Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 248
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Greenstation har prisar som følgjer spotpris, pluss det dei treng for å dekke sine utgifter: https://elbil.no/her-kan-du-hurtiglade-til-spotpris/ Den nye stasjonen har kanskje åpningstilbud, for på dei to andre kostar det 5-6 kr/kWh. https://greenstation.no/priser/
  2. Ja, det kan du gjere utan å løyse ut skatt. https://www.skatteetaten.no/person/skatt/hjelp-til-riktig-skatt/aksjer-og-verdipapirer/om/aksjesparekonto-ask/ Normalt veit eg ikkje om du overføre frå din ASK til andre sin ASK, men må då gje ein heil konto i gåve, men ser ut som det går ved skilsmisse. Prat med banken din om korleis det blir gjort i praksis, så du veit at det går riktig føre seg. Poenget med å selge alt først er vel at då endrar ikkje beløpet seg underveis, så kan du heller kjøpe deg inn igjen med din del når ho har fått sitt, om det var planen.
  3. Bilane som har fått 100-150k avslag er stort sett lagerbilar dei vil få ut. Du får stort sett ikkje det ved bestilling av nye bilar. Eg veit ikkje med Europa, men her oppe er det medt premiumsegmentet som har gått kraftig ned. Model Y pøser dei ut om dagen. ID.7 blir ikkje akkurat ein billeg bil.
  4. Ingen veit fordi ingen veit kva som skjer med krona på kort eller lang sikt. Svaret får du om 2-3 år. Det blir spådd i aust og vest dagleg i den bransjen, men dei veit heller ikkje kva som skjer.
  5. Då ville eg høyrt med diverse selskap som opererer offshore kva slags stillingar du kan inneha. Det finnes stillingar som ikkje krever så mykje utdanning, men ein del er nok samtidig utelukka. Eg er elektrikar.
  6. Zeph

    Elbil-tråden

    Alt med måte sjølvsagt, men det er greit å starte med gode dekk. Eg veit ikkje om dei testar brukte dekk, men i denne testen presterer nye budsjettdekk ca. like bra/dårleg som ECO-dekk: https://www.motor.no/tester/dekktest-i-detalj-vat-og-torr-asfalt-rullemotstand-og-stoy/220036 Hadde for øvrig vore interessant å sett ein test av den same dekktypen og brukte dekk. F.eks. eit dekk som er nytt samanlikna med eit likt dekk som er brukt eitt år, to år osv. til seks år. Dei er nok ikkje identiske lengre etter seks år sidan produsentane utviklar dei, men kan gje ei peikepinn.
  7. Zeph

    Elbil-tråden

    Fokus på rekkevidde, utslepp og effektivitet har negative sider òg: https://www.motor.no/bil/eco-dekk-slaktest-i-ny-bremsetest/251745 Eg vil ikkje ofre bremseeigenskapar for rekkevidde og økonomi.
  8. Eg har jobba offshore siste 15 år i eit operatørselskap og trivst veldig godt med både jobb og arbeidstidsordning (2/4). På fritida har eg meir eg vil drive med enn eg har tid til, så det har aldri vore noko problem. Ja, det kræsjar av og til med hendingar på land, men sånn er det og det er ikkje noko eg er plaga med. Opp mot 66% av tida er ein uansett på land, så statistisk sett får du med deg meir enn du går glipp av. Ei god løn og tariffavtalar (for min del) gjer at det ikkje er nødvendig å tenke på å skifte jobb eller arbeidsgjevar for å få opp inntekta. Så sant det framleis er liv laga der ute så kan eg fint ha denne type jobb resten av livet. Eg har spart og investert mykje av inntektene, og er ikkje avhengig av ei høg løn, som gjer at eg takkar meir nei til overtid og arbeid ut over to veker. Det er absolutt store forskjellar i arbeidsoppgåver, arbeidsgjevar osv. offshore. Som tilsett i eit operatørselskap er eg heldig sånn sett og har lite å klaga på. Av kontraktørar på installasjonen så er det tyngre og tøffare arbeid for mange, men dei går ikkje inni skitne tankar kvar tur. Arbeidet som kanskje ligg nærast byggebransjen er isolatørar, som kan ha ganske fine dagar der ute utan å havne oppi for mykje skit og søl. Radiograførane likeså, men det er kanskje behov for meir utdanning i dei stillingane. Det er òg stor forskjell på installasjonane. Du har alt frå gamle installasjonar frå 70-talet til flett nye med ein heilt anna standard. Om du kan få fatt i eit fagbrev innan elektrofag, mekanisk, prosess eller logistikk så er det der du kanskje kan få dei beste jobbane på gulvet. Leiarstillingar er òg eit alternativ, men eg veit ikkje kor lett det er å få tak på sånt utan relevant erfaring offshore. Mange leiarstillingar innehas av personar som har jobba offshore ei stund.
  9. Har du eit budsjett? Det er mange kampanjar og priskutt på nye bilar om dagen, både lagerbilar og bestillingsbilar. Det er moglegheiter for å gjere gode nykjøp og bruktkjøp.
  10. Eh, jo, videoen endrar alt. Det er tredje gang denne saken har tatt ei ny vending, og kvar vending har vore til det verre for Moxnes. Det høyrest ut som ho visste at han dreiv med nasking frå før.
  11. Vanskeleg å sjå føre seg at han framleis har stillinga om nokre dagar. Ein kan lure på om dette var eit eingangstilfelle eller ei. At det finnes personar som bryt lova for eiga vinning i storting og regjering har me lenge visst, så det overraskar ikkje, sjølv om akkurat situasjonen er ganske absurd. Ein ting er kva Rødt gjer, men å behalde han kan umogleg hjelpe partiet med veljarane.
  12. Zeph

    Elbil-tråden

    Nissan reduserer prisen endå meir på Leaf: https://www.elbil24.no/nyheter/priskutt-under-200000-kroner/79737223 Mange leverandørar som har bilar dei vil få ut om dagen. Om du ikkje har så store krav så kan du få mange gode år for ein rimeleg penge med ein Leaf.
  13. Zeph

    Elbil-tråden

    Tesla òg får det til, men ynskjer ikkje å tilby det på enkelte modellar på dette tidspunktet. Musk sa nyleg at han ville få Tesla inn i India ASAP, så kanskje det kan føre til produksjonslinjer der dei tar opp igjen S/X med høgreratt.
  14. Zeph

    Elbil-tråden

    Har du lese artikkelen? 1. Tesla bestemte seg for å slutte produksjon av S og X med høgreratt pga. lite omsetning. Dette handlar om pengar og optimalisering, ikkje at det er vanskeleg å produsere bilar med høgreratt. 2. Dei som hadde bestilt bil med høgreratt fekk fleire alternativ: a. Kansellere ordren. b. Bytte til Model Y eller 3 med høgreratt og få 2000 GBP i Tesla-kreditt. Så vidt eg forstår kan du bruke den til å betale Tesla-greier med. Veit ikkje om dei kunne trekke det rett frå prisen av ein MY eller M3. c. Få bilen, men med venstreratt. Dei som valgte c. fekk denne klypa for å få det litt enklare, men det er nok meint mest som eit humoristisk innslag. Det mest negative her er at dei som hadde bestilt bil med høgreratt ikkje fekk den. Dei som likevel valgte venstreratt og fekk klypa har gjort eit val om å få bil med rattet på feil side.
  15. Zeph

    Elbil-tråden

    Sto ikkje noko om kor lenge bestillingane som vart påverka hadde vore inne. Enkelte på Twitter påstår dei vart påtvungen bil med rattet på feil side og denne klypa, men det er feil.
  16. Zeph

    Elbil-tråden

    Kva del av saken siktar du til?
  17. Alt spenningssatt utstyr kan forårsake jordfeil sjølv om det ikkje er påslått. Dvs. det har spenning på ein termostat, lysbrytar, kun spenning på ein fase osv.
  18. Skal du finne ein liten jordfeil må du ha isolasjonstester. Ring elektriker.
  19. Eg ser for meg at det er mogleg å ta med eit brillepar i farten, men å ikkje gå tilbake fordi han er redd for kva dei vil tru er ekstremt tynn. No tenker i alle fall alle noko om han. Det er ein ærleg sak å gjere feil, men å ikkje gå tilbake når han oppdagar feilen, det er der tjuveri med forsett kjem inn. Ser ikkje veldig bra ut for Moxnes denne saken her. Eg er for øvrig einig i at påstanden TS tar opp i førstepost høyrest snodig ut. Feil kan skje, men det er juss, og der må meir informerte hovud avklara. Som lekbrukar verkar det som ei merkeleg tolking.
  20. Kva type arbeid ser du for deg å kunne drive med?
  21. Zeph

    Elbil-tråden

    Fantombremsing oppstår vel ved bruk av CC òg, der bilen ikkje følgjer noko fartsgrense? Så tilfeller der kart og terreng er litt på avveie bør vel ikkje vere noko problem då? At det skjer når bilen justerer hastigheit etter skilt eller kart forstår eg. Eg har ikkje kjørt så mykje Tesla eller opplevd det, så det vil vise seg, men er nok avhengig av kva type veier ein typisk kjører på. Nokon er veldig plaga med det og andre veldig lite.
  22. Zeph

    Elbil-tråden

    Det er ikkje så stort behov for ACC i det daglege, og om fantombremsing skjer hyppig nok så blir det nok endå mindre brukt.
  23. Det er snakk om hundrelappar sidan enkelte bankar har ein prosent eller to innskotsrente på brukskonto, samt at DNB har gebyr på debitkort. Eg har ikkje noko imot det når resten fungerer så bra. Me kunne nok spart meir på å bruke diverse kredittkort, men eg har drive med det før og orkar ikkje. Pengane går stort sett til daglegvarebutikkar der me har kundeprogram, så det blir ikkje enorme summar der heller.
  24. Takk for tips om Curve, skal sjekke det ut. @Runar Det er eit alternativ ja, men grunnen til at eg har DNB er at eg er veldig nøgd med det banken tilbyr. Apple Pay er ein liten detalj som manglar. Eg skal sjekke kva andre bankar som støttar Apple Pay og vurdere det. Me har pdd. ikkje lån, så det er lite økonomisk insentiv for å bytte vekk frå noko som fungerer bra.
  25. Zeph

    Elbil-tråden

    RWD ja. Det vil vise seg korleis den er på vinterføre. Me har litt bakkar å kjøre i, men det er ikkje så ofte det er eit problem. Elektronikken er ganske bra i dagens bilar, men ikkje like bra som AWD sjølvsagt. Med AWD på den andre bilen så er det greit. Sparar ~100k på å velge vekk AWD. Kjem kanskje til å ha piggdekk på bilen òg. Såg eit tips i ein anna tråd om eit piggdekk som hadde ganske akseptabelt støynivå, på bekostning av litt andre eigenskapar. Eg veit at folk får BYD-batteri med SR i dagens bilar, men om det er mest standardfargar eller ei veit eg ikkje. Dei blir vel produsert i Berlin uansett? Hadde vore greit med BYD og alltid lade til 100%, men ingen krise for bruken den er tiltenkt. Snowleopard har vel forklart det, men den har visst Basic Autopilot ja, så kan du oppgradere til Enhanced. Enhanced har automatisk filskifte, kan kjøre av og på motorvei og diverse anna. Det står på nettsidene om du konfigurerer og trykker på “Se spesifikasjoner”. Så lenge den har ACC så er det nok for min del. Legg ved bilete av Red Multi-Coat som du får på SR og Midnight Cherry Red som du får på LR. Cherry er fin den òg, men litt mørk synest eg.
×
×
  • Opprett ny...