-
Innlegg
44 248 -
Ble med
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Zeph
-
Skulle gjerne sett reknestykket på bruk eller ikkje bruk av forsikring. At det kostar opp mot 50k å bruke forsikring høyrtes mykje ut. Har du 75% og # år så kanskje du rykker ned til 75% 0 år eller 70%.
-
Eg er glad dei ikkje har like fargar på SR som LR, for Cherry Red som LR har likte eg ikkje så godt. Då kunne det blitt blå i staden for, men med blå Enyaq ville eg ha raud bil. Når me først er inne på farge: https://www.elbil24.no/nyheter/bilfargene-som-forsvinner/77827825 https://www.motor.no/aktuelt/fiat-slutter-med-gra-lakk/251485 Heia Fiat!
-
PlayStation Plus-spillene for juli har lekket
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Eg er veldig glad i Alan Wake. Gameplay er ikkje noko revolusjonært, så det er historia, stemning, karakterar og musikk som gjer det til eit bra spel for min del. -
Ja, det er akkurat sånn det skal fungere. Sikring 14 er ikkje jordfeilbrytar, så den løyser ikkje ut før du får overbelastning på kursen eller kortslutning. Sidan kursen forsyner lys og stikk ute er det 99.99% sannsyn for at feilen akkurat er på lys eller stikk som står utandørs og er eksponert for vatn. Her må det feilsøkast for å identifisere feilen og utbedre. Det kan vere nok å gjere utstyret reint, eventuelt skifte ut noko. Kor mange polar brytaren har betyr ingenting for feilen.
-
Det blir to. @Hanhijnn 448 844,- ferdig levert for SR med raud lakk, svart interiør. Utan AP, FSD og vinterhjul. Planen er å kjøpa andre dekk enn Tesla leverer, men det kan vente til vinteren kjem.
-
Då var Model Y SR bestilt. Litt meir enn eg hadde tenkt å bruka, men det er forhåpentlegvis ein god pris. Siste eg såg på av andre bilar var ID.3, men den hadde ikkje høgttalarar bak med mindre det var Max-utgåva... 😑 Og 360-kamera var låst bak Førerassistentpakke+ til mange titusen som det ikkje var så mange av på Finn. Då var det takk og farvel til VW. Ellers er eg veldig nøgd med Enyaq etter snart eit år eigarskap, sjølv om OTA-opplegget til Skoda og VAG er ei lita tragedie. Det er veldig mykje eg likar med denne bilen og lite å klaga på, men den er litt for dyr i dagens marknad med mindre du kjøper på ein god kampanje.
-
DNB støttar ikkje Apple Pay, så kva er den enklaste måten å få tilgang til Apple Pay og behalde DNB som lønnskonto og alt sånt? Eg må ha kundeforhold ein anna stad, så har de nokre forslag?
-
399.982,- for ein kvit M3 utan hengerfeste og vinterhjul.
-
Eg veit ikkje kor realistisk det er at alle store destinasjonar skal kunne levere lading med litt effekt til ei større mengde kundar. Nok ladestasjonar langs veinettet er tilstrekkeleg så lenge ein kan fylle bilen ila. rimeleg tid, og så kjøre til destinasjonen etterpå.
-
Eg trur òg produsentane vil merke det ved at færre kjøper dei største batteripakkane, som er dyrast. Har du 300-500 km som ny bil så vil det fungere fint for dei fleste sjølv med tapt kapasitet innafor normale mengder. For oss i norden er grei ladefart på vinteren vel så viktig.
-
Det er alltid ekspertar som spår noko, men sjeldan dei treff. Spesielt når det blir spådd krakk eller den slags. Nettavisene skal tene pengar og det får dei med overskrifter som genererer klikk.
-
Så var det denne betalingsmuren igjen då.
-
Interessant! Eg trur Tesla leverer med Nokian. Nokon som veit om eg kan be dei levere andre typar eller må eg kjøpe heile vinterhjulpakken utanom?
-
Nytt Super Mario Bros. lover totalt plattformkaos
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Ser ut som han går på såpelagt underlag heile tida. Saknar litt presisjonen frå SMB1 og 3. -
Eg satsar på at dei klarar å levere ein bil som fungerer på vinteren. Me bur litt i høgda og det er ofte værskilje midt i stigninga, så det kan gå frå våt asfalt til is til snø på turen. Med 4X4 på Enyaq-en så er det ikkje krise om bil nr. 2 ikkje kjem seg opp eit par ganger i året. Det er viktigare at ein kjem seg ned heilskinna. Skjæret dei brukar til brøyting her lagar av og til eit veldig hardpakka lag snø som blir glatt som is, og når dei fleste kjører piggfritt blir det polert endå glattare, så det er ein fordel at ein del bilar har piggdekk. Støy blir det, men på vinteren blir det mest småturar i det daglege og skal me langt tar me Enyaq som har piggfritt og mindre støy. I verste fall er det mogleg å skifte dekk. Lengre turar med bil nr. 2 blir mest på sommarhalvåret. Dagleg henting av to små i barnehage er ein grunn til at eg vurderer piggdekk. Kan leve med litt støy for ein tryggare bil. Skal eg på lengre tur aleine brukar eg ofte Airpods med støydemping og musikk, og då blir det ei langt betre oppleving. Det er så mange erfaringar og meiningar der ute, spesielt om Tesla, at ein kan bli tussete. 😄 Kva versjon av M3 er det og dekkdimensjon? Er ikkje dagens MY betre på det området?
-
Eg trur det blir 🚗 TMY SR med piggdekk. Er ein heldig så er bilen ferdigprodusert når du bestiller om dagen, men det kjem an på spesifikasjon.
-
Spørs på utstyrsnivå, men det er vel alt frå 400k til 650k kan eg tenke meg. Det er viktigare med riktig bil enn nokre titusen frå eller til. WLTP er godt innanfor på alle for behovet vårt til bilen, så med det minste batteriet og 2WD er prisane stort sett under 500k, igjen avhengig av utstyrsnivå. Leaf er òg med til vurdering, men om den skal ha N-Connecta og det største batteriet så byrjar prisen å klatre opp ein del og avstanden til dei andre blir kortare. For å unngå å måtte lade for ofte på vinteren så trur eg Leaf med det minste batteriet utgår. Mangel på CCS trekker ned, sjølv om det ikkje er krise. Den er i tillegg ein del mindre i baksetene. Samt at det er ein gammal modell som er pussa litt på. Om pris var eit av dei viktigaste kriteriene så kunne nok Leaf blitt meir aktuell. Ariya WLTP er rundt 400 og 530 i følgje denne tabellen: https://elbilforum.no/index.php?topic=34844.0 Vår Enyaq som har 480-ish WLTP har meir enn nok når det er ladarar over alt. Ein anna pluss til MY er at du får alt utstyret frå lågaste modell. På bZ4X trur eg du må opp på ein av dei dyraste utgåvene for å få 360-kamera som ikkje ser ut som eit webkamera frå 2005.
-
Såg på nokre bilar i dag for ein potensiell bil nr. 2. Sat litt i E-Niro, EV6, Ioniq, Leaf og litt anna, samt prøvekjørte Model Y, Ariya og bZ4x. Komfort: bZ4x var kanskje den som gav best kjøreoppleving mtp. oppsett og dynamikk. Ariya var heilt ok, kanskje litt i mjukaste laget. Model Y i midten. Stivare, men som òg betyr at den heng betre på veien. Vanskeleg å få eit godt inntrykk av setene på 30-60 minutt, men ingen som var spesielt dårlege. Best i bZ4x, så MY og Ariya kanskje. Støy: Det første eg merka i bZ4x. Det var skuffande dårleg isolert og spesielt veistøyen var fæl. MY var betre, men framleis litt mykje etter min smak. Ariya var definitivt best og hadde eit meget behageleg nivå i kupéen. Dekk kan spele inn her, men det var meir enn dekkstøy. Bakseteplass: Eit viktig parameter sidan me skal ha til bakovervendte bilstolar i ein del år. Ariya hadde minst plass og eg trur bZ4x var litt større enn MY. Ingen av dei har veldig god plass om dei i bilstol bak skal ha bra beinplass og førar er over 180 cm, men greit nok. Førarmiljø: I MY er det ein skjerm og noko oppbevaring og ferdig med det. Eg skulle gjerne hatt nokre knappar, men greit nok. Saknar HUD som eg har i Enyaq, ev. skjerm bak rattet. Ikkje så begeistra over at all informasjon er på skjermen. I bZ4x kan ein igjen lure på kva dei har drive med. Ein salig blanding av materialer, kulører og linjer. Pluss for display rett over rattet og knappar, men ein svær og klumpete midtkonsoll. Eit reinare design i Ariya, men ikkje så begeistra for knappar på ulike overflater med haptisk tilbakemelding og knotete i bruk. Igjen går design over funksjon. Eg tar heller skjermen til MY enn knappane til Ariya. Girvelgarane til Ariya og bZ4X er unødvendig knotete. Du må trykke på knappar og vri. I tillegg er dei langt større enn nødvendig. Velgaren til Enyaq er ganske liten og veldig enkel med kun vipping fram og tilbake. Girvelgar i form av spake på rattet i MY er heilt greit, sjølv om eg kanskje heller ville hatt vindusviskarspake der. Infotainment: Alle veit at Tesla er best her, men eg er overraska over kor utdatert Ariya og bZ4X er på dette området. I Ariya ser det ut som ein litt oppdatert versjon av Leaf, men veldig lite minnar om 2023. Det er ein bråte ikon og grafikk som det ser som dei har kasta på skjermen. Grafikk og oppløysing ser delvis ut som ein bil frå tidleg 2000. I bZ4X ser det ut som dei kom på infotainment dagen før bilen gjekk til produksjon. Tekst som er skvist, forkortingar på ord sjølv om det er plass på knappen til heile ordet, nokre innslag av engelsk her og der, responsen er dårleg og det som finnes i menyen er ikkje stort å skryte av. Eg forstår godt at Toyota ser til Tesla, for her har dei gjort ein særs slett jobb. Ingen av dei er drøymebilen, men måtte eg valgt så trur eg det hadde blitt MY > Ariya > bZ4x. Infotainment og bakseteplass er der Ariya tapar for MY. I tillegg har Ariya årleg service til 3500-4000 kroner. Har ikkje nådd noko konklusjon på kva bil det blir endå, men eg kom litt lengre i prosessen.
-
Ser ikkje heilt problemet eg. Det er anbefalingar. Ingen hindrar deg i å ete pølse kvar dag om du vil. Livsstilssjukdomar er eit stort problem i dagens samfunn og kostar oss milliardbeløp, så det skulle berre mangle at det offentlege kom med nokre anbefalingar.
-
Einig. På vanleg vei med feltskifte fungerer det greit, men rundkjøringar var eit irritasjonsmoment. Eg blinkar ofte til venstre når eg skal til venstre, men då blir det mange vipp for å bli ferdig. Først ein for å blinke venstre, så nytt vipp for å stoppe venstreblink, så høgrevipp og endå eit vipp for å stoppe høgreblink fordi den ikkje stoppa av seg sjølv. Her skulle eg mykje heller sett at eit enkelt vipp gav 3-4 blink og slo seg av. I det minste at du kunne velje sjølv korleis det fungerte. Då veit du alltid kva som skjer. I Tesla må bilen forstå at du har gjort det du skal, og det fungerer så som så.
-
Ingen veit. Fasiten får du om eitt år. Det seiast at “Time in the market beats timing the market”, så eg ville kjøpt no. Ei svak krone kan slå negativt ut om den styrker seg igjen framover på kort sikt, men ingen veit kva som skjer med den heller. Mange meiner noko, ingen veit. Eg kjøpte sjølv for eit sjusifra beløp i janaur. Det var heldig mtp. kronekursen, men den kan gå tilbake til januar igjen, og så er det meste av vinsten siste halvåret vekke. Om du studerer historikken til eit globalt indeksfond så er det veldig få tilfelle det har svart seg å avvente med eit kjøp.
-
-
Eller endå betre, ta heile villsvindiskusjonen over i ein relevant tråd? Tilbake til daglegvareprisane.
-
Sniktitt: Shadow Gambit: The Cursed Crew
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Dette var godt å høyre! Eg var òg litt skeptisk til stilen, men med Desperados 3 og Blades of The Shogun i katalogen var eg aldri bekymra for det speltekniske. Apropos Shogun så får du det no til latterlege 44(!) kroner på Steam og Aiko’s Choice til 74.80,-. Gler meg til det blir lansert. -
Veldig små for siger, men to gode rundar kan få han høgt opp.
- 1 025 svar