-
Innlegg
44 535 -
Ble med
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Zeph
-
Det er tusenlappar å spare på utgåande modell, men det der er jo ein bruktbil som i tillegg har gått 1200 km som demobil. Kan vere eit år gammal for den del, så då skal prisen vere lågare.
-
Som med mobiltelefonar burde det vore påbud om å designe bilen så deler kan skiftast utan dei ekstreme summane. Sånt er forbrukar- og miljøfiendtleg, for å kunne selge fleire bilar.
-
Eg har globalt indeksfond basert på historikk og anbefalingar frå folk som har langt meir peiling enn meg. Eg verken spår eller trur noko som helst om kort framtid mtp. kvar ein bør investere, berre fortset som før. Håpet er sjølvsagt at verda skal koma seg gjennom desse krisene òg utan at aksjemarknaden får seg ein større knekk, men det er det ingen garantiar for. Siktet er uansett på 10+ år framover i tid, ikkje morgondagen.
-
Eg trudde du hadde blitt meir fornuftig med bilkjøpene dine som du skreiv for ei tid tilbake, men det spørs når dei no kjem med oppgradert S og X. https://www.tek.no/nyheter/nyhet/i/4BQ6k9/tesla-bekrefter-oppgradering-av-model-s-og-x-senere-i-aar
-
Helsprøtt pek-og-klikk-eventyr fra norske utviklere
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Hehe, digger alt med den traileren. Ser ikkje ut som det er så langt vekke heller: -
Kina produserer jo det meste her i verda, så at dei klarar å produsere kvalitetsbilar er vel ingen i tvil om, men det er fullstendig uaktuelt å kjøpe likevel.
-
Det verkar for søkt at han skal rote med gjelda på den måten. At det kan koma eit krakk denne perioden pga. Trump er ikkje usannsynleg, men både for han og gjengen hans er pengane viktig. Eit krakk er samtidig ei god anledning for milliardærkretsen å bli endå rikare. Ein ting som er heilt sikkert er at han slenger rundt seg med påstandar og idéar som manglar fullstendig fotfeste, så du veit aldri kva saker han faktisk gjer noko med. Eg er meir bekymra for verdspolitikken, Russland og samarbeidet med USA enn at sparepengane forsvinn. Mange småspararar får kjent på nervene i desse dagar. Som alltid er det ingen som kjenner morgondagen. Har du pengar i fond og aksjar må du uansett vere førebudd på at verdien kan bli halvert i lang tid.
-
Avfølg dei på FB så du ikkje får det opp. Det er ikkje nok tid her i livet til å kaste vekk på sånt. Moro at dei nedover i artikkelen drar fram at det er det totale karbonavtrykket til eigarar av elbilar som er problematisk.
-
Ja, det er greit, men er det noko praktisk forskjell om du har 60% lån på ein bustad, øker til 80%, og å ha tilsvarande sum ståande i fond mens du tar opp eit 80%-lån?
-
I praksis gjer mange det ved å ha både lån og formue i fond og/eller aksjar samtidig. Skal ein følje den tankegangen heilt ut så burde du ikkje spare ei krone før du har betalt ned alt av lån.
-
Snakker om sola. Toyota skal snart vise ein ny elbil. https://www.motor.no/aktuelt/toyota-teaser-ny-coupe-elbil/306906
-
Ein god avtale så lenge du kan unngå den høge renta etter tre år, men den slags tilbod er stort sett teikn på for få solgte bilar. Med sitt veldig snevre elbiltilbod og problemene med bZ4X må dei gjere tiltak for å få solgt meir. Urban Cruiser kan hjelpe på. Dei bør ha lært masse av bZ4X og luka ut på den, men det er ein ganske liten bil. Ein oppdatert bZ4X hadde nok fått fart på ting. Eg vurderer faktisk ein bZ4X, men det måtte blitt brukt. Ny er alt for dyr for det du får, men den hadde eit verditap på 32% første året iht. Dagbladet, så det hjelper på.
-
Registreringsdato. OFV skriv alltid “registrert”, ikkje “solgt”. Om ein bil var bestilt eit år før registreringsdatoen eller dagen før veit me ikkje. Kun kor mange som vart registrert. https://ofv.no/bilsalget/bilsalget-i-januar-2025
-
Forsikringsprisar varierer mykje, så den einaste måten å finne det beste tilbodet (ikkje nødvendigvis det billegaste) er å spørje alle. Har du medlemsskap i eit eller anna som gjev rabatt kan det hjelpe, men ikkje alltid. Får du kontakt med eit menneske så kan to personar i same bedrift gje to ulike tilbod, så noko flaks er det òg. Har du nok forsikringar for å kvalifisere til samlerabatt så kan det hjelpe, men igjen ikkje noko garanti. Frå selskapet sitt perspektiv er det alltid eit mål om at du betalar så mykje som mogleg. Får du ein god pris så hugs å sjekk når den blir fornya, kvart år. Dei kan fint heve prisen til over konkurrentane etter eit år. Då er det ny runde. Negative opplevingar kan gjere at du unngår enkelte selskap, men bruk gjerne databaser som Bytt.no i tillegg. Generelt er statistikk meir tunktvegande enn enkelttilfelle for min del. Årsaken til at ein har dårleg erfaring kan vere på grunn av ein enkelt person som var involvert, utan at det treng vere systematisk for selskapet. https://www.bytt.no/forsikring/bilforsikring
-
Det er eit risikoprosjekt som potensielt kan bli ganske dyrt. Har du planar om å skru på den sjølv?
-
Eg har null problem med å forstå at ein nabo ikkje oppsøker ein fest kl. 4 på natta, der det garantert er alkohol involvert. Den som klaga kan ha vore ein eldre person. Har du ikkje signert leigekontrakt der det står noko om husleigeloven? Loven er for øvrig gyldig utan kontrakt. På ein fest, spesielt med alkohol involvert, så er det ikkje lett å vite kva støy som er sjenerande. I blokker kan lyd bære veldig godt, og om du ligg vegg-i-vegg, men ikkje får sove pga. støy så er det festdeltakarane sitt problem. Sjølv normal prating, kanskje litt høgare enn normalt, kan vere nok. Eg har budd i tre blokker i livet og har god erfaring med støy. Jussen rundt fakturaen må nokon med kunnskap om emnet uttale seg om.
- 90 svar
-
- 7
-
-
https://www.motor.no/aktuelt/bremsestov-kan-vaere-mer-skadelig-enn-dieseleksos/305951 Nok ein positiv bi-effekt av elbilar som i aukande grad bruker regenerering som brems og reduserer bruk av bremsane.
-
Legg ut skjermskot frå forsikringsvilkåra. Enten har du ein god pris på den delen, eller så har du misforstått noko i teksten.
-
-
At ikkje alt er forklart er ein stor del av FS sine spel. Dei vil at du skal tenke, lese beskrivelser og lage dine eigne teoriar. Det fungerer dårleg som film eller serie, så ein adapsjon måtte ha forklart meir eller laga sitt eige univers som speglar spelet, litt som dei har gjort med Nightreign. Utan all mystikken, usvarte spørsmål og manglande detaljar ville ein stor del av tilhengarsamfunnet forsvunne.
-
Kollektive avtaler på fiber og TV er en flopp
Zeph svarte på Trulss sitt emne i Bredbånd og andre internett-tilkoblinger
@Salvesen. 378,- kroner for internett er dyrt? Kva univers lev du i og kva meiner du det bør koste?- 10 svar
-
- 3
-
-
Ta det av og sett på Toyota-logoen, så er det litt mindre fare for hærverk. 🎉 Kom over denne på elbilforumet:
-
Om du kjøper billige Kina-dekk i staden for Hakka, Goodyear osv. blir det sjølvsagt ein del å spare, men det er i alle fall ikkje dekkene eg sparer penger på. Der kjøper eg alltid blant dei beste i tester.