Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 248
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Kva har du signert på? Forsikringssummane går frå 12.000 til 64.000. Visste du ikkje kva den kosta før salget var over? 151-6+24 = ca. 169.000 før forsikring. Om det var tre visningar ekstra så er det 9500 der, så ca. 180.000. Forsikring pluss andre ekstra så er du fort oppe i 219.000.
  2. Merk at SCOP ofte blir oppgitt for tempererte klima som lengre sør i Europa, men det står det ingenting om i brosjyrene. Om eg hugsar riktig var SCOP ca. 1 lågare på dei eg sjekka for norden. Ved -25 vil COP vere lågare for alle modellar, men det er vel gjerne i området 1.5-2.5, så framleis meir effektiv enn panelovn. At den kan trekke 2200 W betyr ikkje at den vil gjere det heile tida. Det er avhengig av behovet og utetemperaturen.
  3. 3,35% hos Santander om du kan leve med 31 dagar løpande bindingstid. https://www.santanderconsumer.no/sparing/hoyrentekonto_pluss/
  4. Den forstår eg ikkje. COP blir jo redusert ved redusert utetemperatur, så om den kjører på 100% så vil levert effekt bli redusert med synkande utetemperatur. Du må kanskje ha den stilt inn på ein anna temperatur enn det du faktisk vil ha i rommet. Det er ikkje sånn at alle rom får 24 grader om du stiller alle pumper på 24 grader. Nokre må skrus høgare og nokre lågare. Utforming på huset, utemperatur, åpne dører, kor godt huset er isolert osv. Det er mange faktorar som spelar inn på kor effektiv ei pumpe er.
  5. Det spørs på typen. Sjå etter "inngangseffekt" i spesifikasjonane. Der står det maks og minimum effekt den brukar. I scenario du skisserer så kan det kanskje trekke opp mot maks effekt ei stund i starten, fram til den har fått opp trykk på systemet. Når det først er i gang så vil ikkje kompressoren måtte jobbe for fullt og effekten gå litt opp og ned som illustrert i denne tråden. Forbruk over tid vil variere med varmebehovet inne og utetemperatur.
  6. Eg ville vurdert Epoq frå Elkjøp. Det er av og til på 40-50% rabatt, samt rabatt på kvitevarer i tillegg. IKEA-kvitevarene eg har vore borti tidlegare har vore dårlege greier som eg aldri ville vurdert å kjøpe. Det kan sjølvsagt ha endra seg. Etter å ha brukt eit Epoq-kjøken i fem år så likar eg det betre enn Ikea.
  7. "Bankrådgiver" burde endra tittel til "selger". Om du vil eksponere deg meir mot Norge enn eit globalt indeksfond så ville eg heller kjøpt eit norsk indeksfond i tillegg. Dei kan påstå alt dei vil, men det er alltid risiko i aksjar. Angåande bustad så er det veldig avhengig av marknaden. Det er spådd boligbobler som skal sprekke i årevis, men Stavanger-området er vel det einaste som har opplevd det. Om det tar litt tid å bestemme seg så er høgrentekonto eit greit alternativ inntil vidare.
  8. Har ein Easee trefase 230 V, men satt til einfaselading fordi Skoda anbefalar å ikkje lade med trefase 230 V. Straum er justert til 20 A så eg får 4,2 kW ut og held meg under 10 kW-grensa på fastleddet til nettleiga.
  9. Zeph

    Elbil-tråden

    Og det er? Eg, som mange andre, har redusert effekten for å unngå å bryte gjennom neste fastledd på 10 kW. Min leverer 5 kW, som er meir enn nok til vanleg bruk. Folk flest kjører vel ikkje nok til at det er behov for å lade så mykje kvar natt. Om ein vil nytte seg av lågare prisar så er kanskje den effekten ein har behov for på seks timar nok.
  10. Eg er klar over korleis det fungerer med kollektiv oppgradering av bad, men TS skriv at han ikkje er så bekymra for at det skal skje pga. at mange har oppgradert sine bad (som for øvrig ikkje nødvendigvis hjelp om stigerøyrene i bygget er dårlege). TS skriv at han er bekymra for at burettslaget skal kreve at han får fiksa badet på nytt med dokumentasjon. Ikkje som del av ei felles oppgradering av alle bad, men fordi han har eit nytt bad utan dokumentasjon.
  11. At dei rehabiliterer alt er ein anna sak. Her var det snakk om å ta badet til TS fordi det ikkje var dokumentert. Om dei meiner det er for dårleg gjort og utgjer ein risiko for bygningsmassen eller andre leilegheiter så kan det kanskje vere aktuelt. Alt på badet unntatt stigerøyr er uansett andelseigar sitt ansvar.
  12. Bustad kan vere ei god investering avhengig av kvar den ligg. Det er først og fremst ein stad å bu, men kan vere ein stad der pengane kan vokse. Det er riktig nok store forskjellar her i landet. I byane har prisveksten vore stor, mens i meir landlege strøk har ikkje verdien haldt følgje med inflasjon. Ein bustad vil få ned formuesskatten som andre har nevnt, men prisutvikling har større betydning. Globalt indeksfond er smart for langtidssparing, men det er samtidig ein risiko. Du kan investere der og få verdien halvert på ganske kort tid, og det kan ta årevis før verdien har henta seg inn igjen. Om det skjer rett før du har tenkt å kjøpe bustad så kjem du i ein lei situasjon. Pengar du vil investere i aksjar eller aksjefond bør du helst ikkje ha bruk for på 5-10 år. Om eit ev. bustadkjøp skal basere seg opp mot 100% på eigenkapital og det kan skje ila. dei neste fem åra, så har du fort fleire millionar som kanskje på plasserast ein anna stad. Høgrentekonto, fastrentekonto, pengemarknadsfond vil gje lågare avkastning enn aksjefond, men har samtidig mindre risiko.
  13. Kvifor skal burettslaget kreve at badet blir tatt på nytt? Har dei i det heile tatt anledning til det? Så lenge badet fungerer så ville eg latt det vere sånn. Det er ikkje positivt ved eit potensielt salg på sikt, men det er veldig mange bustader der ute som ikkje har dokumentasjon på våtrom. Kva det ev. kan bety for salgssum er umogleg å vite.
  14. Det er opp til kva den enkelte vil. Dei to vanlegaste ordningane er ev. at alt felles blir delt 50/50 uavhengig av inntekt eller at den med høgast inntekt bidreg meir til fellesskapet. Me har praktisert at den med høgast inntekt betalar meir av fellesutgifter. Det viktigaste er at dei to involverte har åpen og klar dialog og blir einige om ei løysing. Å la ting skure og gå utan dialog eller der ein eller begge ikkje er tilfreds kan ende i trøbbel ein dag. Minstekrav bør vere at begge har inntekt nok til å dekke sin del av fellesutgifter, og helst litt ekstra til anna bruk. Lån, bustad og eigedom bør fordelast etter kapasitet og betalingsevne. Der bør ein følgje eigarbrøk til betaling av lån, oppussing, vedlikehald osv. Kva meiner du med at innskot betyr mest? Innskot (eigenkapital) har like mykje verdi per krone som eit lån, og det er på ingen måte underordna kva den enkelte har betalt på av lån. Den personen som er ansvarleg for ein del av lånet eig samtidig tilsvarande verdi i prosent på bustaden. Om ein person har 50% av totalverdien i EK og den andre betjener 50% i lån (altså 100% av lånet), så eig dei like mykje. Om dei tok opp eit felles lån, men ein av dei betalar større terminbeløp enn den andre så skal det reflektere eigarskap av bustaden.
  15. Spørs kva aksjar eller fond du investerer i. Det mest anbefalte for langtidssparing er globale indeksfond, men der kan du òg risikere at verdien blir kraftig redusert og at det kan ta årevis før den hentar seg inn igjen. Einaste me veit sikkert er kva som har skjedd. Ingen kan spå framtida.
  16. Kva alternativ vil du føreslå? Grus? Ingenting? Å kutte salting utan andre tiltak vil føre til mange glatte veier her i landet og derav mange ulykker. Piggdekk er ikkje immune mot is dei heller, og det er eit fleirtal som kjører på piggfritt. Det blir salta for at bilane skal halde seg på veien.
  17. Det er du som er ansvarleg for å sjekke og eventuelt endre på ditt skattekort. Gjer du ikkje det så må du rekne med at det oppstår feil. Om du legg inn riktige tal i dag så vil du få eit nytt skattetrekk som er tilpassa situasjonen.
  18. Her kan du sjå utviklinga til fondet: https://www.nordnet.no/market/funds/16576255-odin-aksje-c
  19. Målet med dei fleste punktene i standarden er å oppfylle eit sikkerhetsnivå. Du står fritt til å oppnå det på andre måtar enn metoden som står i standarden så lenge det er dokumentert til å oppfylle sikkerhetsnivået. Easee påstår at ladeboksen oppfyller kravet, så enten gjer den det eller ikkje. Er det dokumentasjonen som er for dårleg? Får uavhengige andre testresultat enn Easee gjorde? Eg har ikkje fått heilt tak på alle detaljane i denne saken.
  20. COP blir mindre ved lågare utetemperatur, så pumpene leverer mindre effekt per forbrukte watt når utetemperaturen er lågare, og difor blir forskjellen mellom varmepumpe og panelovn redusert.
  21. Det er ein tragedie at Rekoringen har låst seg til Facebook. Prisane går framleis oppover, så renta skal vel vidare opp den òg. Når butikkane påstår at dei må heve prisane pga. kostnadsnivået, korleis skal det hjelpe å heve renta? Er målet at alle skal kjøpe Firstprice og Coop Xtra for å få kjedene til å måtte skru prisane ned igjen (som dei påstår dei ikkje kan)?
  22. 180.000,- netto. Det blir kanskje ikkje 360.000 brutto, men om ein i utgangspunktet er på eller nær eit av dei høgare skattetrinna så er det kanskje på 40-talet ein plass.
×
×
  • Opprett ny...