-
Innlegg
44 248 -
Ble med
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Zeph
-
Tapp kaldt vatn frå springen i ein behaldar med stort areal og dekk til så du ikkje får så mykje fuktigheit i rommet. Eller er scenario at du ikkje har vatn?
-
Det er scorekortet sitt det. Dobbel på par fem og eagle på par fire.
- 1 025 svar
-
Eg har gått over frå Spotify til Bandcamp for at artistane skal få meir enn nokre øre av at eg lyttar til musikken. Der kan du streame på PC og telefon (Carplay, AA), samt laste ned i det formatet du vil ha.
-
Det er vektavgift på alle bilar, ikkje berre elbilar.
-
Volvo og Mercedes har vel, men då er det millionbilar. Skoda 7S, nokre kinabiler.
-
Det er aldri feil å velge det du har lyst på sjølv.
- 80 svar
-
- 4
-
Har jeg valgt riktig måte å spare/vokse pengene mine?
Zeph svarte på Loading...... sitt emne i Økonomi
Alt kan skje, men det er alltid eit sannsyn å ta med i betraktningane. Det kan bli atomkrig i morgon, men sjansen er veldig liten. Det kan bli eit stort krakk i morgon, men sjansen er veldig liten. Vil du investere nær sagt risikofritt så må du akseptere avkastninga det gjev. Globale indeksfond har risiko på 5/7, så det har sjølvsagt langt høgare risiko enn innskot. -
Har jeg valgt riktig måte å spare/vokse pengene mine?
Zeph svarte på Loading...... sitt emne i Økonomi
Du kan sjølvsagt spå og meine kva du vil, men sjansen for at du har rett og gjer investeringar som slår ut betre enn eit globalt indeksfond er veldig låg. Uansett så må du ta ein sjanse, for ingen veit sikkert kva som kjem til å skje, sjølv om dei kanskje påstår det etter at det har skjedd. -
Har jeg valgt riktig måte å spare/vokse pengene mine?
Zeph svarte på Loading...... sitt emne i Økonomi
Deg om det. Skal du lytte til nokon om økonomi og investering her på forumet så er Nimrad ein av dei eg absolutt ville anbefalt. Det gjorde eg for 11 år sidan og det er den beste økonomiske avgjersla eg har tatt. Det var ikkje meir avansert enn å kjøpe globale indeksfond og det var eit veldig gunstig tidspunkt, men filosofien er den same uansett kva som skjer dei neste åra. Det er alltid nokon som trur eit krakk er nært foreståande, og skal ein vente til alle er positive så har du venta i årevis og gått glipp av mykje vinst.- 33 svar
-
- 2
-
Kvifor det? Når du betalar ned på lånet så endrar du berre forholdet mellom din EK og ditt lån, men totalen blir lik. Om ein av partane betalar meir ned på sin del av lånet så betyr heller ikkje det noko.
-
Det å ta opp lån for å kjøpe er òg ei investering og risiko. Pengane skal banken ha tilbake uansett om bustaden går opp eller ned i verdi.
- 24 svar
-
- 4
-
A: 750k i EK og 1m i lån på kjøpetidspunktet. 1.75m/3m = 58.3% eigarbrøk. B: 250k i EK og 1m i lån på kjøpetidspunktet. 1.25m/3m = 41.7% eigarbrøk. Kjøpesum var 2.75m og f.eks. salgssum 3.5m. A skal ha 3.5*0.583 = 2.04m B skal ha 3.5*0.417 = 1.46m
- 24 svar
-
- 3
-
Eigenkapital og lån har lik verdi og skal behandlast likt. Om person A har 100% EK og person B har 100% lån, der EK og lån ved kjøpetidspunktet er likt, så skal salgssummen fordelast 50/50.
- 24 svar
-
- 3
-
Det som er avgjerande er kor mykje den enkelte gjekk inn med i eigenkapital og kor stor del av lånet den enkelte har betjent. TS må koma med litt meir info om kva du meiner er riktig og kva eksen påstår er riktig. Gjerne med ei grunngjeving for begge tilfella.
- 24 svar
-
- 1
-
Bør helst ha ein til august, så me har litt tid. Kan fort bli ein Kia, så det hadde ikkje gjort noko om dei kom med sommarsalg. Dei har lenge hatt lange leveringstider og mykje import på marknaden, men det bremsar kanskje litt der òg no. Vanskeleg å spå kor lenge eg skal ha bilar for tida når det skjer så mykje i marknaden.
-
Eg synest det er eit gunstig tidspunkt for bilkjøp, men likevel vanskeleg. Stadig fleire merker skrur ned prisane. Nokre med reelle prisavslag, andre med mindre utstyr. Ikkje godt å vite kva andre tilbod som kan dukke opp ila. sommaren. Bruktmarknaden bør òg bli påverka av nybilprisane, men alt går ikkje ned sjølv om nokre nye modellar gjer det.
-
RemindMe! 365 days. Nokre sitat frå Kvadsheim:
-
Bloggen til Erik Arnesen, Sunn Skepsis, har mykje godt stoff. Internett er blitt ein smeltedigel av informasjon, fakta og oppspinn. Blant influencere, bloggere og alle andre stolar eg meir på det folk med utdanning om ei emne skriv enn dei fleste andre. Det ser diverre ikkje ut som den blir oppdatert lengre, men ei god kjelde. Her er td. eit innlegg om hvete, med ein del presisjonar og nyansar i ein sånn diskusjon: https://sunnskepsis.wordpress.com/2013/01/16/er-hvete-og-gluten-roten-til-alt-vondt/#more-1411 Men no er dette ein tråd om daglegvareprisar, ikkje ernæring.
-
Eg har ikkje flytta noko over til valutasikra. Kan ikkje skryte på meg nok kunnskap om emnet til å tru stort om kvar kursen skal gå. Det blir i alle fall feil å tenke at den skal ned kun fordi den har gått opp.
-
Litt av ein type. 4. plass på FedEx no og 5. beste i verden på OWGR. ⛳️🏆
- 1 025 svar
-
- 1
-
Lar du varmepumpen stå på døgnet rundt?
Zeph svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Det manglar litt data om energiforbruk og kroner i denne artikkelen. Sparar du faktisk noko på å skru av pumpa og justere ned temperaturen eit par grader? Mange påstår at du berre bør la den gå døgnet rundt sidan den uansett vil bruke energien du sparar ved å skru den av på å varme opp igjen huset etterpå. Eg har ikkje noko intelligent styring på pumpa, men av og til skrur eg opp temperaturen om straumprisen er ned mot 0 øre nokre timar, og ned igjen etterpå. -
Eg fekk tilpassa jern på Losby i 2013 og meiner det var Horley som var der då. Absolutt verdt investeringa.
- 1 025 svar
-
- 1
-
Alt oppspart er tilgjengeleg innanfor tidsrammene for å selge fond. Har òg noko på høgrentekonto med 30-dagars frist for uttak. Fondet kan ta nokre dagar å få utbetalt, så kursen vil variere litt.
-
TMY og bilar under 500k står vel for ein stor del og sjølv bilar til 600k vart ikkje meir enn ~5% dyrare, så det er ikkje så veldig urimeleg. Har nok gått mest ut over dei dyrare bilane. Enkelte kinabilar har visst ikkje solgt så bra.