Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 841
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. EU-loven om at du skal kunne reparere ting sjølv trer vel ikkje i kraft før om nokre år. Eg lurer på kor godt den går i lag med stadig tynnare telefonar.
  2. Siste gruppe går ut 20:21 i dag, 1 time og 15 minutt tidlegare enn i går i tilfelle det blir playoff, men det blir vel framleis 1:30-ish i natt før dei er mål, utan playoff.
  3. Teit at dei slår ut så seint. Eg sit ikkje oppe til langt på natt, så slutten får eg heller sjå i morgon føremiddag.
  4. Eg er spent på løftet hans om å ikkje klippe seg før SBanken er tilbake på topp av listene. Berre det at DNB har overtatt er grunn nok til at det neppe vil skje.
  5. Nok ein major med MC. Mikkelsen på Viaplay/Viasat gjer ein god jobb han, men dei kunne spandert på seg ein nummer to, i alle fall på ein major. Det blir mange stunder utan kommentarar. I går måtte han ut for å kjøpe Pepsi Max midt i sendinga. Det får betre flyt med to personar som diskuterer. Discovery/Eurosport er framleis dei beste.
  6. Det var vel første gang? Om du startar ein ny NG for å spele DLC så brukar du neppe like lang tid igjen. Moghwyn Palace er skalert for endgame og noko dei fleste ikkje prøver seg på før dei nærmar seg slutten på spelet, sannsynlegvis fordi DLC-en fortsetter der endgame slapp mtp. skalering.
  7. Finnes det gode alternativ som blir brukt, om ein ser vekk frå SoMe-kanalane som IG og TikTok?
  8. Me betalar vel 850-ish for kun internett over fiber. Eg tar heller det enn å spare 160 kroner for 100 Mbps Telia-abonnement. Hadde prisane vore under 500 kr så ville det blitt meir interessant, for me kunne nok klart oss fint med noko mellom 50-100 Mbps.
  9. Med ein plan og ev. litt cheese så kan du slå Mogh og Radahn på langt kortare tid enn 80 timar, om målet er å få tilgang til DLC-en utan å ha fullført så mykje av spelet eller med veldig lågt nivå på karakteren. Ri rett til Radahn, fullfør Varré's oppdrag og ri til Mogh. Det kan vere historiegrunnar til at du må ha slått Radahn og Mogh, evenuelt kombinert med at dei vil tvinge spelarar flest å ha sterk nok karakter og våpen til å klare DLC-en. Dei som med RL1-løp klarar seg fint uansett.
  10. Greenene er ekstremt vanskelege visstnok, så han bør ha kontroll på nærspel og putting. Basert på den siste perioden er han absolutt ein kandidat.
  11. Når dei rikaste i verda satsar, kan det faktisk bli noko av det. Musk satsa på elbil, og om Gates får dette til å fungere så er det håp. Kanskje det kan motivere fleire som er søkkrike til å tenke på dei neste generasjonane. Dei får ikkje noko med seg i grava, men i den grad det betyr noko kan dei i det minste få eit godt ettermæle. Gates har allerie eit godt ettermæle pga. sitt filantropiske arbeid, uansett om enkelte trur det var 5G-brikker i Covid-vaksina. Veldig interessant at dei kan nytte avfallet til tradisjonelle reaktorar, som har vore eit stort ankepunkt for mange.
  12. Hadde du klart deg fint i ein DLC med heilt ny karakter så ville det blitt mange misnøgde fans der ute. Det er ein kjempeanledning til å bruke endgame-våpen og alt anna du har sanka underveis.
  13. Basert på Reddit-brukarar er ikkje NG+ så veldig forskjellig, men du har vel sett korleis det skalerer så langt. Med eit høgt nivå på karakteren og fullt oppgradert våpen er det mindre å hente på å nå eit endå høgare nivå og du er meir enn godt nok oppgradert til å runde både hovedspel og DLC. Kjør på med NG+. Kanskje med unntak av nokre få sjefskampar går det nok heilt greit. Skulle du få store problem med ein og ikkje vil bruke timevis på å lære kampen så kan du alltids endre builden til noko som fungerer betre. Ashes er òg eit hjelpemiddel som gjer kampane langt enklare. Om du er halvveis i NG+ er kanskje Radahn og Mogh allereie slått. Om ikkje er begge lett tilgjengeleg. Litt av poenget med at du skal ha slått Radahn og Mogh er kanskje at karakteren din skal ha fått sjansen til å bli oppgradert nok til å fungere greit med skaleringa i DLC-en. Å starte ein ny NG rett på Shadow of The Erdtree er nok vanskelegare enn ein fullt oppgradert karakter i NG+.
  14. Det overraskar nok ingen. Som med alle andre spel på Steam er det ein stor andel som sluttar før dei er komne spesielt langt. Som i tidlegare spel satsar eg på at ein ferdig oppgrader karakter fungerer. Er den for sterk kan ein alltids justere det med å endre nivåpoengsfordeling eller våpenoppgradering.
  15. Det er sant, men å bruke avvikene på PGA-turen er uansett ikkje nyttig. Sjå heller på kva fleirtalet driv med. Fleire profesjonelle spelarar med ukonvensjonelle svingar har ikkje korrigert det fordi det fungerer for dei, men ingen vil anbefale å svinge som Jim Furyk. Finau og Keegan får det til å fungere, men den oppstillinga er ikkje noko å trakte etter. Dei har kanskje blitt gode med den oppstillinga og ikkje turt å gjere noko med det seinare. Om noko ville eg heller hatt bein som er nærare heilt rett enn så mykje bøy. Fleirtalet har midten av hoftene ca. over ankelen ein stad, ikkje bak leggen, 33-40° vinkel på ryggen, ikkje for mykje bøy i knea og armane hengande -2 til +5 grader. Høgde, armlengde, køllelengde og personleg stil vil påvirke det litt. Mykje god info her: https://thesandtrap.com/forums/topic/106708-addresssetup-numbers-challenge/
  16. At den blir hacket er ein ting, men om dei av den grunn skulle få tilgang til sensitiv informasjon hadde vore endå verre. Eg håpar ein minister har vett nok til å ikkje bruke FB til sånt.
  17. Med nokre enkle mål av høgde, til håndledd osv. bør du kunne finne eit estimat på riktig lengde. Skaft flex er veldig individuelt, avhengig av styrke og svinghastigheit. Eg ville heller brukt pengar på å finne nokre få køller som passar enn å kjøpe eit stort sett. Gjerne hybrid på lengre køller i staden for lange jern. Ein nybyrjar kan gjerne slå 7i, 6i og 5i like langt og kan heller då slå kun 7i for å bli betre med den. Med riktig lengde, riktig flex og lettspelte køller er du godt på vei. Det er og ein del på Finn om du finn noko som passar. Det er sjølvsagt mykje å lære som ny. Om ho likar det og vil spele ein del så er ein protime og to å anbefale. I første omgang er det veldig viktig å få på plass riktig grep og oppstilling. I dag finnes det òg gode digitale alternativ som ikkje kostar skjorta. Bommar ein der så blir alt anna så mykje verre og å fikse på svingen med feil oppstilling kan gjere vondt verre. Mange undervurderer kor viktig dei to elementene er. Det fine med grep og oppstilling er at det skjer før svingen startar, så det er enklare å justere og passe på å få det riktig kvart slag. Langt enklare enn å jobbe med andre element. Står du for langt frå ballen, for mykje framoverbøygd og med eit dårleg grep i håndflatene så har du oppskrifta på dårlege slag.
  18. Indeksfond er aksjefond. Kva er tidshorisonten og kan du få bruk for midlane på kort tid? Kjøper du eit globalt indeksfond bør du ha minst 5-10 års tidshorisont, vere klar over at verdien kan bli halvert på kort tid og at det kan ta årevis før den er tilbake der den var. Det skjer relativt sjeldan, men risikoen er der.
  19. Det er stor forskjell på støv og mugg. Støv er heilt normalt og vil alltid legge seg på ventilar sidan luft går inn og ut av bustaden der. Mugg er teikn på dårleg luftsirkulasjon og for høg luftfuktigheit, ofte pga. ventilar som er stengt. Er ventilar ellers i huset/bustaden åpne? Korleis ser dei ut? Om du får åpna ventilen meir så ser du kva som er inni der. Mistenker du mugg så ta bilete før du fjernar det.
  20. AW2 fenga meg ikkje heilt, men eg kjem vel til å kjøpe dette når prisen er gått ned. Ser ut som dei går endå meir i retning humor med denne pakken.
  21. Sjekk kva rente du har, men det er neppe spesielt lågt, så du bør uansett prioritere å betale ned heile lånet. Forbrukslån kan ha rente på 10-30%. Det første dei startar med i Luksusfellen er å få oversikt over lån og betale ned eller kvitte seg med forbrukslån så fort som mogleg.
  22. Eg har runda det meste frå From frå Demon’s Souls til Sekiro utan summons eller anna. Hadde eg vore 10-15 år yngre ville eg nok kjørt på med Elden Ring og lagt ned timane for å slå Malenia på same vis, men eg har ikkje like mykje tid lengre, så etter ei stund med prøving og feiling vart det bruk av ashes der. Elden Ring lar deg i større grad enn tidlegare spel gjere det enklare med summons, så eg har ikkje så store problem med det. Akkurat Waterfowl Dance er spesielt irriterande sidan den har så mange angrep og er vanskeleg å unngå, så eg forstår frustrasjonen til mange. Eg fullførte ER etter 170 timar, men det var i overkant langt synest eg. For min del fungerer den semi-lineære stilen til forgjengarane betre. Det blir mykje riding og farting i ER.
  23. Sjølv om det er lov så er det framleis ikkje anbefalt å kjøre vinterdekk på sommaren, uansett tilstand. Vinterdekk er mjukare og laga for optimal bruk i kulde, på snø og is. Jo høgare temperatur jo verre, og våt veibane er heller ikkje heldig.
  24. Om du har 1m i aksjar eller fond så er likningsverdien 800k, altså 20% rabatt. Innskot (konto) har ikkje rabatt. Har du td. 1m i aksjefond og 900k på høgrentekonto så har du ei formue på 1,9m, men pga. rabatten på fondet så er likningsverdien på fondet 800k, den totale likningsverdien 1,7m og du må ikkje betale formuesskatt.
  25. Zeph

    Tesla - kaféen

    Om komfort er viktig så ville eg ikkje valgt P, men alle har ulike komfortpreferansar. 21”-felgane kan kanskje bytast ut, men er den ikkje meir sportsleg på andre vis òg? Lågare og stivare.
×
×
  • Opprett ny...