Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 559
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Rockstar har teikna bilane sjølve og dei er ikkje heilt like. I tillegg konkurrerer dei ikkje med bilmerkene på spelmarknaden.
  2. Norsk indeksfond får du til ~0,20% andre stader. Eg meiner dei nordiske indeksfonda var billegare enn globale før, men ser ut som det ligg rundt 0,20% på alle no.
  3. Når media skriv om det og du skriv om det her inne så fungerer taktikken.
  4. Media burde slutte å bruke ordet "feil" i desse sakene. Kjelde: NRK dagsnytt 19:00, 22.01.24. Å kopiere tekst frå andre masteroppgåver inn i di oppgåve er er juks. Å bruke ein fiktiv leigekontrakt for å unngå skatt er skattesvindel. Feil kan gjerast av alle, med dei beste intensjonar, men det er ikkje tilfelle i mange av sakene. Er vel berre å gratulere Erna med statsministerstillinga neste år. Sjølv etter runddansen med Sindre kjem ho sikkert betre ut av dette enn Støre.
  5. Zeph

    Elbil-tråden

    Om det er dårleg optimalisert så kan forbruket vere høgare enn maskinvaren skulle tilseie.
  6. Zeph

    Elbil-tråden

    Det er vel datamaskina som først og fremst brukar straumen. Ei forklaring i følgje ein på Reddit er at Sentry Mode vart implementert etter at bilen var designet og at det difor er ein modus som maskin- og programvare ikkje er optimalisert for mtp. straumforbruk: https://www.reddit.com/r/TeslaModelY/comments/iwz6g3/why_does_sentry_mode_use_so_much_battery/ Det er nokre år sidan Sentry Mode dukka opp så dei kunne kanskje gjort noko med dette om dei ville på dagens modellar.
  7. Privatlån er eit alternativ. Eg lånte 150k til ein kamerat for nokre år sidan for at han skulle få kjøpt noko i Oslo. Begge tar ein risiko med sånt, spesielt den som låner ut, men det finnes mange folk der ute som dette kan gå fint med. Du kan risikere at det blir ein konflikt av det på sikt, men om dei har nedbetalt bustad til 5-6 millionar så skal det ein del til for at han akutt får bruk for pengane. Sørg i alle fall for å ha ein god, skriftleg avtale og betal gjerne ned hans del så fort du kan for å korte ned tida. Du kan òg vurdere å ta banklånet avdragsfritt ein periode og prioritere privatlånet. Me kjenner verken deg eller kameraten, så de må finne ut av om det er ei løysing sjølve.
  8. Eg har nyleg flytta det meste over frå Hotmail til Gmail pga. dei enorme mengdene spam og phishing. Veit ikkje om eg kan kvitte meg heilt med Hotmail-kontoen sidan den er knytt mot lisenser og litt sånt, men så lenge eg slepp bruke den dagleg og irritere meg over søppelpostmappa med 345 e-postar, der det kanskje er ein av dei som eg faktisk vil ha, så er det greit. Gmail har kanskje betre filter for spam enn Hotmail, men eg har hatt den Hotmail-kontoen sidan 90-talet og lagt den igjen både her og der over 25+ år.
  9. Eg har aldri høyrt om dette før, men på jobb i dag var det snakk om at Ozempic var det store i ein avdeling og folk hadde fått tak gjennom bekjente leger i sjølv om dei ikkje kvalifiserte til det. Då er det snakk om slankemiddel, ikkje fordi dei har diabetes.
  10. Basert på hennar framtredene i saker som minister så er eg ikkje veldig overraska. Ikkje lenge sidan Kjerkol var gjest i NPN heller, og ho har fått gjennomgå ein del som minister. Dette serverer Borch og Kjerkol NPN-redaksjonen på eit sølvfat.
  11. Store lån som privatperson er vanlegvis til bustad eller kjøretøy der bankane i stor grad er sikra med verdien i bustaden eller kjøretøyet. Kan du ikkje betale tilbake lånet så objektet lånet er sikra i bli tvangssolgt for at dei skal få pengane tilbake. Er det ikkje nok til å dekke det du skuldar så er avsnittet under neste steg. Er det snakk om eit usikra lån så går det til inkasso eller namsmannen som kan føre til at dei kjem og tar det du eig. Har du inntekt så vil dei ta delar av den så lenge du framleis skuldar dei pengar. Eit usikra lån har gjerne høg rente, og betalar du ikkje rente så blir lånet berre større og større. Du kan ende opp som gjeldsslave i årevis eller resten av livet.
  12. Zeph

    La bilen stå

    Kva lokalavis og kvar i landet? Var det dei første 15 cm denne vinteren?
  13. Du får DNB sin nettbank, du mistar den ikkje.
  14. Zeph

    Tesla - kaféen

    La bilen stå under åpen himmel ei natt med minusgrader og test neste dag, men skru på kun varmen i ruta bak. Skrur du på heile klimaanlegget så vil fort kupévarmen ta heile jobben.
  15. Zeph

    La bilen stå

    10-15 cm i tillegg til all snøen som kom før det. Samfunnet bryt ikkje saman, men når det kjem store mengder snø i områder som ikkje er vane med det så kan det bli litt kaos i nokre dagar, men det meste går seg til. Eg ser ikkje problem med å be bilistar la bilen stå når det er utfordrande kjøreforhold og mannskapet som skal halde veiane kjørbare ikkje rekk over alt.
  16. Zeph

    Elbil-tråden

    Heile marknaden blir nok påverka ja. Det har jo vore avslag på dei fleste bilane i det segmentet, men dei fleste har vel hatt midlertidige kampanjar? Tesla skrudde prisane kraftig ned og har nær sagt haldt dei der, med litt opp og ned underveis. Konkurrentane har prisar på nye bilar som er høgare i dag enn i 2023. Kan vel ikkje vere så mange andre nye bilar som er så mykje billegare som MY/M3 i dag samanlikna med 2022.
  17. Kredittkort er ein av dei siste utveiane og bør brukast med omsyn, men sjølv med høg rente så blir det ikkje så ekstremt dyrt på eit mindre beløp. Låner du 15 000 til 20% rente og betalar det ned på eitt år så har det kosta deg 1600 kroner ekstra.
  18. Zeph

    Elbil-tråden

    Lite gunstig òg for dei som kjøpte Tesla i 2022 eller før og vil selge den etter 2-4 år. Dei som kjøpte med leasingavtale etter priskuttet i 2023 kan ha fått ein veldig god pris om det ikkje blir store hevingar dei neste par åra.
  19. 1. Avdrag er ikkje ei utgift, men du kan ikkje trekke frå renter heller. Du få 22% frådrag for rentene i seg sjølv, men dei kan ikkje medreknast som kostnad for utleige. Dette er òg tilfelle for fellesgjeld. Om avdrag og renter på fellesgjeld er ein del av husleiga skal det trekkast frå den summen. Om du likevel skulle ende opp med underskot så kan du få frådrag for det. Eventuelt overskot må du skatte for. 2. Vedlikehald kan du få frådrag for, sjølv om du har gjort det med eiga innsats, men oppgradering/påkosting kan ikkje førast som kostnad. Les meir her: https://www.skatteetaten.no/person/skatt/hjelp-til-riktig-skatt/bolig-og-eiendeler/bolig-eiendom-tomt/utleie/
  20. Du kan filtrere vekk dei som ikkje er aktuelle. Her er filter med kun “Innskuddskonto uten begrensninger”:
  21. Zeph

    Elbil-tråden

    Ja, du må sjølvsagt finne riktig spesifikasjon. Sjekk kvar dag så dukker det nok opp til slutt. Den største fella er kanskje at den ikkje har hengerfeste, men eg går ut frå at folk er i stand til å finne ut kva farge interiøret har. Du kan filtrere på akkurat det du vil ha.
  22. Kva vil du diskutere? Skal medlemmene på diskusjon.no vurdere om Breivik har Aspergers syndrom?
  23. Eg har buffer på ein eigen konto. Konto med lønnsinngang og alle utgifter går gjerne ned mot null sidan eg ikkje vil ha meir enn nødvendig til faste utgifter ståande der.
  24. https://www.nrk.no/stor-oslo/unibuss-tar-grep-for-a-bedre-rekkevidden-pa-elbussene-i-kulda-1.16722337 Det hadde vore interessant å sett dei faktiske tala som det er snakk om og samanlikna dei med dagens tilstand. Har ikkje bussane regenerering i utgangspunktet altså. I ein personbil er det ikkje all verden du regenererer, men med ein tung buss og hovudstad med mykje nedoverbakkar så kan det vel ikkje skade. Eg har ikkje kjørt så veldig mykje elbuss, men om dei kjører likt som dieselbussane så er det mykje pådrag og bremsing. Er dei tunge på wattpedalen så blir det fort eit høgt forbruk. Skulle gjerne sett forbruket på bussane ved ulike temperaturar. Korleis bussane blir kjørt er kanskje den faktoren som er mest vanskeleg å forutsjå under bestilling. Å redusere temperaturen og kanskje tida dørene er åpne vil hjelpe. Dei fleste som går ute er godt innpakka uansett, så det kan nok gå greit.
  25. Du kan få ulike tilbod i ulike bankar. At ein bank gjev ein viss sum i lån betyr ikkje at alle andre gjer det. Lånet kan òg ha blitt inngått på eit tidspunkt der inntekta var høgare eller renta lågare. Du kan sjølvsagt spørje dei kva du maksimalt kan få i lån.
×
×
  • Opprett ny...