontansushi om eg kjem over ein pakke laks med 30-40% rabatt pga. dato.
-
Noen flere som irriterer seg unødvendig over riper på bilen?
Zeph svarte på dan83 sitt emne i Bil og motor
Eg spurte MPS om utbetring av ein steinsprutskade på panseret, men då måtte dei tatt heile greia sidan konseptet var basert på at dei måtte kanter eller knekker i metallet for å ta mindre områder. -
Ja, om risen har riktig konsistens. Har den ikkje det så blir det gris og ris over alt.
-
Det er ikkje krav til at varmepumpe har fast tilkobling, men den bør absolutt få det. Stikkontakt og støpsel er meint for utstyr ein skal dra ut av og til eller flytte på. Ei varmepumpe blir kanskje kopla ut ved service, men ellers er den alltid spenningssatt. Montér eventuelt heller ein sikkerhetsbryter om du vil ha anledning til å kople ut pumpa lokalt.
-
Det viktigaste du treng for å lage sushi er erfaring, men det er vanskeleg å ha om det er første runde. Mitt tips er å lage makirullar og fokusere på å få risen til. Utan god ris så blir det fort feil uansett. Start tidleg nok, for det tar litt tid å lage risen om du skal gjennom alle trinnene. Eg har prøvd meg på nigiri, men utan større hell, så maki er trygt og meir tilgjevande. Bambusrullematte kan du alltids kjøpe, men med litt øving går det heilt fint utan òg. Med maki pakkar du alt inn, så ein mindre ideell ris vil ikkje vere like problematisk. Skulle det òg feile så kan du alltids ete makirullane som pølse i lompe.
- 19 svar
-
- 3
-
Står det noko plass? Eg fann ikkje informasjon om det på Coop sine sider.
-
Mi erfaring er at for å få mest ut av det så må du vere medlem i det området du handlar. Eg har bytt område nokre ganger etter å ha flytta på meg. Er det likt i dag?
-
Om røyret ligg laust på loftet, får du i det heile trukket noko gjennom det?
-
Noen flere som irriterer seg unødvendig over riper på bilen?
Zeph svarte på dan83 sitt emne i Bil og motor
Eg prøver å ikkje irritere meg over sånt. Av og til har eg tenkt at bilar er unødvendig pynta. Ein bruksgjenstand som er eksponert for andre bilar, steinsprut, uvørne born osv. kunne like gjerne vore utført på ein måte som er meint å ta imot litt juling. Hadde det vore rimeleg å reparere så kunne eg gjerne tatt småting, men når det er så dyrt så er det mangt anna eg heller vil bruke dei kronene på.- 15 svar
-
- 1
-
Desse spela gler vi oss til i februar
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Returnal står på ynskjelista, så då er det fint at det kjem på ein platform eg eig. Ellers kan det fort bli ein tur til Hogwarts ein dag. -
Takk for forslag om å bruke meir fiskesaus. Eg har brukt det, men lite. Er nok litt fordi eg tenker at fiskesaus smakar fisk, som eg ikkje vil ha smaken av i alt mogleg anna. Må fikse meg ei flaske neste gang eg er kjem over ein eksotisk butikk.
-
Eg ville valgt leverandør ut frå kva fond og behov ein har. Er det kun globalt indeksfond så kan KLP eller DNB fungere bra med låg pris. Kron sitt globale fond er greit om du ynskjer den samansetninga, ev. ikkje blir plaga av 0.04 prosentpoeng dyrare KLP-fond.
-
-
Umogleg å svara på. Anbefalingane er ofte å gå for dei billegaste, så det er det enklaste. Ikkje at 0,07 prosentpoeng vil utgje så alt for mykje. Historisk har dei prestert veldig likt, som er rimeleg sidan dei er veldig likt eksponert. Sidan AksjeGlobal vart starta i 2016 har det gjort det marginalt betre enn AksjeVerden, men korleis det ser ut 5-10 år fram i tid veit ingen. Det blir litt som å velje mellom lettkokt havregryn frå ein produsent eller ein anna. Du får mykje det same uansett.
-
Mogleg eg brukar feil uttrykk, men eg tenker altså på avgitt varmeeffekt, ikkje tilført effekt. Enkelte produsentar kallar det varmekapasitet, andre varmeeffekt.
-
https://finanssans.no/klp-aksjeglobal-indeks-p-eller-kron-indeks-global Eg kjøpte KLP sitt.
-
Eg ser etter varmepumpe til eit hus frå rundt 1950, ca. 170 m3 over to etasjar. Det er skifta ein god del vindauge og etterisolert på enkelte sider, men framleis litt småkaldt, så eg har tenkt at det bør vere ei av dei større pumpene. Området er vestlandet med stort sett plussgrader, av og til ned til -5 og ein og anna sjeldan gang -10, men huset har vedovn i tillegg. Når det samanliknar modellar så legg eg merke til forskjellane på nominell og maks effekt, som eg lurer på kva betyr i praksis. Her er tre eksempel: Panasonic HZ-35 Maks: 7,5 kW Nominell: 4,2 kW Toshiba Daisekai 9 35 Maks: 7,7 kW Nominell: 4,0 kW Daikin 35 Gulvmodell Maks: 6,2 kW Nominell: 4,0 kW Eg har sett eit par stader at nominell effekt er snakk om 40-50% av maks effekt, men kvifor er det då så store forskjellar her? Det er 200 W forskjell mellom dei tre pumpene på nominell effekt, men opp til 1500 W på maks effekt. Om nominell skal vere 40-50% av maks, burde det ikkje vere større forskjell på nominell? Om ein reknar ut 40-50% av maks så ser det sånn ut: Panasonic: 3,10 - 3,88 kW Toshiba: 3,08 - 3,85 kW Daikin: 2,48 - 3,10 kW Prosent oppgitt nominell er av maks: Panasonic: 54,19% Toshiba: 51,95% Daikin: 64,52% Er dette triksing med tal for å få ein brosjyre til å sjå bra ut? Kva tal er det ein faktisk bør sjå på? Det er ikkje ideellt å kjøre ei varmepumpe på maks, så behovet for toppeffekten er ikkje så stor så lenge pumpa er dimensjonert riktig. Då tenker eg at nominell er viktigare sidan den uansett kjem til å kjøre på det nivået døgnet rundt. Kanskje litt meir effekt på natta for å nytte lågare straumpris og kunne kjøre opp pumpa litt når det ikkje er folk der (støy).
-
Ruta går opp og ned, så høgdemeter klatra og høgdemeter kjørt ned er kanskje meir nyttig. Ein bil kan stoppa på 900 moh. og ha kjørt kortare enn ein som stoppa på 700 moh.
-
Det er to punkt som kan gje utslag, men spesielt det siste. Frå Hjerkinn (ca. 360 km ut i testen) går det 300 høgdemeter nedover dei neste tre milene. Ikkje gratis kilometer, men bilane som kjem seg til Folldal har fått nytta den nedstigninga. Den andre er frå Venabygd ned til Ringebu, som er ca. 800m nedstigning over 15 km. Dei 15 er sjølvsagt gratis, pluss at bilen får lada litt på veien. Eg veit ikkje kor mange kilometer ein bil kan få ut av å lade ned der, og det er gjerne ulikt frå bil til bil. Så vidt eg forsto var det kun Model S som kom seg over toppen frå Venabygd, så den har fått litt ekstra rekkevidde gratis pga. løypeprofilen. Model X stoppa på 444 og kom ikkje over toppen. WLTP er testa i 25 grader og under heilt andre forhold enn vintertesten til Motor og NAF. Ingen har oppgitt at WLTP-rekkevidde kan oppnås under sånne forhold.
-
Synd du må ut med ein million for å få tilgang til det.
-
Det har blitt produsert bilar i årevis utan dei store problemene, men dørhåndtak og luker er visst framleis vanskeleg. Glad eg har gamle, mekaniske dørhåndtak. Skjulte dørhåndtak har kun med stil å gjere, og då tar eg heller funksjon over form.
-
For tryggleiken sin del er det beste om borna får sitje bakovervendt så lenge som mogleg. Det finnes seter som kan fungere lenge, avhengig av bornas storleik. Eg har sett bilete av 11-åringar som sit i bakovervendt stol. Isofix er ofte enklast å montere, men tar ein del plass og dei fleste må over i nytt beltemontert stol etter ei stund. Meiner eg har sett nyare isofix-stolar som går lengre opp i vekt og lengde. Me har Max-Way Pluss og BeSafe Stretch. Om du er på Facebook så finnes det veldig mange erfaringar og gode tips i gruppa Bilstoler.
-
Eg har ikkje planar om å ha så høgt forbruk som pensjonist. Til den tid er eg gjeldsfri og har det meste eg treng. Fritidsaktivitetar treng ikkje koste stort.